Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.
Olav er fødd på Ås og kom til Dimna i 1969 og gifte seg med Eli Wåge og dei har to born. Alt i 1971 engasjerte han seg i lokalt idrettsarbeid.
I 1974 var han med og starta opp Dimna IL – med treningslokale i og rundt Dimna skule. Klubben fekk raskt god oppslutning frå lokale ungdommar – og markerte seg resultatmessig. I dag er Dimna IL kjend i heile friidretts-Norge, har produsert noregsmeistrar og rekordar. Multitalentet Karsten Warholm, u-verdsmeister i mangekamp, er den store frontfiguren. I dag tar klubben seg av all friidrett i Ulstein og kan trene på det flotte anlegget på Høddvoll. Denne hausten/vinteren står ein ny, stod friidrettshall klar ved UVS, og til våren blir der stort ungdoms-NM med Dimna IL som arrangør. Heile denne fantastiske reisa har Olav Hansen vore med på, med ypparleg hjelp av leiarar som Arve Hatløy, trenaren som står bak superresultata.
Olav har hatt dei fleste funksjonar i klubben: trenar, leiar, arrangør, dommar, osv. Han har vore forbundsdommar og forbundsstartar, og har halde ei rekke dommarkurs. Han har vore arrangør av ei rekke stemne også på nasjonalt plan, og har vore leiar i Møre og Romsdal friidrettskrets i mange år. Han har også fleire år i landsstyret i Norges Friidrettsforbund. For arbeidet har han mellom anna fått Idrettskretsen innsatspokal.
I tillegg har han sete i kommunestyret, kulturstyret og Ulstein idrettsråd, byggenemnda for Høddvoll friidrett og vore leiar i Hareid og Ulstein frimerkeklubb i 12 år.