Vinteren 1964 starta Elfrid Sæter jentespeidararbeid i Ulstein. Sæter var no tilsett som sekretær i Sunnmøre krins av Norges kristelege ungdomsforbund. Det var på ein av fridagane sine at ho styrte med jentespeidarane. Julefesten ved Sunnmøre Ungdomsskule (snart Sunnmøre Folkehøgskule) vart i 1967 halden i nye lokale og samla mange hundre menneske. Nybygget vart vigsla i mars 1968 samtidig som skulen markerte 60-årsjubileum.
I april 1968 høgtida Musikklaget Ulf 75-årsjubileum. Det var legendariske Hans B. Osnes som stod i brodden for tiltaket og var den første dirigenten av korpset som i starten talde seks mann. Etterpå kom Enok Hasund inn som dirigent; han hadde lært seg notar og var ein god musikar. Av seinare dirigentar nemner vi Carsten Ottesen, Karl Alme, Leif Saunes, Bård Larsen, og i jubileumsåret Toralf Gjerde.
I juni 1968 var det eit finsk-norsk songartreff i Ulsteinvik. Pargas Mannskor kom til bygda inviterte av Ulstein mannskor og kommunen. Dette vart innleiinga på eit lengre samarbeid mellom Ulstein og Pargas – som vennskapskommunar og med utveksling av offisielle gjester i åra framover.
I mars 1969 var det stor bygdefest i Vonheim på Flø, kjend for den gode akustikken. Bygdefolket var no i gang med å samle inn pengar for å gi samlingshuset eit lyft.
Til 1. mai-markeringa på Ulstein samfunnshus i 1969 hadde arrangørane skaffa seg eit storfint besøk. Landsfader, mangeårig statsminister og noverande stortingsmann Einar Gerhardsen (A), som hadde fylt 72 år, heldt tale og samla mykje folk.
Den siste 17. mai-en på 1960-talet vart feira i tråd med tradisjonen i Ulstein, sjølv om vêret denne gongen var surt og kaldt. Feiringa tok til med salutt klokka sju, og ein time seinare starta paraden med flaggborg, der også Ulf og speidarane tok del. Halvannan time seinare starta barnetoget frå Haldeplassen med Ulf i spissen. Skulekorpset og borna frå Ulstein skule slutta seg til på Reiten. Toget gjekk så ruta Saunesbrua, Kvileheimen og tilbake til kyrkja med den tradisjonelle kransinga av minnesteinane. Vikebladet fortel om ein gripande og fin tale ved John O. Ulstein. Så var det gudsteneste i ei full kyrkje med sokneprest Bjørlykke og organist Hallbjørg Hop – og med musikk av skulekorpset under leiing av Bård Larsen. Folketoget starta klokka halv tre, og festtalen ved utefesten var ved skulestyrar Oddmund Indreeide frå Stranda (han flytta seinare tilbake til Ulstein). Elles deltok mellom andre Ulf (Toralf Gjerde), Ulstein blandakor (Birger Ulstein), medan Arild Myklebust leia samkoma. Deretter var det idrettsleikar på skuleplassen og til slutt festmøte i kyrkja klokka 18.30, med tale av Svein Ulstein, og så folkefest på samfunnshuset klokka 20.30.