Nils Grønmyr, fødd 09.03.1910 og død 26.06.1995, budde heile sitt liv på heimegarden Osneslegane i Ulstein. Han var i heile sitt yrkesaktive liv kontormann, først ved Hatlø Verksted og seinare ved Ulstein kom. El-verk.
Han var ein ekte bygdepatriot og levande interessert i idrettslaget Hødd. Sonen Arthur har skrive av artikkelen om faren. Teksta er henta frå heftet om Grønmyrslekta i Ulstein (gnr. 7, bnr. 8). Asbjørg Hasund Grønmyr har samla stoffet i dette heftet.
Det var vel på hausten 1941 at avgjerda om at alle radiomottakarar i Noreg skulle innleverast, og frå då av var det straffbart å ha apparat og å skaffe nytt utanom det ein fekk ved å lese den tysk-kontrollerte pressa.
Dette var ”harde bod” på minst to måtar: Vi hadde på den tid 2 apparat på Legene: Ein liten såkalla Folkemottakar innkjøpt ca 1934, pris kr 120,-. Første apparatet på garden. Dessutan hadde eg eit ”Tungsram”-apparat, kjøpt i 1938 frå Holen Radio, Ålesund, brukt, men reparert, pris kr. 200,- + kr 50,- for innebygd fiskeribølge. Det var hardt å måtte levere dette frå seg, alle rekna med at alle som eitt ville gå beinvegen til Tyskland. Alle apparat her var registrerte ved Televerket i Volda. Alle visste at tyskertane tok dugeleg i når dei kom over ein ”syndar”, og avsto heller ikkje å la det gå utover familien. Eg torde difor ikkje anna enn (med tungt hjarte) å pakke apparatet i ei høveleg trekasse og levere det inn.
Det var det eine. På den andre sida fann eg det utenkeleg å misse einvegskontakta over Nordsjøen, så når det gjaldt Folkemottakaren, vart vi einige om at den hadde ”slutta å fungere” for fleire år sidan og var kasta på skraphaugen. Imidlertid var dette apparatet i Brandal hos søster mi der, og det var avtale at dei ikkje skulle levere det inn, og at eg skulle hente det. Så kvelden etter starta eg på sykkel og med ryggsekk. Eg fekk apparatet i ryggsekken og skulle eit ærend til Åsmo-familien, som budde i Karl-haugen. Huset der var det siste før sperringa til ”Festung Kvitnes” Det var ein fin kveld, hugsar eg, stilt og med fint måneskin. Så langt hadde tyskertane på Kvitneset ikkje plaga folk med noko slags Gestapo-verksemd, så eg såg ingen fare eller dramatikk i å fare ut der. Eg fekk meg likevel ein liten støkk: På bakken, tett før eg skulle svinge ned til huset, sto 2 tyske offiserar i sine flotte uniformer. Dei var nok ute for å nyte den fine kvelden. For meg var det berre å fortsette som ingen ting. Eg såg at dei, som rimeleg var, fylgde med meg. Eg sette sykkelen langs veggen, hengde sekken på stanga og gjekk inn. Då eg seinare tok på heimveg, såg eg korkje tyskertar eller andre som ”ville meg vondt”. Apparatet var lite nok til at det gjekk inn i bakaromnen på den elektriske Grepakomfyren på ”inste kvisten” heime på Legene, og der ”budde” den dei første døgna. Blekkenslagar Sverre Kristensen laga passande kasse av galvanisert jern, slik at den kunne stå oppe i utmarka dersom ”alarmen” gjekk om Gestapo-besøk i bygda; og som hende av og til. . Første permanente gøymestad: I 1915 bygde far nytt hus på garden, og det gamle raudmåla huset som morfar min hadde bygt, vart nedrive. Men eit gamalt umåla ved- og reiskapshus stod att til lenge etter krigen. Det hadde jordgolv, og etter 50-60 års bruk som brenntorvlager, var det djupt ned til berget under. Her grov eg ei djup hole og sette ned ei solid trekasse med lok på. Dermed var det lettvint å ta opp og sette tilbake apparatet etter dagleg bruk i stova. På denne måten gjekk det eit år eller to utan at noko hende.
Om eg, dagen etter innleveringa, trudde at eg var åleine i Ulstein som hadde ulovleg radio, så tok eg skammeleg feil. Alt første dagane etterpå vart nyheiter, angjeveleg frå London, spreidde på ”gater og streder” og på arbeidsplassane. Innhaldet var ”umiskjenneleg likt det det eg hadde høyrt frå London med eigne øyre”! Altså: Eg var nok ikkje åleine. Alt anna skulle det syne seg! (Då krigen var slutt, prøvde eg for moro å telje opp alle stadar eg visste dei hadde ulovleg radio. Eg stoppa på 137! Men der var sikkert fleire.)
Ei lita morosam ”episode” kan eg nemne: Ein laurdag kom ein tysk M.T.B. til kai ved Hatlø`s Verksted A/S og bad om å få fylle vatn, og det kunne ikkje nektast. Dei såg ut til å ha god tid, og vart liggande til søndags kveld. Vi ansåg dei etter kvart til ikkje å vere farlege for bygdefolket; det var andre som tok seg av slikt. Den søndagen var ein fin solskinsdag. Familien var samla i stova og radioen sto på plass utan å vere i bruk. Brått kom Ingebjørg som var på tur frå Reiten, der ho budde, farande inn i stova og melde at 3 tyskarar var på veg mot huset. Karsten, som ikkje visste at M.T.B.èn framleis låg her, spratt opp som eit lyn, treiv apparatet og for på dør med det til kjellaren. ”Hakk i hæl” kom tyskarane og rusla fredeleg nedover mot sentrum. Eg gjekk straks ned att for å hente radioen oppatt, men kunne ikkje finne den nokon stad. På golvet sto ein diger stamp med ugjennomsiktig vatn etter skyling av golvtepper. Det rann i meg at han i den ”prekære situasjonen” hadde sett radioapparatet ned i stampen! Eg vart spikande sint over ”tapet”, og rende oppatt for å gi han ei kraftig skrape! Det synte seg at han hadde plassert han i ei kolmørk krå i potetkjellaren. Elles hugsar eg ikkje at vi hadde akutte tilfelle av nærgåande ”besøk”. Men av og til når jungeltelefonen varsla besøk av mistenkelege tyskarar som kunne vere Gestapo-folk, var det å putte radioen i jernkassa og bringe den opp i utmarka. Det hende eit par gongar at apparatet slutta å fungere. Ein lampe, eller eit rør som det heiter, vart utbrend. Arthur Rasmussen, som eg hadde god kontakt med, hadde plukka ut deler av eit apparat han hadde levert inn. Eg fekk eitt av desse som passa. Endå ei lampe blei ”svart”, og eg fekk dette også av han.
Etter eit år eller to med bruk av stova og gøymestad i vedskjulet, var Arthur, son min, vorte så stor at han høyrde og såg meir enn han ”skulle”. Lyttestaden vart difor flytta til fjøset. Fjøset var bygd på ein solid steinmur. Frå inngangsdøra på baksida var det ca. 1 m ned til grunnen For å få ut og inn folk og dyr var det bygd ei steinbru.
Seinare vart det oppsett eit romsleg tilbygg med skråtak frå fjøsveggen. Når ein gjekk inn døra frå enden av steinbrua, hadde ein sauefjøsen til venstre og ein romsleg grisebinge til høgre. Nedfor dørstokken til kufjøset grov eg ei hole og sette ned trekassa frå vedskjulet. Det hengsla loket vart forsterka slik at hesten ikkje skulle trø gjennom ved ut og inntaking. Til venstre ved veggen, tett innfor fjøsdøra, sto der ei stor tønne fylt med vatn til avkjøling vinterstid, og ved sida av den hestestallen. Tønna sto under ei vasskran. Ein kort leidningsstump frå kran til apparat var god antenne. Fjøset hadde berre ei elektrisk lampe. Haldaren stod lagleg til på ein bjelke i taket over døra. Normalt ville problemet vere at det mangla kontakt for støpselet på apparatet, men ikkje her! Saka var nemleg at eg fleire år før hadde kome over 2 fjuske-kontakter, ulovlege i bruk, men nyttige! Dei var så laga at over lampen hadde dei 2 uttak for støpsel, eit på kvar side. Dermed hadde eg ein lettvint og effektiv ”lyttestasjon” med fjøskrakken som einaste ”kontormøbel”.
Etter ei tid med flittig bruk gjekk Folkemottakaren i stå for godt og fekk ligge i fred i gøymestaden sin.
Men det var ikkje så farleg lenger, ettersom vi i mellomtida hadde 2 ”framande” apparat til midlertidig oppbevaring og gøymsle i høystålet i løa.