Skulen inn i eigen heim

Sumaren 1916 reiste skulestyrar Hop til eit ungdomsskulelærar­kurs som skulle vera i Oslo. Han brukte sykkel og var åleine. – Kunne difor gi seg tid og farta dit han ville, og han la vegen om Hardanger. Frå Odda kom han over fjellet til det avsides-liggjande Røldal. Her stogga han eit par dagar. Ein dag han stod nede i dalen ved den gamle kyrkja, og såg oppover bygda, feste auga seg ved det store hotell Røldal, som stod oppe i bakken ved hovudvegen.

I vestibyla på Sunnmøre Folkehøgskule heng sykkelen skulestyrar Severin Hop nytta sommaren 1916 då han sykla til Oslo for å delta på eit ungdomsskulelærarkurs og la vegen om Hardanger. På vegen kom han over hotellet i Rødal som han kjøpte.

Skuleplass og talentfabrikk

Fotballminne frå skuleplassen ved Hasund skule

Underteikna er oppvaksen på Sundgot, like ved Hasund skule og skuleplassen. Plassen eller grusbana var ca. 60 m lang, 25–30 m brei og med ein murvegg på den eine kortsida. Det var også låge murkantar på langsidene. Merkeleg mange av dei som har hundrevis av kampar for Hødd frå før 1960 og utover, kjem frå denne skulekrinsen og har drøssevis av minne og opplevingar frå skuleplassen.

Brørne Kjetil (t.v.) og Hallbjørn Hasund i 1960.

Skummel skuleveg og den sintaste mannen

Veslejulaftan i 1959 banka det forsiktig på døra heime hos oss, og inn kom vesle Sindre (Dimmen) med ei julegåve under armen. Sindre var sju år og gjekk i første klasse på Hasund skule saman med meg. Han hadde no gått vegen åleine frå heimen sin, den gamle prestegarden i Dimnasund, og ut til Kleven der vi budde.

Bilde frå 1. klasse.

Slekta til Sigvald Mathias Hasund

Året 1858 skulle bli eit skrekkens år for eigarane av Johangarden, Bnr 4 på Hasund. Husbonden Knut J. Osnes Hasund, 26 år, var på fiske med båtlaget sitt. På Svinøyhavet bles det opp til storm. Folk frå Gursken leitte etter mannskapet, men fann ingen.

Petterbakken på Skeide.

Småfiskje

Smågarnfiskje

Det har vore drive småfiskje på norskekysten heilt sidan Ola Nordmann tok til å gå i skinnklede og brukte stokkebåten til å fiske frå. Eg skal prøve å fortelje litt det eg veit om smågarnfiskje (torskefiskje) her i Ulsteinfjorden og på «Søyla». «Søyla» er området frå Boholmen og vestover, der det i dag vert gjort slepeprøver.

Sigurd Håkonsholm dreg ein fin torsk over ripa vest for Skorpa.

Solstrand Trelasthandel AS

Like etter krigen var det fleire yngre menn i Hasund skulekrets som var trearbeidarar eller snikkarar. Nokre av dei arbeidde på «Ulstein Bruk», var bygningsmenn, eller dreiv med produksjon av møblar i eigen kjellar. Desse fann saman og opplevde eit felles ønske om å etablere ei bedrift i krinsen som kunne gi dei fast arbeid i deira nærområde. Dei fekk også med seg personar med administrativ erfaring i denne vurderingsperioden.

Gudmund Hasund, tilsett som disponent.

Solveig Berge Strandebø

Solveig Berge Strandebø, fødd 11.08.1913 og død 09.01. 1999. Solveig var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik.

Solveig Berge Strandebø

Song- og musikklivet på bedehuset

Når ein skal skildre song- og musikkaktiviteten på bedehuset, så trur eg det er rett å nemne eit forhold som går som ein tråd gjennom historia. Dei kristne medlemene på bedehuset, som stod i Indremisjonen og IUF, var gjerne med i andre organisasjonar og foreiningar.

Musikklaget – det opphavelege. Frå venstre: Anton Ulstein, ukjend, Osvald Hofseth, ukjend, ukjend, Hilma Ulstein (Sundgot), ukjend, Helga Osnes (Ulstein), Martin Vattøy, Hjørdis Ulstein, Karen Ulstein (Skeide).

Spanskesykja

Hausten 1918 kom den 18 år gamle brandalsguten Bjarne Georg Brandal ned frå fjellet etter ein fisketur i Skinnalivatnet. Ikkje før var han komen heim, så lagst han ned med feber. Eit par døgn seinare, den 21. oktober, var han død. Symptoma var ikkje ulikt det dei hadde sett andre stader: brå, høg feber, hoste, smerter i auge, øyre og rygg, vondt i hovud og svelg, belegg på tunga, naseblod.

Hausten 1918 kom spanskesjuka til våre kantar.

Spjutøya

Geografisk er Spjutøy lokalisert nord for Dimnøya med Spjutøy­sundet som naturleg skilje mellom dei to øyane.

Sjølve namnet, Spjutøya, kjem truleg frå gammalnorsk spjot n. spjut. Øya er fyrst nemnd i eit skriv frå 1644.

Starten

Vi skal bla oss tre år bakover i tid. Den 20. juni 2002 kan Vikebladet Vestposten endeleg opplyse lesarane om at kommunestyret har vedteke ny reguleringsplan for området Krushammaren-Halseneset. Planen omfattar både ny fylkesveg og utviding av folkehøgskulen på Reiten. SUFH har alt ei god stund hatt planar om å utvide, men kan ikkje starte før arbeidet med den nye fylkesvegen er i gang. Rektor Trond Berg håpar vegarbeidet kjem i gang så snart råd er før sommaren. Dreg det ut, vil også SUFH-prosjektet blir tilsvarande utsett. Eit par dagar før hadde styret i SUFH-bygg ved Sunnmøre Folkehøgskule sagt ja til detaljplanane for utbygging. No håpa rektor Berg å få starte utvidinga på Reiten i januar 2003.

Sunnmøre Folkehøgskule.

Steingardane i Haddal

Når ein køyrer riksvegen forbi Haddalbygda, kan ein lett falle på tanken: ”Kor vakkert dei har laga det”. Det var ikkje først og fremst venleiken dei hadde i tankane, dei som mura desse gjerda.

Her står dei: Anders og steinbukken hans i nybrot han heldt på med langt oppi 70-åra. Til vinteren blir bukken flytta bort til steingjerdet i bakgrunnen.

Stig Ulstein

Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.

Stig Ulstein

Stilbok aat Kristine Hasund 1912

Der kjem eit taterfylgje. Tvo, tri kjerringar, fire karfolk og ei heil brote med ungar. Kjerringarne gjeng i raude vestar og beltor med blanke syljor, ljose hovudplagg og ofte raude stakkar òg. Forkledet hev dei bunde upp, og det er fullstappa med pultrar. Skorne er i fillor. Paa ryggen hev dei ein liten unge bunden fast. I eine handi ber dei kaffikjelen og i den andre leider dei ein annan unge. Fyre og etter gjeng større ungar berande paa pultrar paa ryggen eller i henderne. Karfolki er oftast svartklædde. Dei gjeng i skjorteerma og i skinnhuva.

Barndomsheimen til Kristine Hasund

Store planar på Osnes

Planlegginga til Ulstein Verft gjekk sin gang. Midt i august 1999 var konsekvensutgreiinga klar, og saka kunne sendast ut på høyring. Det var ikkje småtteri. Her låg det føre planar om ei utbygging på fleire hundre millionar kroner på Osnes. Investeringane skulle sikre framtida for Ulstein Verft, men dei store bygningsvoluma ville få visuelle konsekvensar.

Ulstein Verft på Osneset i Ulsteinvik.

Stort oppslag

Den 14. november 2002 ryddar Vikebladet Vestposten framsida. Over eit stort bilde av Trond Berg lyser overskrifta: «Vil kjøpe Ulstein Hotell – og omskape det til folkehøgskule». Til avisa fortel Berg at han tidlegare på hausten hadde teke kontakt med hotelleigarane om idéen, og at dei no så smått hadde byrja å forhandle om saka. Han skulle same kvelden i møte med politikarar i Ulstein. Men han understreka at dei jobba parallelt med planane sine for Reiten. Nybygget der var kostnadsrekna til 28-30 millionar kroner. I den same avisa stadfeste ordførar Jan Berset (H) at han kjende til at det hadde vore drøftingar mellom leiinga ved folkehøgskulen og eigarane av hotellet.

I januar 2007 var Sunnmøre Folkehøgskule definitivt på plass i gamlehotellet i Varleite. Pianobaren hadde blitt kantine; det einaste som kunne tappast der, var mjølk. Ulstein Dancing var gjort om til SUFH Dancing, og Farmann var skapt om til kapell med utsyn mot himmel og hav. Ei 89-årig historie på Reiten var broten. Skulen hadde no 73 elevar, og Trond Berg var rektor.

Straumane Handelslag

Butikken på Straumane vart etablert i 1930. Peter Hasund trong arbeid, og fekk Ulstein Forbruksforeining med på laget til å starte ein butikk på Straumane. Den opna i ei lita kårstove på ni kvadrat med lager. Butikken låg på skulehaugen/varden på denne tida, ca. 300 m frå dagens plassering.

Straumane Handelslag vart etablert i 1930. I 1938 flytta butikken inn i nye lokale nede ved sjøen. Dette var på vel 100 kvadratmeter. Vi ser skuleplassen med aktivitet til høgre. Skuleplassen er der, men ikkje skulen - som vart bygd i 1954. (Foto: Olaf Storegjerde).