Dei første 150 åra var kristendomskunnskap og lesing dei dominerande faga i skulen. Det meste av leseopplæringa gjekk også føre seg i tilknyting til religiøse tekstar. Skulelova frå 1739 opnar for at borna kan lære å skrive og rekne, dersom foreldra ynskte det.

Men for det første kunne lærarane knapt skrive og i allefall ikkje rekne sjølve, og for det andre skulle det gå heilt fram til andre halvdel av 1800-talet før foreldre på landsbygda var særleg interessert i at borna deira skulle lære meir enn det mest naudsynlege.

Biletet til høgre: ABC-hanen var eit symbol mange generasjonar av elevar har lært å kjenne. Hanen var i bruk i nesten 200 år og sto som ei oppmoding om å stå tidleg opp og vere flittige. (Eiksund skule)