Kristen Ulstein

24 treff
Forfattar: Kristen Ulstein

Sundagsskulen i Ulstein var dei før­ste åra nært knytta til Indremi­sjonen og det er derfor naturleg å bruke nokre linjer på dette arbeidet her.

Forfattar: Kristen Ulstein

Fram mot århundreskiftet ­utvikla det seg to polar i kul­turlivet i Ulstein og desse polane er realitet den dag i dag: Eit nypietistisk kristendomssyn, sterkt prega av Rose­nius, på den eine sida, og eit kulturope syn, inspirert av Grundtvig, på den andre. Skiljet har gått mellom Indremi­sjonen og Ungdomsforeininga, mellom Bedehuset og Fredheim, og har tildels vore skarpt. Mykje kan delast etter denne lina. Ein kan heller ikkje sjå heilt bort frå at motsetnadane har vore uttrykk for eit skilje mellom generasjona­ne.

Forfattar: Kristen Ulstein

Det var eit opprør i den vakninga ein opplevde på Sunnmøre i 1880-åra og opprøret må sjåast i nær samanheng med Venstre og Johan Sverdrup sin kamp mot embetsmanns­styret. Lekmenn trakka lenger og lenger inn på område der prestane hadde hatt hevdvunnen einerett. Lekmenn påbe­ropte seg retten til å forkynne. Etter kvart meinte dei at presten sin einerett til å tale i kyrkja måtte brytast. Ja, dei kravde til og med rett til å forvalte sakramenta. Mykje skjedde på kort tid, det var nærmast ein revolusjon, og mange prestar vart naturlegvis skremde og reagerte sterkt.

Forfattar: Kristen Ulstein

Konsentrasjon om det eine naud­synlege har vore eit varemerke for indremisjonsrørsla. Ein har sett forkynninga av dom og frelse som sitt første og einaste oppdrag. Dette har også ført til at det er sjeldan foreininga har engasjert seg i saker av samfunns­messig art – vel å merke om ein ser bort frå Gamleheimen. Berre ved to høve finn eg slike utspel. Ved eit høve skreiv dei til heradsstyret og ba dei forby dans på den nye kommunekaia og midt i 20-åra vende dei seg til bokhandlaren og ba han halde att når det galdt sal av «dårlege» bøker. Likevel er det grunn til å tru at indremisjonen indirekte har hatt stor politisk innverknad gjennom dei av medlemane som gjekk inn i lokalpolitikken.