Å vere lærar, eller «skulehaldar», hadde låg status heilt frå starten. Folk flest såg ikkje med særleg velvilje på skulen. For dei var dette berre ei ny utgift som dei vart pålagde av den forhatte danske-kongen. Det kom ikkje statspenger til å drive skule for; utgifter til Iøner og læremiddel måtte bygdefolket dekkje sjølve. Det kunne vere ei nokså utakknemleg oppgåve å gå frå gard til gard og tigge til seg den Iøna ein hadde krav på.

Løna var låg – så låg at det var uråd å brødfø ein familie. I og med at det var skule berre nokre månadar på vinteren, ville læraren vere arbeidslaus store delar av året. Læraryrket vart ofte ein utveg til ekstrainntekt for flinke, men fattige unggutar, eller menn med fysiske funksjonshemningar. Presten passa på å pluk­ke ut dei beste av konfirmantane for å prøve å overtale dei.

For å få unge menn til velgje læraryrket for ei periode, freista styresmaktene med skattefritak og fritak frå militærteneste. I heile dansketida var det stor uvilje mot «å gå i danskekongens sine klede» – og sjølv om ein måtte vere lærar i 10 år (seinare 7), kunne det vere mindre forsmedeleg enn militærtenesta. Ordnin­ga med fritak frå militærteneste sto ved lag til 1876.

Biletet til høgre: Dette oljemåleriet frå 1650-åra syner «ferlen» i bruk. Motivet er henta frå ein landsbygd-skule i Irland. (Maleri av Jan Steen)