Fyr og fyrlykter i Ulstein

I siste halvdel av 1800-talet vart det gjennomført ei storstilt utbygging av samferdsla. Det vart bygt fyrstasjonar, sjømerke, hamner, vegar, jarnbaner og telegrafliner over heile landet. Med fyr, sjømerke og hamner kunne ein opprette faste dampskipsruter og ferjer. Den auka kommunikasjonen var med på å knyte folk tettare saman. Bokstavleg tala opplevde folk langs kysten ei ny opplysingstid.

Lyssettinga av kysten vart mangedobla etter at ein ny type oljebrennar vart teken i bruk på slutten av 1880-talet. Den nye oljebrennaren kunne lyse i ei veke utan tilsyn. Oljebrennaren vart sett på eit stativ inne i ei fyrlykt av støypejarn. Rundt brennaren kunne ein setje opp ein rotør. Rotøren gjorde det mogleg å skape formørkingar. Elles hadde ein utstyr til å lage blink eller la det vere eit fast lys. Med lys, blink eller formørking kunne fyrlyktene få sin eigen karakter. Dette gjorde det lettare for sjøfarande å skilje dei frå kvarandre. Karakterane til alle fyr og fyrlykter er merka på sjøkart.

Fyr og fyrlykter i Ulstein. Fyrlykter i andre kommunar er markert med liten prikk.

Førebuing til flytting

Tanken om å flytte kyrkja heldt seg levande. Det var ei uroleg tid på «kyrkjefronten» fyrst i 1870-åra. Hareid og Vartdal høyrde ikkje berre til same prestegjeld, men bygdene hadde heradstyre i lag med Ulstein. På Vartdal arbeidde dei med å få verte utskilt til eige sokn og byggje eiga kyrkja, og på Hareid strava dei verre med ei kyrkje der tårnet vaks opp gjennom, taket, og mange meinte at eit nytt bygg måtte kome på tale.
Folk i inste delen av soknet gjorde straks ein framstøyt.

Ulstein kyrkje no.

Gledesrop og fredstog

Så kom boda få land og hav – til mødrer og fedrar. Folk kom springande med gledesrop over meldingar dei nett hadde fått over telegraf eller telefon: «Han Harald lever! Han Henry! Han Odd! Han Reinert!» slik skildrar Ragnar Ulstein det. Rop etter rop. Men det var stilt om andre; dei som aldri kom heim.

Områdesjef for heimestyrkane i Ulstein var Olav Osnes. Her ser vi heimestyrkane i Ulstein marsjerer i spissen for 17. mai-toget 1945. Kyrkjegardsmuren og Ulstein kyrkje til høgre.

Glimt frå sildefisket

Den 7. februar 1946 melder Vikebladet at det rike sildefisket held fram. Det har vore travel verksemd ved fabrikkane. Elles har silda gått til salting og ising; ikkje så lite har gått til Austlandet med Raumabanen. I midten av mars var sildefisket slutt og sildesnurparane hadde kome heim.

Sildefiske ved Vanylvsgapet. Til venstre ligg Stadlandet med Rivjehornet heilt til venstre og vidare ser ein utover mot Eltvika. Heilt ute på Stadlandet ligg Stålet. I byrjinga på 1950-talet var det eit rikt sildefiske i dette området. Haugsholmen fyrlykt ligg på den sørlege delen av Frekøya. Lasteskipet midt på bildet er på veg sørover gjennom skipsleia mellom Haugsholmen og Frekøya. Fotograf: Olaf Storegjerde.

Gode bøker om krigen

Dette kapitlet baserer seg i hovudsak på artiklar og intervju i Vikebladet og bøkene Himmelen over Shetland av Øystein Orten og Lagunen og stormen av Ragnar Ulstein. Boka til Ulstein er eit lokalhistorisk meisterverk på kring 450 sider. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein maktar på ein naturleg og levande måte å integrere dei lokale hendingane med den stormen som raste på nasjonalt og internasjonalt plan.

Bokomslag "Lagunen og stormen" av Ragnar Ulstein.

Gradvis normalisering

Ein etter ein kom ulsteiningar som hadde vore ute under krigen, heim utover sommaren og hausten 1945. Men nokre hadde ofra livet, og det vart nokså raskt sett i gang ein diskusjon om å reise eit minnesmerke over dei falne.

Avduking av minnestein over dei som fall i krigen 1940-45, søndag 23. mai 1948. Representant frå det norske forsvar var Oberst Navelsaker som var sjef for infanteriregiment nr 11. Ulstein. Ulstein Mannskor og speidarane tok del. Ved minnesteinen står sokneprest Sverre Nilsen.

Gravminne

Før me fortel om huset, den gamle kyrkja, skal me sjå på nokre gravminne. Dei er ikkje mange att. Heller ikkje er dei så gamle som ein kunne vente.

Den gamle kyrkjestaden på Ulstein.

Grimstadkorsongar frå første tone

Magne Grimstad sr. har vore med i Grimstadkoret frå starten av – og ved inngangen til 2022-åra, i sitt 94. leveår, er Magne den aller eldste aktive Grimstadkor-songaren – og også den som har flest songår bak seg: 80.

Så sant forma er i orden, møter han til dei faste øvingane – og syng 1.-tenorstemma utanboks og klokkeklart.

Magne Grimstad sr.

Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år

Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein

Dette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese dei andre artiklane om grunnskulen i Ulstein og alle andre artiklar på nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!

 

Artiklane om grunnskulen er henta frå boka «Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år» og handlar om nokre av dei viktigaste stega som førde oss dit vi står i dag – frå underutvikling, analfabetisme, låg levealder og djup fattigdom, til eit velferdssamfunn bygd på evna til å tileigne seg og omsetje kunnskap. Det er enorme skilnadar på Ulstein slik lokalsamfunnet var i 1739 og slik Ulstein framstår i dag. Dei vi først bør takke, er dei av forfedrane våre som trudde på folkeopplysning og betre skule. 

3. klasse ved «nyeskulen» på Ulstein i 1935-36. (Foto: Gustav Flø)

Gullalder for lokale popgrupper

Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ronny var trommeslagar. No fekk dei med seg vartdalingane Geir Arne Boska (gitar og song) og Eldar Vartdal (tangentinstrument) og ulsteiningen Bjørn Barstad (bass). Seinare vart medlemer skifta ut, og nye kom med. Mellom desse var gitaristen Rune Ertesvåg, som var på plass i Alice på nyåret 1979. Rune var såleis med under NM i rock 1979 og under plateinnspelinga etterpå. Utover tidleg 80-talet var bandet svært aktive med ulike spelejobbar.

Gullik-Ola

Innleiingsvis vil eg gje att to av dei mange historiene som enno lever etter denne bygdeoriginalen frå Flø.

Ein gong Gullik-Ola hadde rodd frå Flø til Vik (som vi seier om Ulsteinvik i daglegtale), trefte han på ein kar som spurde om å få vere med båten utatt. Det fekk han, for Ola var glad for å få hjelp til å ro båten i motvinden som var: «No kan du ro vinden, so kan ej ro båten fram.»

Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.

Gunvor Ulstein.

Gustav Adolf Olsen

Mannen hadde eit kongeleg namn, men han vart fødd i små kår og opplevde mange nederlag og omskifte i livet sitt. Han vart fødd 6. mars 1897 i Lardal i Øvre Telemark. Faren døydde då Gustav var 2 år, og det verkelege namnet hans kjenner vi ikkje.

Truleg bar mora etternamnet til første mannen sin, Olemine Tidemann. Gustav Adolf var den 6. i ein barneflokk som skulle leve opp utan forsytar. Heile barneflokken vart spreidd, og G. A. O. kom til Skottfoss og vaks opp hos fosterforeldra Amalie og Markus Olsen. Amalie var svensk. Markus var norsk og var artist i eit sirkus dei første åra, og G.A.O. fekk vere med.

Gutungen og havet

«Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusen-tal fiskarar strekkjer sin veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut
den fiskande gut.» (Elias Marøy)

Artikkelforfattaren fekk jobb med å vaske kveite, men her har eg møtt eit problem, kveita er større enn guten.

Gymnas, ungdomsskule, sjukeheim, barnehage og ny skule på Ulstein

I løpet av 1970 vart det klart at det nye gymnaset på Søre Sunnmøre ville ligge i Ulsteinvik og få det førebelse namnet Gymnasklassane i Ulstein. Gymnaset ville starte med to klasser frå hausten 1971, ei engelskklasse og ei realklasse. Våren 1971 tilsette departementet rektor og lektorar til det nye gymnaset. Arne I. Jørgensen vart rektor, og den seinare rektoren og ordføraren i Ulstein, Jan Berset, var mellom lektorane. Den 19. august 1971 starta gymnasklassane i Ulstein sitt første skuleår i realskulebygget i Bjørndalsvegen. Opninga vart markert med mellom anna middag på Central Pensjonat i Ulsteinvik. Hausten 1972 var det klart at det framtidige namnet på skulen ville bli Ulstein Gymnas.

Fredag 26. oktober 1973 var det vigselsfest for Ulstein ungdomsskule.
Fredag 26. oktober 1973 var det vigselsfest for Ulstein ungdomsskule.

Haddal Notlag

Sesongane 1951, 1952 og 1953 var eg lettbåtroar og altmulegmann på halv lott i Haddal Notlag. Notbas var Ingolf Myrene. Vi heldt oss i lettbåten, ein liten robåt, i time etter time gjennom kveldstimar og nattetimar. Eg ved årane, og Ingolf ståande med loddstrengen, og med eit skarpt blikk bortover sjøen, speidande etter sildesprett (-vak).

Notbas Ingolf Myrene

Haddal på kartet

Eit vindauge i tida

Vi hadde alle eit nært forhold til Ludvik. For oss som vaks opp i Haddal etter krigen var både butikken «Borja» og mannen ein modell for korleis ein butikk og ein kjøpmann skulle vere. Haddal utan Borja og alt som var der, var utenkeleg.

Ludvik Moldskred, 1895-1994

Hallbjørg Hop – omsorgsperson og kulturberar

Hallbjørg Hop var fødd i Sundgothuset (der skomakar Gunvald Sundgot hadde verkstad i Kyrkjegata) 12. mars 1912. Ho budde ei kort tid i huset til Marta Hovden i Vikemyra (Marta var fadder på Hallbjørg) til familien flytta til topphusvære i Fredheim i 1914 og seinare til nybygd Sunnmøre Ungdomsskule på Reiten i 1918. Her budde familien til dei fekk eigen heim i Osnesbakkane i 1940. Hallbjørg var såleis ektefødd ulsteining, og budde mesteparten av livet i denne kommunen som ho var så sterkt knytt til gjennom arbeidet, både som organist i Ulstein kyrkje og som frivillig kulturberar i ulike samanhengar.

Hallbjørg Hop. Fødd 12. mars 1912 - død 14. september 2006.

Hallstein Saunes sr.

Denne artikkelen skal handle om ulsteiningen Hallstein Asbjørn Saunes, krigssiglar, utesiglar etter krigen, langvarig Bergesen-tilsett og idrettsmann med VM-tittel.

Overstyrmann Hallstein Saunes på toppbrua i 1951.

Hallvard Hasund

Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Initiativtakaren og grunnleggaren av denne bedrifta var Hallvard Hasund. Han vart fødd på plassen Sandbakkane i Hasund 31. mai 1908. Foreldra var Andreas H. Hasund f.  1867 og Marte Sofie f. 1875. Hallvard var den nest yngste av 5 sysken, 3 jenter og 2 gutar.

Hallvard Hasund - 65 år gammal.