Han var disponent for selskapet frå 1922 til selskapet vart avvikla i 1966.
A/S Skjervøy var ein trygg og god arbeidsplass. Selskapet gjorde det jamt bra, for det hadde dugande folk både ombord og i land.
Likevel hende det ei tragisk ulukke på sildefeltet i 1933 der fire menn omkom. Tre av desse var mannskap på D/S Skjervøy Det vart ei bygd i sorg og sår som vanskeleg kunne lækjast.
I denne samanheng står det slik i jubileumsskriftet til A/S Skjervøy: «Då kjem ein stråle av lys oss i møte. Der lever ei von om eit liv som varer lenger …. Det er tung sorg når yrkesbrør fell frå på denne måten. Men fiskaren kan ikkje gje opp, og verksemda held fram.»
Knut Strand var også styremedlem i havfiskeselskapet A/S Snorre, og formann i styret for Ulstein forbruksforeining i 1937 I 1927 vart Ulstein nye Sparebank skipa, og Knut Strand var ein av dei som tok seg av dette, og var ein av grunnfondsinnskytarane. Her vart han vald til kasserar med plikt til å gjere teneste som hokhaldar, rekneskapsførar og sekretær. Dette var han frå 1927 til 1937.
Men før dette hadde Knut Strand vare medlem av styret i Ulstein Sparebank, eller «Risebanken» som han vart kalla på folkemunne. Det vart vanskelege tider, og banken måtte avvikle. Knut Strand vart formann også i avviklingsstyret.
Men han var ikkje berre ein dugande politikar og foretningsmann. Han var også ein mykje brukt talar på møter og festar, og han var søndagsskulelærar.
Han var med i Hasund søndagsskule frå 1925 til rundt 1950, og stod som leiar frå 1925 til 1946. Han var ein trufast arbeidar i søndagsskulen som møtte fram så sant han var heime.
Ei lita hending frå tidleg i 1940 må nemnast her. Det skulle vere søndagsskule. Men det kom tyske bombefly som skulle bombe fiskebåtar som låg inne ved Dimnasundlandet. Det vart ikkje søndagsskule på den vanlege plassen i lisjesalen i bedehuset. Alle barna vart samla i kjellargangen, og Knut Strand og dei andre lærarane prøvde å roe alle dei redde ungane som naturleg nok ville heim att.
Det vart ein litt annleis søndagsskuletime.
Knut Strand bar fram bodskapen på ein lavmælt og inderleg måte, enten det var som talar på eit misjonsmøte, ein julefest eller på søndagsskulen. Det var stilt i salen når Knut Strand stod på talarstolen.
Slik eg hugsar han var han lavmælt, og kanskje litt beskjeden, men med klare meiningar og standpunkt. Han møtte sine medmenneske med eit smil og vennlege ord.
Knut Strand døydde 16. februar 1980. Ein person som bygda og landet kan vere stolte av var gått bort.
Kjelder:
Bygdeboka for Hareid og Ulstein
A/S Skjervøy, Ulstein 50 år
Ulstein Sparebank 1927-1977
Festskrift for sundagsskulen i Ulstein 1895-1945
IKA Møre og Romsdal Arkiv og kulturformidling
epos. stortinget.no–KNST.
Odelstingstidende 14-35
Samtale med Johan K. Hasund Samtale med Otto Strand.
Artikkelen over er skriven i 2007. Vi vel her å ta med også det Vikebladet skreiv i samband med Strand sin 75-årsdag i desember 1962:
Stortingsmann og gardbrukar Knut Strand fyller 75 år fredag 7. desember.
Han er vaskeekte sunnmøring, fødd og oppvaksen i Ulstein. Han gjekk landbruksskulen og tok over farsgarden i heller ung alder, då faren døydde berre 56 år gamal. Mor si misste Knut då han var nyfødd. Likevel har det gått godt, endå det også seinare har møtt han både sjukdom og død, med den sorg og smerte som fyl med i ein heim i slike høve, der mora vert borte med fleire mindreårige barn etter seg.
Likevel har Strand halde fram med å arbeide for dei saker og ting han fann verdt å arbeide for, både for dette liv, og det som ventar oss alle.
Far hans kjøpte lut i eit fiskedampskip ved hundreårsskiftet, og var dermed mellom dei første i omskipinga av driftsmåtane i fiskerinæringa.
Sonen Knut kom såleis til å stå dette yrket nær innpå livet, og såleis fekk han det i blodet at der var noko for folket der ute ved havet å arbeide vidare med. Han har difor halde fram med dette heile livet, og er enno disponent for havfiskeselskapet Skjervøy, og då den første disponenten døydde heller snart, vart Strand disponent, og er det som før sagt enno, og selskapet hans står seg framleis godt.
Elles har Knut Strand vare med i bygdestyringa i tretti-førti år.
Han kom som ung mann inn i kommunestyret og formannsskapet, og var varaordførar, og i trettifemårsalderen vart han ordførar. Elles har han vare med i mest alle styre og nemnder som ein kommune må ha. Han har også vare med i fylkesutvalet og vare formann i fylkestinget.
I ung alder var han varamann til Stortinget, vald av Venstre, og møtte fleire gonger i kortare og lengere bolkar til han i 1937 vart vald til tingmann, og var det med unnatak av ein valbolk til i 1958, då han slutta for skuld framskreden alder.
På tinget var han både ein vyrd og høyrd mann, og i si gruppe var han ofte sett sers høgt, og hadde tillitsyrke der. Endå sit han som formann i styret i Norges Bank i Ålesund.
Strand har heile sitt liv vare organisert fråhaldsmann, og i kristelege organisasjonar og andre har han halde foredrag og talar i mange høve og ved mange tilstellingar.
Knut Strand vaks opp i ein heim der ånda og boka sat i høgsetet, saman med gudsfrykt og nøgsemd.
Andreas Strand, faren hans, gjekk Kuløys folkehøgskule, og fekk der ein kveik som varde livet ut, og som han i rikeleg mun førde vidare til andre, og mest til denkjenslevare sonen.
Knut Strand har vare, og er mest som eit lys utan skuggar, og det fyl han så lite bråk og ståk, men han er likevel ein sterk mann med ein moral som ikkje går på akkord med det han trur er sanning og rett.
Ein gild mann rundar milepelen i god form – i ei ånd som ein ungdom, men med ein krans av sylvgrått hår kring ei snau isse som pyntar som ei vakker råme kring eit vakkert bilete.
Det er ei ære å ha ein slik far og ein slik mann i bygda.
Og då jubilanten er borte på åremålsdagen, må vi nøye oss med å gratulere og ynskje tillukke både han og hans på denne måten.