Johannes vart fødd inn i ei stor familie i Ivagarden 11.2.1924. Foreldra var Hans Th Ulstein (1884-1979) og Lina, f. Sundgot (1885-1973). Før han, kom der fire systrer, Gullborg (1912), Henny (1916), Ågoth (1918), Ruth (1922) og ein bror, Hermod (1920) som døde berre 8 år gamal.

Hans og broren Anton, kjøpte Ivagarden av C.A. Barstad i 1907 (kr 3200). Dei delte garden i 1911, men hadde løebygninga i lag. I 1923 løyste dei hopehavet og Hans overtok våningshuset medan Anton bygde seg nytt (Solvang). Den tredje broren Laurits kjøpte ein parsell av Hans (kr 200) i 1926 (Nerheim).

Ein spennande barndom

Johannes var altså einaste son som vaks opp på Ivagarden, og var 5 år då broren Hermod døde. Han hadde noko dei seinare kom til måtte vere CP. Han datt mykje og gjekk med skrubbsår og blåmerke det dei kunne hugse, systrene bar han ofte med seg i leiken.

Barndommen og oppveksten til Johannes var nok noko av det mest spanande og opplevingsrike ein kan tenkje seg. Fjell bakom med torvmyrar og løypestrenger  til gardane, markar der det vart slått og hesja til mjølkekyr og sauer, fjøre og hav med færingar i fellesnaust ved Ivasanden.

Johannes har skrive ned minna sine frå den første tida, og frå desse har eg teke med eit utsnitt frå dei ymse epokane. Mykje interessant og artig der!