– Eg vil ikkje sjå henne.

– Det kan du. Det er ikkje slik du trur, svara jordmora.

Jenta som sat i trappa og venta på at den nye familiemedlemmen skulle kome til, gret.

Ho hadde hatt eit ynskje om å få ei syster. Ho som vaks opp saman med to storebrør. Rett slemme kunne dei vere. Som den gongen dei synst ho tok seg til rette og forsynte seg av deira priviliegier i heimen. Sjølv om ho eigentleg berre hadde tatt sin rasjon av mors heimebakst, så var det naturlegvis rangen som gjaldt når mor ikkje var tilstades. Då måtte jenta avstå sin rasjon til brørne. Denne gongen gjorde ho ikkje det, og straffa kom. Gutane såg berre på kvarandre, nikka, og tok jentungen i kvar sin ende, bar ho ut på trappa, og kasta henne inn i solbærbuskene. Det svei. Ho ville ha ei syster! Ein alliert! Men dette? Kva var det ho hadde fått?

– Eg vil ikkje ha dette! Dette er ikkje eit barn. Ho er jo både grøn og mygla!

Men mor ville ha jentungen som nett var kome til, og som mest hadde kosta henne livet. Blodtapet var stort, mødesamt hadde det vore. Men ho hadde fått den hjelpa ho sårt trengte i kampen som stod om eige og det nye livet. Slåst hadde ho gjort. Saman med ein engel. Som ikkje berre hadde kunnskapen, men roa, trua, intuisjonen og viljen til å stå dette løpet saman med eit menneske som stod i ytterpunktet av sin eigen eksistens. Så nær er døden i livet.

Jordmora hadde kome tidleg til og skjøna at dette kunne verte vanskeleg. Det var midt på sommaren, og eit nytt menneske skulle kome til på Saunes. Det var 1. juli, og sommaren hadde vore klam. Kvinna var femtegongsfødande og venta spent på jordmoras vurdering.

– Eg trur eg vil hente Røyneland, sa ho, og hivde seg på sykkelen. Kvinna kunne lite anna gjere enn å vente. Det kunne heller ikkje Oddny vel komen på kontoret til legen som ho akta høgt. Ho hadde ofte tenkt på kor ansvaret måtte tyngje hans skuldre, åleine som han var i dette samfunnet, med ansvaret åleine for så mange menneskes liv og helse. Ho banka på døra. Han kom sint og forkava ut, såg det var ho, og smelte att døra. Oddny sette seg ned og venta. Ikkje fordi ho hadde tid eller for at det ikkje hasta med den fødande og barnet hennar, men intuitivt visste ho at grensene i denne mannen også hadde vorte strekte denne dagen, som så mange andre av hans virkedagar. Ho sat stille. Og lytta. Det var tyst på legekontoret. Det gjekk fem minutt, så opna han døra, smilte til henne, og var klar til det som måtte krevjast av han. Han køyrde til Saunes, og saman fekk desse to forløyst barnet som mest hadde vorte kvalt av navlestrengen. Mor hadde mist mykje blod, og var sliten. Far henta oksygenflaske på slippen, slik at ungen fekk luft nok.

Oddny vart min veg inn i livet.