Med utgangspunkt i Hans Thoresen Ulstein (fødd 1. juli 1884) sine nedteikna minne frå ungdom og vakse liv som bonde og fiskar frå Ivagarden på Ulstein, vil eg freiste å få fram eit bilete av aktiviteten på strendene våre frå hundreårsskiftet og inn i det 20. hundreåret. Ei viktig kjelde er også semesteroppgåva til Tove Th Ulstein på DH i Volda i 1991 og bladet Adventa i 1970, der han fortel om sin barndom og ungdom, 86 år gamal. For å forstå korleis ein klarde seg med dei mangslungne oppgåvene som måtte til for å ha mat på bordet, til ofte store familiar, så trur eg og det er viktig å få fram samhandlinga mellom kyst og indre fjordstrøk. Der har vore stor kontakt, og mange har kome utover for å finne ein næringsveg, og dei fleste i heile området har drive fiske om vintrane.
Ivagarden vert til
Han som fekk bygselbrev frå C.F.Rønneberg og gav namn til garden var Ivar Olson Masdal frå Vartdal i 1804. Han gifte seg med Johanne Hansdotter frå Fram-Rise. Eldste son deira, Hans, overtok garden og gifte seg i 1836 med Ingeborg Anna Rise frå Nedre Rise.