Hausten 1972 slår ei avis som Sunnmøre Arbeideravis fast i eit spesialbilag om kommunen at det er ingen ting i horisonten som tilseier at veksten i Ulstein vil stoppe. Kommunen står framfor mange og store utbyggingsoppgåver. Samtidig er veksten avhengig av god og planmessig styring. På det nye rådhuset møter SA to nøkkelpersonar for det som held på å skje i Ulstein desse åra, kommuneingeniør Bjarne Reite og kontorsjef Asbjørn Waage.

Førstnemnde er innflyttar frå Herøy, Waage er ulsteining i sjel og sinn. I ettertid veit vi at det framsynte planarbeidet til denne duoen la eit viktig grunnlag for den tettstadutviklinga Ulsteinvik har hatt til denne dag. Ein viktig del av arbeidet deira var å syte for at kommunen fekk hand om store tomteareal i åra som kom:

– Målet er at kommunen skal ha ein vekst på 70-75 husvære årleg, men det har diverre ofte vist seg vanskeleg å få hand om nok grunn. Årsaka er den dårlege bemanninga ved sorenskrivarkontoret, og dermed blir grunnkjøp til bustadformål forseinka. I kommunen eksisterer det i dag skjønnskrav som er to år gamle, og som enno ikkje er avgjorde, fortalde Reite og Waage, og heldt fram: – Holseker/Hofset-området med sine 450 mål er eit av dei områda som kommunen må satse mykje på å få hand om. I dette området er det også plass til institusjonar både i kommunal, fylkeskommunal, statleg og privat regi. Gymnastomta blir regulert inn i dette området, og det blir også arbeidd med idrettsanlegg i tilknyting til gymnaset. Vidare har Misjonssambandet planar om ein kombinert dagheim og barnepark her. I ettertid veit vi at dette siste vart til Tryggheim barnehage, den første verkelege barnehagen i Ulstein.

Så fortel Reite og Waage om planane sine for område som ligg utanfor sentrum. Haddal må få ei tilfredsstillande utvikling. I bustadfeltet Solsida var bustadbygginga i dei 40 måla alt i gang i 1972, og arbeidet med kloakk hadde starta. Dei første bustadene her stod klare til innflytting ved juletider 1972. Her var det også alt planlagt eit idrettsanlegg, som vi seinare har lært å kjenne som Solsida stadion.

I utmarka på Sundgot var det planlagt eit bustadfelt på 280 mål. Namnet på feltet var hausten 1972 enno ikkje bestemt. I dag kjenner vi det under namnet Sundgotmarka. Namnet Kjerringneset var i bruk, men med eit glimt i auget ymta kommuneingeniør Reite om at ingen ville busetje seg i eit område med eit slikt namn. Kontorsjef Waage på si sida meinte at Solstrand kanskje kunne vere eit brukbart namn, for ikkje så langt frå dette området låg det ei bedrift med namnet Solstrand Trelasthandel. Samtidig hadde Kleven Mek. Verksted i eigen regi alt bygt ut eit felt på 25 hus i området.

I sentrum skulle verfta Hatlø og Ulstein byggje ut 34 rekkebustader. På dette tidspunktet hadde Ulsteinvik for alvor teke til å vekse oppover fjellsida. Bugarden-feltet var på det næraste bygd ut. Støylane/Høddvoll-området var også utbygd med tanke på husvære så langt det var regulert. Derfor såg kommunen at det hasta med nye bustadfelt.

Fordi bustadfelta var – og ville bli – konsentrerte, la kommunen vekt på å legge inn trivselsmoment som leikeplassar og liknande. Dessutan talde omsynet til dyrka jord enno mykje på 1970-talet: – Vi har lagt vekt på å legge bustadfelta til udyrka jord. Denne linja er følgt av prinsipielle omsyn. Vi ønskjer å ta vare på mest mogleg av jordbruket, og samtidig blir grunnkjøpa ofte billigare. Opparbeidinga av bustadfelta skjer elles etter sjølvkostprinsippet. Husbyggjarane må sjølve dekke utgiftene til veg, vatn og kloakk, fortalde Reite og Waage.

Utbygginga av vassforsyninga var også godt i gang i kommunen. Det var tre private vassverk som for det meste hadde stått for utbygginga. Dette var vanleg i vårt område på den tida. I Hareid hadde dei òg tre vassverk, eitt på Hareid, eitt i Brandal og eitt i Hjørungavåg. Først eit par tiår seinare tok kommunen gradvis over vassforsyninga. Men dei private vassverka samarbeidde med kommunane, og fekk økonomisk støtte i tillegg til det dei kravde inn frå abonnentane. Det var då kravet til større forsyning og reinare vatn skaut fart, at kommunane måtte sterkare inn og til slutt tok heilt over.

Ei anna sak i vekstsenteret Ulsteinvik var kloakken. Målet var å føre mest mogleg av kloakken ut i ope hav. Hausten 1972 var Reite og Waage spesielt bekymra for Holseker/Hofset. Her var kloakken dårleg utbygd:

– Vi leitar med lys og lykte etter tiltak som kan motverke at kloakken frå dette feltet blir ført ut i hamneområdet i Ulsteinvik og skaper alvorleg forureining, fortel dei.

I ettertid veit vi at kloakkforureininga i hamnebassenget i Ulsteinvik var eit problem til ut på 1990-talet.

Reite og Waage var også bekymra for vegstandarden. Utbygginga av vegnettet hadde ikkje gått så raskt som dei ønskte, og standarden på store delar av vegnettet var lite tilfredsstillande. Fast dekke var eit mål på fleire av vegane i kommunen. Bilparken voks raskt, og dermed ville det også vere behov for fortau og gangvegar. På dette punktet låg kommunen i bakevja.

I arbeidet med den første generalplanen for Ulstein la dei ikkje skjul på at næringslivet i kommunen var sårbart. Ein konjunktursvikt kunne få alvorlege utslag fordi næringslivet var nokså einsidig. Målet var derfor å legge til rette for ei utvikling mot eit meir allsidig næringsliv. Derfor var det då også så viktig med langsiktige planar:

– Det er viktig med eit godt samarbeid mellom næringslivet og kommuneadministrasjonen dersom den sterke veksten som Ulstein har hatt dei siste ti åra, skal halde fram, understreka Reite og Waage i samtale med Sunnmøre Arbeideravis. Målet var at Ulsteinvik skulle utvikle seg til regionsenteret for kommunane på Vestre Sunnmøre. Dette var også eit mål i fylkesplanen. I den samanheng hadde fylket alt vedteke å plassere ei rekke interkommunale institusjonar i kommunen: Ulsteinvik fekk i 1961 eit nytt statleg kontor; eit av distriktsarbeidskontora vart lagt hit. Kontoret skal omfatte kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Syvde og Rovde.

I 1964 vart det avgjort at distriktsrevisoren for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre skulle ha kontor i Ulsteinvik. Seinare kom mellom anna gymnas, dagheim for psykisk utviklingshemma og sjukeheim.