Eit barberblad av ein dato

Det finst årstal og datoar som skjer seg inn i historia som eit barberblad og deler henne i eit før og eit etter. Tysdag 4. mai 1999 er ein slik dato i lokalhistoria. Bygda vart aldri den same.

Representantar frå Vickers og Ulstein, frå venstre Bård Mikkelsen, Andrew L. John, Idar Ulstein og Paul Buysse.

Eit essay om Harald P Saunes – ferdamann og filosof

Det var ein av desse kalde, fine vårdagane vi stundom opplever her ute ved kysten på Vestlandet. Vi sit utafor løa på gardsbruket Haugane i Ulstein, Harald P og eg. Vi sit stille. Nokre ord fell no og då, mest om det daglegdagse, slikt som veret og våronna. Då seier Harald P liksom ut av inkje: «Dagfinn», seier han, «du må hugse på ein ting, at skal du gjere noko ut av det livet du lever, så må du kome deg opp før klokka seks om morgonen.» Pause. «For viss du ikkje gjer det, kan du like godt liggje, for då er dagen gått.»

Harald P var president i Ulstein Rotary- klubb. Han var også æresmedlem i klubben.

Eit foto fortel

Ulstein historielag har på nettsidene opparbeid ei stor samling av gamle bilde. Bilda er nytta i høve artiklar. Stor takk til alle som har bidrege med bilde.

Ulsteinvik før 1934.

Eit foto fortel

I 2021-utgåva av Levd Liv, hadde me eit foto av Olav Hjertenes teke 17. mai 1960. Artikkelen om dette fotoet hadde tittelen «Eit foto fortel». I artikkelen hadde me også med ein biografi om Olav Hjertenes.

Høddvoll og kringliggande område. La oss bli litt meir kjend med noko av det vi ser.

Eit foto fortel

I 2021-utgåva av Levd Liv, hadde me eit foto av Olav Hjertenes teke 17. mai 1960. Artikkelen om dette fotoet hadde tittelen «Eit foto fortel». I artikkelen hadde me også med ein biografi om Olav Hjertenes. I år presenterer me eit nytt foto av Hjertenes.

Høddvoll og kringliggande område.

Eit foto fortel

For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17. mai 1960.

Eit nasjonalt traume

Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.

Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.

Eit overordna bakteppe

Så er vi inne i den siste perioden i dette historieverket, naturlegvis prega meir av hendingar enn analysar. Vi er med eitt i vår eiga samtid. Epoken gir oss ikkje lenger avstand. I dette hovudkapitlet har vi raudgrøn regjering fram til 2013. Då tek Erna Solberg over med ei regjering utgått av Høgre og Frp, og med Venstre og KrF som støtteparti. Høgre fekk flest stemmer i Ulstein under stortingsvalet i 2013 med 33,1 prosent. Frp oppnådde 19,2 prosent. Ap enda på 18,5 prosent i kommunen. I Hareid var Oskar Grimstad (Frp) klar for den andre perioden sin på Stortinget.

Erna Solberg.

Eit totalt omslag

Så skjer det store omslaget i formannskapet om ettermiddagen torsdag 16. oktober 2003. Då lokalavisa kjem med referatet frå møtet, er Sp-representanten Eivind Ulstein (d. 2003) hovudbilete på framsida: «Forbausa over omslaget i Trekantsaka», lyder overskrifta. – Dette kjem som jula på kjerringa. Eg er forundra over at administrasjonen ikkje har lagt denne løysinga fram for oss, sa Ulstein, då han fekk sjå tala som kom fram i møtet. Resultatet av møteverksemda og fellesforslaget frå Høgre og Ap skulle kome til å snu stemninga og skape fleirtal for Trekantsaka.

Faksimile Vikebladet, 18. oktoboer 2003.

Ellen Roppen

Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.

Måleri av Ellen Roppen. Måleriet heng i dag på Ulshaug.

Elverk og lokal satsing

Ulstein kommunale elektrisitetsverk skulle gå over i historia i løpet av 1990-talet; slik var utviklinga innan kraftforsyning – med ei reise mot større einingar og sal av kommunale elektristetsverk som også gav pengar i kommunekassene. Men i starten på 1990 planla Ulstein elverk nytt administrasjonsbygg til 2,5 millionar kroner i Saunesmarka. Bygget skulle også romme lokale til veterinærkontoret. Dei hadde halde til i Forretningsgarden i sentrum. Elverksjef Nils Skotheim la fram planar for eit bygg på 570 kvadratmeter i tilknyting til lageret elverket alt hadde i Saunesmarka.

Nils Skotheim.

Enok Hasund

Ein sentral person i kulturlivet i Ulstein

Foreldra til Enok var Syvert Karlson Myklebust og Ingeborg Petersdotter Skeide.

Et minne fra krigen 1940-1945

Om morgenen den 18. desember 1941 ble jeg arrestert av Gestapo (Marx og Querke) og sendt til Trondheim over Åndalsnes samme ettermiddag. Det var en kald fornøyelse; ikke minst å gå fra jernbanestasjonen til Gestapohovedkvarteret i Misjonshotellet, og videre over til Elgsæter bru til Vollan kretsfengsel i Klostergate 9. Ved framkomsten der den 20 desember kl. 02.15 var jeg både sulten og frostig, men det føltes deilig å komme inn i fengselskorridoren og vaktrommet , for der var det varmt.

Etter felttoget i aprildagane vart Olav Osnes politimann. På oppdrag frå milorg- sjefen i Ålesund, politimann Sigurd Refsnes, organiserte han heimestyrkar i Ulstein, Brandal og Larsnes. Han vart seinare områdesjef for HS Ytre Søre Sunnmøre. (Biletet er henta frå boka Lagunen og Stormen av Ragnar Ulstein).

Fag og læremiddel

Dei første 150 åra var kristendomskunnskap og lesing dei dominerande faga i skulen. Det meste av leseopplæringa gjekk også føre seg i tilknyting til religiøse tekstar. Skulelova frå 1739 opnar for at borna kan lære å skrive og rekne, dersom foreldra ynskte det.

Farleg fart

I krigsmagasinet frå 1995 fortel Vikebladet også historia om Fiskaren: I midten av september 1941 var det samla så mange personar som skulle over til England, at det byrja å bli farleg. Det hasta med å skaffe båt. Straks bodet kom, tok Store-Jon kontakt med eigaren av Fiskaren, Josef Skeide. Han sa seg villig til å overlate båten – berre han fekk økonomisk hjelp til å betale gjelda han hadde på skuta.

Ulsteiningar på veg til Shetland med MB Ulstein. Steminga er god. Men det står att å finne land! I rorhuset, Harald Eiken. På dekk, frå venstre: Kåre Flø, Odd Saunes, Per Dimmen og Peder Årseth. MB Ulstein kom attende til Ulsteinvik etter krigen.

Farvel med lensmann og prest

I denne perioden skjer det fleire skifte i Ulstein, som er verdt å nemne i ei slik bok. Det blir mellom anna farvel med både lensmann og prest.

Atle Hopland.

Farvel, industri?

Vi som lever her ute langs kysten, er vande med at det går opp og ned i det lokale næringslivet. Vi har sett meir enn ein gong at skipsnæringane tek seg igjen etter bølgjedalar, skaffar nye oppdrag og går vidare. Frå skrivepunktet i 2020 ser vi at dette ikkje er like sjølvsagt lenger. Men framleis er det håp i hengande snøre; omstilling, nyorientering, nyskaping, andre beitemarker. Forfattaren av denne boka finn det nødvendig å skrive dette på dette punktet i teksten; minne om at det har vore dystre spådommar, men alltid funnest utvegar. Dette var nettopp i ei tid der det vart meir og meir tale om utflagging av industri og produksjon.

Hurtigruta Nordnorge.

Fastlandssamband

I januar 1985 kunne Vestposten fortelje om eit nytt, stort samferdselsprosjekt. Ordførar Olav Fure hadde fått ingeniørfirmaet Sam Lorgen til å rekne på ein tunnel frå Hareidlandet til Sula. Idéen om Hareid Fastlandsamband var fanga, og prisen var rekna til om lag 480 millionar 1984-kroner. Fure hadde valt lanseringsdatoen med omhug: Måndag 28. januar kom samferdselskomitéen på Stortinget til Sunnmøre for å sjå nærare på det ferjefrie sambandet Ålesund-Vigra som no skulle realiserast. Undersjøiske tunnelar var i skotet, og bankane stod klare til å låne ut pengar.

Her sit primus motor Knut Nærø (t.v.) og Idar Ulstein og nyt eit rjomegrautmåltid i Eiksundtunnelen, like før førstnemnde fyrte av siste salven, 2. februar 2007. Dei to blir beskrive som heilt essensielle for at Eiksundsambandet ein dag skulle bli ein realitet.

Fedrar blir arresterte

MB Ulstein var tredje båten som gjekk ut Ulsteinfjorden den våren og forsommaren med kurs for alliert hamn. Før hausten var over, drog endå fire fartøy same vegen. Ingen av dei hadde lik overfart. Ein båt kom aldri over. Trass i vanskar med å skaffe båt – eller få far med ein båt – drog etter kvart 44 personar som høyrde heime i Ulstein, mot vest om bord i ni farkostar. Av desse var fem båtar frå Ulstein. Dei fleste av dei ni fartøya fekk vanskar undervegs fordi dei mangla navigatør eller maskinist, eller begge delar.

«Du har hjelpt sonen din å reise til England», var klagemålet frå tyskarane då Julius Ulstein (bildet) vart arrestert i august 1941. Julius var ikkje åleine om å bli send til Grini frå Ulstein.

Felttoget april 1940 og daglegliv under krigen og illegalt arbeid

Sigmund Breivik var jeger/skarpskyttar under felttoget i 1940. Han har notert ned og fortalt, m.a. på minneutstillinga på Vikholmen under 50 års-markeringa for frigjeringa 1995. Det følgjande er nedskrive frå video og lydopptak, samt notatar. Kjeldene er dei som var med på desse hendingane som deltok og var med på Vikholmen i 1995:

Kortesjen med Taraldsen. I venstre billedkant Andreas Ulstein, vidare på rekka lengst frå bilen Hallstein Strandabø, Ole Våge, Klaus Dimmen, Bjarne Nygjerde, Rolf Sundgot, Håkon Sandvik, Olav Finnes, Sivert Ringstad og Kjartan Garshol.