Kari Brandal har skrive bok om 50-årsjubilanten Dimna IL. Ho skriv i forordet: “Kva er det med denne klubben som gjennom femti år har produsert lokale, nasjonale og, etter kvart også, internasjonale idrettsutøvarar heilt fri for hovmod? Kva er det med denne klubben som får pensjonerte og fråflytta ulsteinvikarar til å tre på seg grøne trøyer og stille som funksjonærar på klubben sine arrangement?” Levd liv har fått løyve til å hente ut nokre avsnitt frå boka.
Som liten hadde eg ein onkel som budde i Ålesund. Han var veldig kul. Den kulaste vaksne eg kjende. Han hadde leilegheit i eit lyseblått murbygg som i staden for keisame dører hadde bogeforma opningar mellom stuene.