Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.

Han var sjømannsprest i England då han søkte og fekk sokneprestembetet i Ulstein. Han vil særleg bli hugsa for den modige og faste haldninga si under krigen då dei nazistiske styresmaktene ville tvinge presteskapet til å innrette seg etter deira ideologi.

Då gamle «Nordfjord» skulle legge frå kai i Ulsteinvik 11. april 1940 med unge gutar som skulle i krigen, var Nilsen der og tok avskil med kvar enkelt. Deretter steig han opp på eit oljefat og heldt ein gripande tale til dei. Året etter kalla Nilsen inn til møte i prestegarden. Striden mot nazistane hadde tilspissa seg. Det skulle vise seg at presten hadde både soknerådet og kyrkjelyden i ryggen då han etter kvart valde å legge ned embetet sitt.

I protest la han ned embetet sitt i 1942, men heldt fram som åndeleg leiar for kyrkjelyden til fredsdagane i 1945. Då tok han på nytt opp embetet sitt som sokneprest. Han fekk stor respekt i lokalmiljøet og vidare rundt for haldninga si under krigen.
Han reiste frå Ulstein like før jul i 1957 for å ta over som sokneprest i Markus kyrkjelyd i Bergen.

Han reiste frå Ulstein like før jul i 1957 for å ta over som sokneprest i Markus kyrkjelyd i Bergen