Då han som nyutdanna sivilingeniør begynte ved Ulstein Mekaniske Verksted i 1962, hadde bedrifta rundt 50 tilsette, og alle arbeidsplassane var knytte til verkstaden i Ulsteinvik. Då han 35 år seinare gjekk av som sjef for Ulstein-konsernet, var talet på tilsette 4500, dei var spreidde over heile verda, og omsetnaden hadde passert 5 milliardar kroner.

Alle er samde om at den eventyrlege utviklinga først og fremst var avhengig av strategen, nytenkjaren, skaparen, det idérike stå på-mennesket Idar Ulstein. Han er omtala som ein av dei største industribyggjarane i landet, og ein gong på 80-talet kåra eit svensk næringslivsmagasin han til ein av dei 15 beste bedriftsleiarane i Skandinavia. Men for å nå sine mål kunne han vere tøff, somme vil seie beinhard, og dei som sat ved same bordet som han, sa at temperamentet hans kravde at bordplata måtte vere tjukk. På denne vegen hadde han med seg mange dyktige medarbeidarar som var med på å realisere visjonane Idar hadde.

Idar var den nest yngste i barneflokken til Inga og Martin Ulstein, og som dei to eldre brørne sine voks han på det næraste opp på verkstaden til faren. Han var ikkje gamle karen første gongen Martin tok han med ut til Naustneset, viste han fram for arbeidarane og sa: «Her ser de den nye sjefen på Ulstein.» Om han sa det mest for moro, kan det godt vere at Martin alt då såg eit leiaremne i minsteguten. Men det var ikkje lenge far og son fekk vere saman. Idar var 14 år gammal då han følgde faren til bussen og bar kofferten hans. Martin skulle til Molde på fylkestingssamling. Det var den siste reisa han gjorde, siste gongen dei såg kvarandre. Same året tok Idar seg arbeid på Ulstein. Han var ferdig på folkeskulen, men måtte bli eit år eldre før han kunne begynne på realskulen. Han vart utstyrt med ei kvass øks og sett til å hogge døytlar (trenaglar). Etter den første – og blodete – arbeidsdagen vart han teken hand om og plassert på ein tryggare stad, på lageret. Der vart han verande det første arbeidsåret.