John Kleven vart kjend som frontfigur og verftseigar. Han var kjend og respektert både i industrimiljøet og i lokalsamfunnet, og opparbeidde seg eit ry som ein folkeleg og jordnær bedriftsleiar.
Faren Marius Kleven starta Kleven Verft i 1944. John og dei tre brørne hans, Arthur, Magnar og Asbjørn, kom tidleg med i verftsarbeidet og blei kjende mellom folk som Kleven-brørne. John tok over som dagleg leiar av verftet i 1964. Samtidig vart verftet omgjort til aksjeselskap med dei fire brørne som likestilte eigarar. Dei fekk kvart sitt ansvarsområde i verksemda. Det skjedde stadige utbyggingar ved verftet – som tok på seg større og større oppdrag. I 1975 vart dotterselskapet Kleven Industri AS på Rovde i Vanylven etablert, og i 1980 tok dei over konkursråka Løland Verft i Sogn. I 1989 tok dei over dei to tidlegare Ankerløkken-anlegga i Florø, gjennom det nyskipa dotterselskapet Kleven Florø AS.
I 1990 vart Kleven Mek. Verksted fusjonert med Kværner-konsernet og fekk namnet Kværner Kleven Ulsteinvik AS. Då var det 850 tilsette i Klevengruppa, og resultatet i 1989 var 125 millionar kroner og med ein mektig ordrereserve. Men etter nokre år ville Kværner ut av verft. John Kleven og brørne hadde tru på at norske verft kunne ha ei framtid, gjekk saman med Hareid Elektriske-gruppa og kjøpte tilbake verfta. I 2000 såg Kleven Maritime AS dagens lys, med Kleven Verft, Kleven Florø (selt igjen i 2006) og Myklebust Verft. Han var med i kommunestyre og formasnnskap.
John Kleven har engasjert seg breitt – i kultur, samfunnsliv og industri. Han var styreleiar og styremedlem i Vestlandske Fartybyggjarlag og TBL- skip. Han støtta lokal kultur og var ein ivrig korsongar, medlem i blandakoret Con Moto, der han rett som det var stilte som solist. Innspelinga av den flotte versjonen av «Himmelske Fader» med John Kleven som solist er ein del av kulturhistoria lokalt. John fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.