I området ved Hasundstraumen, både på Hasund og på Dimnøya, har der vore buplassar frå langt tilbake i tid. Dette kan vi mellom anna sjå av alle gravhaugane. I dette området hadde Hasundkarane storbåtnaust. I Storevika var der ei god styd. Eit berg ved denne styda vart kalla Åburen. Dette området er fylt att med stein i dag.
Vi veit sikkert at her var minst 4 bondejekter i Ulstein skipreie. Desse blei i hovudsak brukte til bergensfart med fisk. På mange måtar kan vi kalle desse dåtida sine hurtigruter.
Det var Aksel Garshol som kom med tips til redaksjonsnemnda i Levd liv om å skrive om ulsteiningen Lars Sundgot. Om han og Ishavsavisa var det ein eigen artikkel i polarmasinet til Ishavsmuseet, “Isflaket” nr. 3 2023. Innhaldet er attergjeve med løyve frå museet.
I mange år har eg tykt det var synd at Lars Sundgot, onkelen min, ikkje fekk den æra han fortente med omsyn til forfattarskapen sin. Av det han skreiv vart Ishavsvisa den mest kjende, nokon sette melodi til henne og brukte delar av eitt av versa som refreng. Denne visa vart mykje spelt på radio ein periode. Då var Lars alt død, og kunne ikkje stå fram som forfattar. Derfor vart visa som regel underskriven med «forfattar ukjend» når ho vart gjengitt eller referert til.