Daglegliv på eit småbruk for nokre tiår sidan

I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som  i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.

Hesjing på Klubbeneset. Frå venstre ser vi Nelly Garshol (no Lie), Mona Kleven (no Blindheim), Marie Garshol, Nikodemus Garshol, Oddlaug Kleven med Lovise Kleven (no Helvig) framføre seg og Lovise Sollid heilt til høgre.

Fløminne del 2

Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.

Oluffa Flø saman med dei 5 døtrene sine i 1946. Bak frå venstre Åsta Gundersen, Ingeborg (Borg) Runde, Ragnhild Herland. Framme frå venstre: Hanna (Tulla) Olsen, Oluffa Flø, Signe Høyvik

Leif Hatlø f. 13.04.06 på Hatløya, d. 30.05.83

Foreldre: Johannes Hatlø og Petra Bakke Hatlø. Han var bonde, fiskar, snikkar og tømmermann. Det er sagt at Johannes var ein meister med å rigge opp seglskuter, og broren Peter bygde dampbåt med propell og diverse utstyr. Johannes hadde gått i lære i bygnings- og snikkarfaget hjå Olavius Ringstad og var i dette yrket  ei tid. Han reiste ein del på kysten på  ulike anleggsoppdrag. Heime hadde han ei dyktig og samvitsfull kone som tok seg av drifta der.

Verftseigar Leif Hatlø

Litt om slekt og familie

Gurine Marie Karlsdatter Ulla vart fødd i Larsgarden på Ulla i 1876. Ho hadde 6 syskjen, så Ingeborg og Karl H. Ulla fekk ei stor etterslekt. Karl var statslos og dreiv gard, og var  ein velståande mann etter den tids målestokk. Eg veit lite om Gurine frå barneåra, men far brukte å herme etter presten som konfirmerte henne. Han snakka halvemål og skarra på r-en, så r-ane i Gurine Marie fekk ein ekstra snert, og etternamnet vart Hulla.

Livet på Borgarøya

Far min Toralf Hatløy (f. 22.11.1898 d. 25.07.1937) var son til Tomas E Pedersen Hammervoll og Karen Petersdatter Hatløy. Tomas var kystlos i Nordenfjeldske dampskipsselskap i heile si karriere. Han var ei tid, fram til 1906, deleigar i bruk 1 på Borgarøya, seinare budde han truleg i Kristiansand. Laurits Andreason Dragsund vart etter kvart stefaren til far. Laurits og far dreiv med krabbefiske og garnfiske i lag.

Minne frå tidlege barneår

Eg vaks opp i ei tid då “verda” var der eg budde. Verda var i “min veg”. På denne tida kjende alle alle. denne tida var dei fleste på fornamn med kvarandre. Det var berre nokre få det vart brukt etternamn på når vi snakka til eller om dei. Det var ei tid då somrane var lange og varme. Det var ei tid då snøen og dei islagde vatna kom fort og forsvann like fort.

Minner frå Ringstaddalen

Ringstaddalen ligg i retning sydvest- nordaust og åpner seg ned mot Haddal, og endar fram mot Løkeberget som stenger i nord. Ved foten av Løkeberget ligg garden Løset, og avstanden frå Haddal til Løset er vel 4 km. I fremre av enden av dalen ligg eit kryssande dalføre som går framover mot Fjelle, og der vegen går vidare over Brekkene og ned mot Hareidseidet. Nedanfor Løset ligg Løsetvatnet der utlaupet er kjelde til elva som renn gjennom dalen.

Norvald Skeide – gründerånd og pågongsmot

Norvald Skeide vart fødd på Skeide  i 1915 og døde i 1986, og var den eldste av 5 brør. Faren, Nils Johanson Skeide, døydde då Norvald var berre 14 år. Dette vart ei hard og vanskeleg tid for familien i byrjinga av 30-åra, og Norvald måtte ta ansvar for mor og søsken, slik det gjerne var den gangen.

Olav Ulstein

Barndom og ungdom

Olav vart fødd 17.03. 1921 i Ulsteinvik. Foreldra var Sina og Julius Ulstein. Olav var den tredje av seks born, fire gutar og to jenter. Ola, som han vart kalla, var den som alltid skulle prøve ut nye idear.  Han var ein våghals, full av energi og uro. “På- fynstre”, sa far.

Våren 1931 vart mor innlagd på Kysthospitalet i Stavern med tuberkulose. Ho vart verande der i to år. I denne tida, og sidan periodevis, budde Ola hos ulike onklar og tanter. Kanskje var dette omflakkande tilværet i barndommen, og engstelsen for mor, ei årsak til uroa han hadde i seg.

På sild- og torskefiske vinteren 1916

15.åring som “Leigdemann”

Eg  vart konfirmert hausten 1915. Då eg ikkje fekk vera med ”Ulf” som sei- dragar i sildefiska i 1916, tenkte eg: ”Eg orkar ikkje å tre haud og bunte ryggar å ”Ulfbuda” fleire vinterar.” Derfor tok eg meg plass som ”leigde- mann” med Hans Dimmen og Iver Skeide. Løna for sild- og torskefiska var kr.150.00 pluss fri kost og hus.

Storsei i Storfjorden

Så langt som folk veit om har det vore eit fiskemiljø ved Yksnøya. Der finst storseiden. I gamle dagar måtte ein ha seidagn, ongel, seidestreng og blystein. Frå seidestrengen og opp hadde ein hampesnøre som vart hala med hand. Agnet var sild. I seinere tid har hampesnøret vorte utbytt med  sen, og det har vorte lettvintare å få tak i makrell til agn, og den er kanskje vel så fiskjen som silda.

Tragedia som råka Haddal

Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst. For å spare olje hadde dei sett segl, og stoppa motoren. Det var ein nord- austleg bris og solskin. Midt mellom Grasøyane og Fallja (Vallabåane) blei  dei pårent av lastebåten «Wilfred» frå Trondheim. Fem mann omkom – to blei berga. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på Oskar Garnes som var 16 år den gongen. Oskar blei seinare ein kjend og respektert fiske-og ishavsskipper, som gjekk i bresjen for å koste skuta «Sjannøy» i 1949.

I eit lydbandopptak gjort av Konrad Myrene fortel han om si oppleving, og den er gjengitt tilnærma ordrett, men oppstykkja med mellomtitlar.

Ulstein kristelege blandakor

Kristne menneske har songen som  ein viktig reiskap i samlingane sine. Det har vore sunge mykje i våre grender. Den gode salmen har oppbygt mang ei sjel, der teksta hadde  eit evangelisk innhald. I dei ymse høgtidene, i festar og vekkingstider fekk songen ein ekstra plass. Songen  fylgde med i kvardag og helg. Folk la  varme i songen, og dei song ofte. Dei  som hadde god songstemmer, vart høgt verdsette. Prestar, klokkarar og lærarar vart ofte leiarar for songvalet, og leiinga av kora. Desse var med å skipe korsongen.

Ulstein kristelege blandakor med dirigent Magne Grimstad sr. 1.rekka: B.Landro, J. Justad,E. Skinnes, J. Botnen, O. Flø, J. Garshol, O. Holte, J. Hatlø, O. Ulstein, B. Ulstein. 2 rekka:I. Saunes, O. Gardshol, E. Ulstein, S. Sætre, M. Gardshol, G. Mork, A. Roppen, M. Osnes, A. Hernes, A. Sæter,. 3.rekka: J. Ulstein, O. Osnes, M. Osnes, O. Ulstein, H. Røyset, O. Botnen,J. Saunes, O.L. Ulstein, A. Yksenøy, H. Flø, I. Skeide, L. Skeide, F. Hofseth, H. Ringstad, H.J. Ulstein, E. Løset