Som vi hugsar hadde Ulstein Vassverk satsa på Garnesvatnet som vasskjelde. Men i lengda kravde utviklinga i Ulstein meir vatn. I 1968 var det klart at første byggesteg for Ulstein Vassverk med omsyn til å ta i bruk Mosvatnet som vasskjelde; det ville gi vatn nok til 10.000 menneske. Tanken var at dei skulle byggje eit uttak eit stykke nedanfor vatnet. Det ville så bli nytta eternittrør fram til Ulsteinvik. Ei rørgate skulle gå fram til områda ved Høddvoll, ei rørgrein skulle over til Gåsneset, og det nye nettet skulle så koplast saman med dei gamle leidningane på Halseneset.

Frå dette punktet ville det så bli sendt ei grein over til Dimnøya i ei samankopling med rørgata frå Garnesvatnet ved Kleven. Ei anna grein frå Garnesvatnet skulle sendast vestover på sørsida av Dimnøya. Men folk i Hareid ville ikkje utan vidare overlate Mosvatnet til ulsteiningane. Det skulle stå strid om Mosvatnet i mange år.

1964 vart eit godt år for skogplantinga i Ulstein. Kommunen hadde lege etter nabokommunane på dette området, men no byrja det å hjelpe. Det vart planta meir enn nokon gong før, i alt 215 mål var ferdig planta og 54.100 plantar komne i jorda. Plantinga kosta knapt 13.500 kroner, og staten betalte 65 prosent, kommunen 15 prosent og grunneigarane 20.

I 1968 vart det teke initiativ til å starte saueavlslag i Ulstein. I kommunen var det 1400-1500 avlssauer, og det såg ut som om talet var aukande. Mjølkeproduksjonen gjekk derimot no over på færre og færre bruk, der dei minste brukarane gjekk over på saueavl.