Trui paa trollskap sat i ymse bygder nokso fast hjaa eldre folk langt inni 19-hundradaaret, og ymse ting kunde ogso sjaa noko underlegt ut. Paa Voksøy og paa Kvamsøy fanst soleis ikkje mys eller rottor. Der fortalde folk, at dei var «burtvikte». Paa Voksøy skulde soleis ein finn vere leigd til aa vike burt mysene. Han kom og laga ein ring paa marki, so vid som eit stovegolv, og eit hol i midten ned gjenom jordi. Dit mana han daa alle dei myser, som paa Voksøy var, og det vart ei stor skreid. Sistpaa vart det slutt, og folk sa, at no er der visst ikkje fleire. «Jau», sa finnen, «der er att ei til, og ho skal tilpers ho og!» Seint um sidan kom ho hinkande paa tri bein.
Ho hadde vorte hangande fast med eine foten i ein skorstein; men so hardt vart ho drivi, at ho hadde slite foten av, og i holet maatte ho. Sidan hev det ikkje vore mys paa Voksøy, og endaa syner dei ringen der med holet i midten, som mysene vart drivne nedi. Noko liknande fortelst fraa Kvamsøy. Paa strandi millom Sandneselvi og Brandalselvi skal ikkje finnast orm, endaa der er nok av han baade innanfor og utianfor. Der skulde og ein finn ha vikt ormen burt.
Um Tater-Ingebrigt, ein trollkar, som tilslutt vart brend, og um Sandel-Ola, ein bygdevektar, som jaga røvarar og andre fantar, gjekk det óg ymse segner.
Um Sankt-Olav var det óg mange segner. Paa lag ein kilometer utanfor Larsnes er det ein berghammar, som gjeng stupbratt i sjøen, 10-12 meter høg. Der gjeng ei liti vik kloss inni hammaren, og den viki hev noko likskap med vengen eller bakenden paa eit skip. Den viki kallast «Ukselægje». Segni fortel daa, at St. Olav med uksen ein gong skulde liggje til ankers under «Arhammaren» eller Espeneset millom Arset og Aaram, rett yver fjorden i sudvest for Ukselægje. Daa løyste det med storm fraa sudvest, so heile fjorden stod i eit ròk. Uksen dreiv laus, rak yver fjorden og drog enkeret. Paa nøre sida av fjorden tok ankeret botn, so berre bakenden av uksen rakk iland og sette det merket i fjellveggen som stend der den dag idag og kallast Ukselægje.
Naar ein kjem sudover sjøvegen kring Hidsneset, ser ein paa Sandsøy straks utanfor Sandshamn ei fjellskreid med rein kvitgraa farge, og som dei kallar «Skjyrfjellet». Segni fortel, at St. Olav skulde liggje med skipi sine i ei vik «Ulasvika» (Olafsvika) i nærleiken av Skjyrfjelleit. So kom det ei kjerring fraa Vaage eller Helland tvertyver fjellet med mat aat deim. Millom anna hadde ho og ein ambar med skjyisoppe. Men nett som ho skulde gaa fraa fjellbruni ned igjenom den bratte lidi, datt pinnen or ambaren, og all skjyrsoppa rann nedetter bergsida, som sidan den tid hev havt den graahvite skjyrfargen.
Ymse sjeldsynte ting i fjell- eller markeskap hadde risar eller bergtroll gjort i gamle dagar fortalde dei, og det vart laga heile segner um det.
Paa Basseneset, ytste odden av Kvamsøya, skulde det bu ein rise, som heitte «Basise». Paa «Staalet», ytste neset av nøre Stat1andet, budde ein annan rise som heitte «Kaale». Dei tvo risane var daa grannar, og dei hadde snakka av aa gjere Bergenstur ilag. Den, som fyrst vart ferdig, skulde varsle den andre. Kaale vart fyrst ferdig. Han lødde daa byrsa si og skaut burt mot Basseneset eit varselskot. Inni svarte berget paa Basseneset stend der den dag idag eit rundt, koparfarga stykke av eit anna steinslag, og det kallar dei «Kaalskotet». Det skal vere kula, som Kaale skaut. Men Basse tykte det var vel mykje braak gjort av Kaale, og so vilde
ikkje han vere ringare. Han lødde byrsa si og skaut attende, og kula laga Staalskaret, som er aa sjaa der sidan.
Utanfor «Gjøna», midt millom Gursken og Gjerdsviki, budde ein rise dei kalla «Bremmer». Stødi hans er aa sjaa i fjøra der, og kallast «Bremmerstødi». Der skulde han setje fram baatane sine. Rett uppyver denne stødi, uppe i flogbratte fjellet, ligg ein lang stein, som sedd fraa ein viss kant, tek seg ut som ei byrsepipe stikkande fram fraa fjellveggen. Det kallast «Bremmerbyrsa».
Um «Storeskjeret» eller «Svinøya» fortalde dei, at det skulde vere eit forfælande stort sjøtroll, som kom symjande so det fossa nordan gjenom havet og stemnde paa Stat. Men i den fæle farten agta det inkje vel paa aa halde seg etter djupaalen, difor køyrdre det seg fram paa ei grunne og vart standande fast. Men av den risting eller skaking det kom i, daa det so braatt stansa, kalva det, og kalven ligg eit lite stykke bak Storskjeret enno og kallast «Skjerkalven».
Paa «Aarvikveten», eit fjell rett upp for garden Aarvik paa Skredestrandi, budde der ein rise. Paa Haukelandsmyra i Syvden budde og ein. Dei var grannar, og grannar hev ofte eit horn i sida til kvarandre. Ein dag medan Aarvikrisen sat og aat til middag, kasta Haukelandsrisen ein stein yver fjorden for aa gjere Aarvikrisen ei prette, og steinen datt like i supafatet aat Aarvikrisen, so supa skvatt utyver. Steinen kan ein enno sjaa i eit lite vatn attmed Viten, og vatnet heiter «Supafatet». Men daa vart Aarvikrisen sinna. Ham tok til aa kaste stein attende yver fjorden mot Haukelandsrisen. Dei steinane ligg endaa burtetter fraaa Søvdsnes ved Haukeland. Dei naadde ikkje heilt fram. Etter han hadde kasta fleire gonger, tok han ein diger stein og lovde paa at han skulde no endeleg naa fram. Men den gjekk avhendes og datt ned paa garden Klovning paa Hakalle-stranda, og der ligg han no kløyvd eit stykke fraa husi, og av den steinen hev garden Klovning faatt sitt namn. Men daa vart Aarvikrisen sinna for aalvor, sprang lukt yver fjorden, tok fatt paa Haukelandsrisen og reiv honom sund.
Kroppen kasta ham burti fjorden sunnanfor Larsnes, der ligg han no som eit stort skjer. Eit lite nemnande stykke kasta han burtunder land ved lndresøvde, og dei andre limene kasta han her og der utyver, og dei ligg no som skjer eller fluer i nærleiken der.
Folk trudde mykje paa underjordiske eller huldrefolk som ferdast ikring eller helst budde paa dei ymse garder, og um desse kunde dei fortelje ei og onnor rispe. Eit væsen dei kalla «Bokkje» budde mest paa kvar gard. Det var ein godlynd, hjelpsam kar, naar han berre fekk live i fred med huslyden sin; men vart han tirra eller gjort tilmeins, so kunde han hemne seg nokso inntenkt. Paa Kvame paa Kvamsøya budde soleis ein bokkje i naustet.
Der heldt han jolegilde og hadde det koselegt. Men so ei jolenatt hadde eit par unggutar funne paa ei prette. Dei visste at bokkjen heldt jolelag i naustet, og so hadde dei faatt ein stor kjel full med vatn uppaa naustbiten og passa der paa, naar bokkjen samla huslyd og grannar kring matbordet. Nett daa bokkjefolket var samla kring bordet, vel utsett med mat av beste slag og glimande sylvty, velte dei kjelen, og vatnet fossa nedyver bordet og folket. Bokkjen skunda seg daa og pakka ihop heile stasen og drog paa dør. Men med same han for ut gjenom døri, ropte han: «Kvame, det same! Inkje meir ein fagnamann i Kvame, medan Kvame staar, for same». Liketil for ei 50 aar sidan skal der og ha vore mykje stakarsdom og uheppe med folket i Kvame. No er det heilt onnorleis.
Ein bokkje budde i Brandalslid. Han hadde eit aar rekna feil jolehelg, og joledag um morgonen sat kjerringa hans, ho Tore, og baka jolelefse, – ho trudde det var jolaftan. Daa saag bokkjen ein av grannane sine fare tilsjøs kyrkjeklædd og han skyna, det maatte vere sjøJve joledag. So ropte han inn til kjerringi:
«Tore! bake tjukt! Bjørkebokkjen kjem ovan igjenom Bjørkebakkane med raudestakken paa – det er jolelukt i lidaa!»
Ei liknande rispe som den Dyrkoren fortel (i aargang 16- 17 folio 60) høyrde eg ogso som barn. Ein gut kom heim fraa ei ærend, og ved kveldsbordet fortalde han, at han paa vegen hadde høyrt ein som ropte: «Du kaggje, som etter vegen vaggje! Du skal helse honom Skurr-i-dyra-lurr, at ho Katle er i fatle fara!» «I-dyra-lurr» skulde tyde, at han Skurr budde i utdøri eller fordøri av huset, og «fara i fatle» skulde tyde, at ho er falla i barseng. Etter at guten hadde fortalt dette, vart der eit braak i utdøri, liksom av einkvann som raava med seg ymse ting og strauk avgarde.
Ogso fiskaren hadde sin huldrekall, som budde paa havsbotnen. Honom kalla dei «Marmæle». Eingong fekk ein fiskar eit marmæle paa snøret sitt. Mannen sette honom atti skuten, og der sat han stur og tagall. Men so fekk mannen ei gamall brosme med store boler paa rødet (skinnet). Daa lo marmælet og sa: «Du brosme, du brosme, mangein gong hev du rota paa sorpdongjen min». Marmæ1et kunde stundom aatvare fiskaren, naar storm og uver var i vente. Ein gong høyrde ein fiskar eit rop: «Tak av! tak av! det tyder ein tind i vesterhav!» Fiskaren skunda seg og reiste heimatt; men knapt var han heimkomen, fyrr det vart ein forfælande storm. Det var marmælet som hadde aatvara honom.
Fiskarane hadde den trui, at dei ikkje maatte nemne fisk eller dyr med sitt rette namn, naar dei var paa sjøen. Dei skulde bruke eit eller anna kjenningsnamn. Soleis kalla dei kobben «Feitenakkje» og kveita «Flatekjelle» og bjørnen «Svartekaren», og mange kallar var reint vare um dette, og forsaag ein uvand unggut seg i slikt, so svarte gamlingen ikkje eit ord. Fiskaren ute paa øyane vilde gjerne finne aat fjordmannen og dalemannen og trudde inkje han dugde som fiskar. Ei og onnor herming etter fjordmannen kunde ein daa titt høyre. Soleis fortalde dei um ein dølegut som kom og skulde ro si fyrste fiskje som leigdemann. Dei spurde um han ikkje hadde sjøstyvlar med. «Nei», svara guten, «styvlar hev eg ikkje, men eg hev gode snøsokkar». Ein gong hadde eit lag med dølekarar skipa seg saman og skulde paa havet og fiske. Daa dei var utkomne, var der ei mengd stormaase, som gol paa si vis. Dølekaranei tykte støtt, at maasen sa: «Kvar er du fraa? kvar er du fraa ?» Ein av karane vilde gjerne vere ein heil kar og svarte: «Eg er framma Nordala, midt i Storgara, og hev tvo jarnbita i stovine minaa». Fiskegreidone var nok ikkje av beste slag, so det vart smaatt um fisk. Dei vart daa samde um, at ein skulde ta seg ei honk med vidjar og gaa uti og træde fisk paa vidjane og kome att med. Ja, ein av deim tok daa nokre vidjar og gjekk uti. Um ei liti stund flotna han uppatt og stakk upp eine handi. «Nei sjaa», sa dei i baaten, «han vil ha fleire vidjar». So gjekk ein tirr uti med ei ny vidjehonk. Daa ikkje korgje kom att, laut dei andre ro heimatt med tvo mann mindre i baaten.
Flod og fjøre skulde no dølemannen ikkje ha vit paa. Soleis fortalde dei um ein gong tvo dølemenn var komne roande uti «Karnilssundet». Der er ein fjellhammar som luter framyver 2-3 meter yver sjøflata. Der la dei framunder og kvilde og hadde mastri uppe. Sjøen flødde, og det vart ikkje lenge fyrr mastretoppen tok uppunder hammaren. Daa ropte den eine: «Ro her, og skute der, hammaren sige».
Ogso millom sunnmøringar og nordfjordingar kunde der vere ymse mannjamningar, daa baae tyktest vere likast. Vilde nokon tirre ein nordfjording, so hadde dei ei rim: «Myren og fyren dei tok eit tak; fyren var lette, han fauk upp bak. Agte deg, myren, han var eit spøk, han velte fyren ned i ein løk!». Myren og fyren var namn som sunnmøringar og nordfjordingar- hadde paa kvarandre. Myren og fyren hadde same y-lyd som i «mykje» og fylgje. Vart no ein nordfjording sint for verset, so hadde dei straks dette svar ferdigt: «Det var ‘kje um deg eg song; de var um ein migemaur og eit fyrveld det».
Var ein mann greinalaus eller braasint, kunde dei lage mangt eit vers og mang ei rispe um deim. Dei fortalde soleis um ein mann, heitte «Jo». Han var seinfør og braasinna. Ein gong sat han og mol. Han gjekk fraa kvenni heim og skulde ete. Men dette drog lenge, so daa mannen kom att, hadde kvenna-auga runne fullt av korn, og kvenni hadde kleimt seg. Ho gjekk daa seint og tungt, og Jo tykte skilleg at kvenni sa: «Jo – skjyrhit ! – Jo – skjyrhit !» kvar gong ho gjekk rundt. Daa vart Jo sint og treiv ein tung trefurk og slo aat kvenni so ho klovna. Kvennakallen gjekk daa rundt med halve kvenni, og daa gjekk det noko fortare. Daa tykte Jo, at kvenni sa: «Jo – storesinne; Jo – storesinne!» Daa vart han endaa sintare og slo til igjen, so det andre stykket av kvenni ogso rauk av. Daa gjekk tome siglet rispande fort, og Jo høyrde det gneldre i øyra:
«Ha-no-inkje, ha-no-inkje-ha-no-inkje!»
Denne artikkelen stod i Tidskrift for Sunnmør historiske lag 1918-1919. Tidsskriftet hadde om lag 20 artiklar og var på 160 sider. Tidsskriftet hadde eit opplag på 1600 eksemplar og kosta 3 kroner.