Det internasjonale biletet som rammar inn 1960-talet, er prega av kald krig og frykt for atomkrig. Sovjetrussarane går inn i 10-året med eit forsprang med omsyn til romfart; Gagarin blir første menneske i verdsrommet då han blir send i veg 12. april 1961. Men amerikanarane vinn kappløpet mot månen: Den 20. juli 1969 gjekk mennesket for første gong på månen. Mellom merkesteinane elles er drapet på president Kennedy, opptrappinga av Vietnam-krigen og ungdomsopprøret i 1968. Det siste førte til radikalisering også lokalt, men kanskje for alvor først etter 1970.

Nasjonalt ebba 1950-åra ut med økonomisk optimisme og tru på materiell vokster i det nye tiåret. Rasjonering og detaljregulering høyrde fortida til. Du kunne jamvel snart kjøpe bilar utan spesiell grunn. Ei overflod av forbruksvarer frå inn- og utland gjorde sitt inntog i butikkane. Atterslaget i norsk økonomi 1958 var overvunne, alle tal peikte oppover. Media hadde alt døypt framtida for «dei gylne sekstiåra». Landet var på full fart mot ein utdanningsrevolusjon. I 1960 arbeidde 42.000 lærarar i den norske skulen. Ti år seinare hadde talet auka med over 30.000, medan 800.000 menneske sat på skulebenken. I 1956 vart det starta forsøk med niårig grunnskule her i landet. Det nye skuleslaget fekk sin lovheimel rett før 1960 og skulle no gradvis gjennomførast over heile landet i takt med at dei gamle skuleslaga framhaldsskule og realskule gjekk inn i avviklingsfasen. I Ulstein var denne prosessen gjennomført i 1971/72.

Det industri-Noreg som hadde vakse fram gjennom eit hundreår, nådde no si glanstid. Bruttonasjonalproduktet voks kring fem prosent årleg. Velferdsstaten hadde slege rot, og trygdesystemet kulminerte med folketrygda i 1966. For arbeidsfolk i Ulstein blir skipsverfta utover i 1960-åra for alvor ein dominerande aktivitet, med dei store som lokomotiv: Hatlø, Ulstein og Kleven.

Ved inngangen til 1960-åra var Noreg framleis godt forankra i Arbeidarparti-styret. Einar Gerhardsen, som etter det korte Torp-styret, igjen hadde teke over statsministerposten, hadde sete samanhengande frå 1955. Til saman skulle landsfaderen som dei kalla han, styre som statsminister i 17 år. Den sosialdemokratiske orden hadde nesten blitt livets orden her i landet. Men dei som var flinke til å tolke signal frå folkedjupet, kunne ane at der ville kome ei forandring om ikkje så lenge. I røynda hadde regjeringa eit nokså knapt fleirtal bak seg. Etter valet i 1953 hang det på to mandat. Dei borgarlege partia fekk faktisk fleire røyster enn Ap, men det gav seg ikkje stort nok utslag i mandatfordelinga. Ved valet i 1961 gjekk likevel stortingsfleirtalet tapt for Gerhardsen, og han måtte danne regjering med støtte frå det ferske SF (Sosialistisk Folkeparti). Arbeidarpartiet kunne heile tida spele på at opposisjonen var splitta i fire parti med kvar sin politikk, Høgre, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Argumentet med å vise til det borgarlege kaoset i mellomkrigstida gjekk enno heim hos mange veljarar. Historikaren Berge Furre meiner borgarlege veljarar på 1950-talet – og kanskje i 1961 òg – ikkje tenkte seg noko skifte og knapt ønskte det. Dei røysta på eit parti i opposisjon, ikkje noko regjeringsalternativ.

I 1952 fekk Venstre ein særeigen leiar i Bent Røiseland – og etter kvart ein dyktig strateg og debattant i Helge Seip. Dei gjekk inn for eit breitt borgarleg samarbeid då den kortvarige idéen om «samling i sentrum» stranda i 1957-58. Mange i Venstre hadde vore skeptiske til samarbeid med Høgre, ikkje minst fordi Høgre hadde eit godt auge til organisasjonen Libertas. Men med John Lyng og Sjur Lindebrække i spissen tok Høgre eit uventa oppgjer med Libertas i 1959. Dette året hadde Libertas lansert programmet «Vilje til makt». Organisasjonen tok til orde for at næringslivet skulle tilby unge, talentfulle politikarar stillingar der dei utan økonomiske suter kunne ofre seg for politisk arbeid og såleis kvalifisere seg til ein politisk karriere samtidig som dei lærte «næringslivets problem» å kjenne. På denne måten skulle opposisjonspartia gradvis skifte karakter og bli ærgjerrige regjeringsparti (Furre 1999).

Sentralstyret i Høgre ville ikkje høyre snakk om slike tankar – og understreka at eit sjølvstendig og uavhengig parti var føresetnaden for det å ta ansvar i det politiske livet. Oppgjeret enda i eit paradoks: Libertas hadde ivra for borgarleg samarbeid, men det var nederlaget til organisasjonen som opna for at opposisjonspartia kunne nærme seg kvarandre. No vart Høgre meir stovereint mellom Venstre, KrF og Sp. Partiet konsoliderte seg på eit moderat sentrumsgrunnlag som skulle bli avgjerande for valsigeren i 1965, med den kortvarige borgarlege maktovertakinga etter Kings Bay-krisa i 1963 som mellomspel. Då Tønseth-rapporten frå ulykka i Kings Bay-gruva på Svalbard i 1962 låg føre i juni 1963, hadde dei borgarlege partia alt stilt mistillitsforslag mot industriministeren etter at koksverket i Mo i Rana hadde blitt 40 millionar kroner dyrare enn planlagt. No utløyste Tønseth-rapporten nytt mistillitsforslag, og denne gongen fekk dei borgarlege med seg dei to SF-representantane som var på vippen.

Ved stortingsvalet hausten 1961 hadde Bondepartiet blitt til Senterpartiet. Mandatfordelinga i Møre og Romsdal vart som før, Ap (4), H (1), KrF (2), Sp (1) og V (2). Det betydde at Einar Hareide fekk endå ein periode, hans siste.

Ved stortingsvalet i 1965 fekk dei sosialistiske partia 70 representantar, dei borgarlege 80. Ap gjekk tilbake med seks til 68, SF kom inn att med to. Høgre 31, KrF 13, Sp 18 og Venstre 18. Venstre gjekk fram fire, Høgre og Sp to kvar og KrF tilbake to. Per Borten blir statsminister i ei borgarleg samlingsregjering. Einar Hareide avslutta den 20 år lange stortingskarrieren sin som lagtingspresident i 1965.