Medan livet paa sjø og land, i hus og paa mark, i klædebunad og matstell, hev vorte umlagt og endra, so hev ogso aandslivet i mangt og mykje vorte onnorleis no enn daa vaare besteforeldre og oldeforeldre livde. Det som no set mest merke paa og styrer aandslivet ute millom folk, er vel helst den skule og den lesnad folk hev. Ser me attende til tidi kring 1800 og utyver til 1860, so finn me, at ute paa landsbygdi var dei ikkje langt framme, anten med skule eller lesnad.

Det var alt i fleire hundrad aar gjort ikkje so lite for den høgare skule ute i Europa, og etter fatigt stell var det gjort noko her i andet og, men mest berre i byane, endaa dei som vilde naa upp til nokon sers lærdom og daning, laut like til Kjøbenhavn. Men ein og annan landsgut visste daa likevel aa skaffe seg meir kunnskap enn ventande var. Ei ære er det og for fleire av den tids lærde folk og embets­menn, at dei hjelpte fram mangein unggut, anten med aa laane deim bøker, eller lese med deim, ja, stundom endaa koste deim paa skule. Her paa Sunnmøre var visst hugen til aa lære ikkje minst. Det syner boktrykkeriet paa Egset, som var det fyrste og i lang tid det einaste trykkeri som fanst paa landsbygdi i Norig.

Det meste folk visste, var gaatt som forteljing fraa munn til munn. Serlig kunde dei som kom heimatt fraa krigen i tidi 1800-1814, ha mangt forvitnelegt til aa fortelje. Her i Sande var 2 slike: Sa1amon Andersson Aaramsnes, død 10. februar 1870 -78 aar gamal, og Mats Olsson Vorren, død 28.-1-1869 -92 aar gamal. Salamon eller Solmonde, som han oftast vert kalla, var ute tillands og tente under Kristian August og Kistian Fredrik. Kva sant han fortalde, er no mesta gløymt, men ei og onnor skrøna minnest enno. Soleis fortalde han um ein gong han trefte prinsen, som sat under ein bakke og gret. «Kva græt du for?» spurte eg. «Aa, eg græt for riket mitt», sa prinsen; «men kanskje du er kar te verje baade meg og riket mitt?» «Ja, det skal no bli ei raad med det!» sa eg. «Daa tok han seg i ræva (lumma i frakkeskjøtet) og kasta meg ein gul» (gul pengesetel). Mats var ute tilsjøs og var med i prisonen i England. Han var ein liten mann, og hadde alltid eitkvart aa fortelje um den tid han var ute. Eg hugsar honom fleire gonger ved Sande kyrkje, alltid med ein flokk unggutar ikring seg, medan han fortalde likso mykje med minespel og med henderne som med ord. Det var alltid ei moro te høyre, eller helst te sjaa honom fortelje,

So reiste folk med storbaatane sine til Bergen og til Danmark etter korn den tid. Gamle Klemet Løset i Syvden var fødd paa Sundnes i Rovde, og han fortalde, at far hans og grannane reiste til Danmark med storbaaten. «Fraa Lindesnes og til Jyllands Skage, far, det var eit halvt sjøastykke,» la han til med sers vegt.

Me skal glytte inn til ein vanleg huslyd so ikring 1800.

Vinterkveldane, og all den tid folk livde innandørs, var heile huslyden samla i eit rom. Kvar sat med sitt arbeid, og so gjekk daa pratet utan stans under arbeidet, og i maaltidi kring bordet. Det var prat um gardsstell og fiskeri, um sjøferder, kyrkjeferder og byferder, ættesogor og bygde­sogor fraa eldre og nyare tid, um hulder og bokkje og anna spøkeri, um bjørn og varg og alt mogelegt. Oftast var der einkvann i huset som hadde sers godt minne og godt «prataty», og dei styrde daa pratet dagen lang. Kjende borni svevnen um kveldane, kom dei til bestefar eller beste­mor og tigga: «Fortel – fortel» ! Og ofte fekk dei daa ymse hendingar og sogor fortalde so maalande og livande, at dei snart fekk svevnen or augo.

Ei god kjelde for den som vilde faa kjennskap til sokni og hendingane der fraa gamall og ny tid, var gamle kallar og kjerringar som for bygdi rundt paa «leik» (lægd). Dei hadde høyrt ymse ting snart her og snart der, og aatte dei berre gaava te fortelje att, vart dei frega uppatt og uppatt. Kom det ferdafolk so galdt det um aa spyrje og frette alt raad var. Var det berre ei snarerend, la ofte heile huslyden fraa seg alt sitt arbeid og sat berre og lydde paa eller var med i samrøda. Var det langferdsfolk, so var det reint ei høgtid um dei vilde ha hus natti yver, og det var ikkje snakk um betaling, korkje for mat eller seng, berre for ei natt. Men so var dei ogso pumpa etter altslag nytt, og etter soga um folks sed og ferd andre stader.

Paa større gardar, der mange stovor var aa kalle dør i dør, var det gjerne ei av stovone som var samlingsstad for heile tunet. Var det enten sers hyggjelege husfolk, eller der var ein sers gaaverik pratar, so samlast alle dit.

Derimot var der andre stovor, der korkje kjent eller framandt folk kom inn. Ofte kunde det vere reint uforklaarlegt korleis sume stovor oftast var fulle av gardsfolk, medan andre reint var skydde.

Paa min fødegard stakk der eit nes fram, og der kom folk roande forbi titt og støtt. Naar dei daa saag ein baat kome roande, sprang dei ofte ned paa neset og ropte baaten i land for aa spyrje nytt. Hadde ikkje vaksne folk tid, so sende dei smaagutane i veg ned paa neset. Dei hadde eit ordtøke etter min oldefar, Knut Nilsson, naar han sende smaagutane ned:

«Spyr og frett, spyr og frett, høyr vel etter, og fortel oss det akkurat, akkurat som de høyrer det!»

Song gjorde dei og mykje i huset vinterkveldane, salmar og visor, slike som: «Den fromme fru Signe paa sotteseng laa», «Det hendte sig Jefta den Gileads mand», «En sang jeg vil fremføre», songar av «Kløverbladet» (Bruns, Zetlits og Frimanns samling, og Ivar Aasens songar kling enno i øyro, naar eg minnest mi barnetid. Ei og onnor usømeleg vise kunde ein ogso høyre av tenestgutar, naar dei var vel trygge for, at ikkje husbondsfolket høyrde det.

Med raa snakk og banning var det elles stor skilnad paa dei ymse bygder, daa som no.

Um troll, underjordiske, utburder og anna spøkeri hadde dei mykje aa forte1je. Her eit par døme: