Alle som har jobba på Ulstein Sjukeheim, kjenner Oddlaug.
– Kjem ho i dag også? Undra eg på vakt i min fyrste sommarjobb ved institusjonen.
– Ja, ho kjem fleire gonger i veka.
– Kva gjer ho då?
– Er saman med dei gamle vel, sa ho som eg jobba saman med.
Eg stussa på dette. Ung og uvitande tenkte eg at det sikkert handla om bibelvers og salmar. Men utover sommaren lurte eg veldig på korleis ho makta å kome regelmessig på dei dagane ho kom. Alltid same dag – og alltid same tid.
Denne undringa blei med inn i arbeidet med boka. Kva har drive henne? Eg har jo følgt med i politikken heime og visste at ho var delaktig, men det var dette engasjementet eg kjende meg tiltrekt av. Kva kunne motivere eit menneske så sterkt at ho makta å halde oppe og gjennomføre slike besøk i 40 år? Så gjerne eg ville finne ut av det. I det måtte det finnast mykje å lære?
– Det har eg lurt på, Oddlaug, eg jobba på sjukeheimen i min ungdom, og eg synest du gjekk der støtt. Eg tenkte ofte på korleis du orka å kome der så ofte når du ikkje var nøydd?
– Eg har gått der sidan den var bygt. Eg var med i planlegginga av den, då sat eg i helse- og sosialstyret. Og eg har tenkt på det sjølv, no ettertid. Fyrst var eg på arbeid, men etter middag var det inn på sjukeheimen og deretter barst det på song. Men eg skriv det i dagboka mi, av og til var eg så trøytt og gåen, men eg visste dei venta, og etterpå kjende eg meg så glad. Så trass i at eg var trøytt, så var det godt likevel. No går eg berre på besøk. No er det litt vanskelegare fordi det er fleire avdelingar, og det er vanskeleg å samle folket. No besøkjer eg ein og ein – eller i fellesrom der nokre samlast av og til. Men sjuke og gamle er viktig for meg.
– Kvifor det i grunnen?
– Eg trur kanskje det også er ein arv. Det å ha omtanke for andre. Og så kom eg saman med han John, og han var sameleis.
Så var det ein måte å strekkje seg sjølv ut av egoismen på, og disiplinere seg sjølv, gjennom å strekkje seg etter eit ideal der ein skulle ause av si eiga tid utan å ha forventning om materiell vinning. Dei forstod det, desse to, at det ikkje var muleg å sameine den reine gleda ein får ved å usjølvisk hjelpe eit anna menneske, og den gleda ein får over suksess gjennom lønna arbeid. Det er to ulike former for glede som har ein svært ulik karakter. Prestasjonsrelaterte gleder stadfestar eins eigen suksess og bekreftar eins ego, vi opplever glede fordi vi har fortent det. Men denne andre gleda er gleda ein opplever ved å sjå at nokon får augneblinkar der livet kan flyte lettare i dei. Det handlar ikkje om å fortene men om å ynskje noko godt for eit anna menneske. Det er gleder utan vilkår. Glede over kunne eksistere saman. Det krev evne og vilje til å forstå verda med. Fordi ho ynskte så sterkt å gjere godt for andre, måtte ho også ha sjølvdisiplin. Så trøytt ho var nokre gonger, men likevel visste ho at ho kunne yte litt til.
– Følte du at du hadde ei forplikting?
– Nei, ikkje direkte, men eg ville gjerne.
Eg trur at ho likevel har kjent på forventningane når ho ein gong hadde etablert dei. Både den ytre forventninga som vart stilt henne av dei som gledde seg heile veka på at det endeleg skulle kome til å skje noko der i hjørnet. Noko som kunne bryte opp monotonien i tilværet – ei anna stemme, eit anna innhald.
Men også hennar eiga indre forventning til seg sjølv, om at ho skulle yte gjennom det ho hadde overskot av, trøytt til trass, – tid hadde ho.
– Kva var det som gjorde at du fann på å etablere denne rutinen?
– Jau, det starta eigentleg då ein nær venn av meg fekk slag. Ho var ein av dei fyrste pasientane på sjukeheimen – og han John og eg var omgangsvener med henne og mannen. Vi hadde eit godt forhold til kvarandre over lang tid. Då ho vart sjuk, vart det naturleg for meg å besøkje henne der. Eg song til henne – og det var så rart for ho kunne ikkje snakke. I møtet med dei gamle og kjende salmetekstane responderte ho. Etter kvart vart det til at eg besøkte fleire av bebuarane, så då ho døydde, hadde eg i grunnen så mange andre å besøkje at det vart naturleg å halde fram.
I dag finst det forsking som mellom anna viser at song lindrar symptom for menneske med demens. Song blir i dag brukt som eit verkemiddel for auka livskvalitet og mulegheiter for å redusere bruken av medisin for demente. Grunnen skal vere at dei ulike hjernefunksjonane vert kopla saman og samarbeider på ein annan måte i tilarbeidinga av musikalske uttrykk enn det som blir aktivert i hjernen gjennom språket. Oddlaug gjorde truleg den praktiske erfaringa med dette fenomenet alt i 1976. Om enn med ein slagpasient.
Det vart ikkje den gongen sett på som arbeid, verken av henne eller andre. Men ho hadde ei anna visse som ho levde så sterkt, om at pengar kan kome mellom menneska og gjere avstanden større enn den treng vere …
– Han John også var veldig oppteken av å hjelpe andre. Det skapte sjølvsagt forventningar om at vi skulle møte opp anten det var i kyrkja eller på Fredheim. Av og til kjende vi behov for å kvile, men det valde vi som regel å sjå forbi. Og då kunne det verte litt travelt. Det hende også at folk sa sårande ting. Eg hugsar mellom anna ein som sa; ja, de skal ha det godt de, som ikkje har born som herkjer dykk. Då vart eg lei meg.
Ja, det kan eg tru. Det var sikkert lettare å stille forventningar til Oddlaug og John nettopp fordi dei ikkje hadde born. Eg forstår sorga hennar. Utsegna til denne mannen gjer tapet ho har levd med mindre, og samstundes gir han uttrykk for ei slags sjølvfylgje over frivilligheita hennar og John. Utsegna fortel sjølvsagt mykje meir om mannen som sa det, enn om John og Oddlaug. Men ikkje desto mindre vondt for det.
– På den andre side har eg likevel fått ha mange born som eg er tante til.
Oddlaug er raus. Og fortel at det vart hennar lukke at dei andre søskena hennar fekk så mange born. Som ho fekk vere tante for. Ho blir rørt når ho snakkar om dei, som inkluderer henne både til jul og i andre samanhengar. Så treng ein ikkje vere mor for å vere viktig i eit ungt menneskes liv.
Om familie
Oddlaug var født på Remøy. Foreldra heitte Elise og Joakim A Remøy, og han var handelsmann og ein veldig aktiv politikar.
– Eg er nest eldst av ni sysken. Barndommen var veldig god. Far var både forretningsmann og litt fiskar så vi hadde vanleg god råd. Men vi skulle vere like alle hine – vi skulle ikkje utmerke oss med at vi hadde råd til meir, det synte ikkje nokon stad, men var det noko – som til dømes det med utdanning, så hadde vi nok. Eg hadde ein trygg heim, men faren min var lite heime, og det var mora mi som styrte alt, og alle borna i tur og orden.
Når vi kom heim, var mor den fyrste vi såg etter. Og når pappa kom, spurte han alltid:
– E`kje ho mor dokka heime? Då var det like gale med han …
I flokken var vi tre systrer først, og så kom to gutar og deretter to jenter og sist to småbrør. Det var 21 år mellom den eldste og den yngste. I 1938 døydde den tredje systera i rekkja. Ho fekk
hjernehinnebetennelse og døydde. Vi var så like eg og ho, at vi var nesten tvillingkledde – sjølv om det var to år mellom oss.
– Då mor skulle rydde kleda etter henne – då rann tårene – og så skulle ho ikkje syne det for oss, veit du … så vi opplevde fødsel og død som heilt naturleg. Vi hadde besteforeldre som døydde, det kom nye borgarar til, og vi måtte lære oss meistre tapet av jamgamle, kjære menneske. Det var ein veldig lærdom å gå gjennom slike fasar på naturleg vis.
– De var tett på livet?
– Ja, det var det.
– Kva gjorde slike erfaringar med vaksenlivet ditt?
– Vi veit at desse fasane kjem og høyrer livet til, og i det ligg det ei slags ro. Det var ein naturleg måte å oppleve det på, men for meg var det veldig vondt å miste ei syster. Vi var så nære.
Å overkome sorg opnar ro i den forstand at ein erfarer at vi som menneske faktisk er fødde til å takle det livet påfører oss. Ei menneskeleg smerte ser alltid annleis ut frå innsida enn den gjer frå utsida. Det er kvalitetar og livserfaringar som formar evna til å meistre, og derfor kan ein ikkje vite korleis andres røynd ser ut på innsida. Det er ein del av mangfaldets indre logikk. Den enkelte må sjølv erfare sitt meistringsreservoar – og den gongen hadde foreldre intuitive kunnskapar om død på ein annan måte enn i dag, nokre born kunne kanskje finne støtte i å lene seg til det. På den andre sida skapte nok desse opplevingane også ei uro i erfaringa om det sårbare og uføreseielege livet.
– Eg var sjølv plaga med øyra – og dette var under krigen – og det var vanskeleg å sende meg til Bergen for operasjon. Det førte til at eg nærast miste høyrsla på den eine øyra nesten heile livet.
– Kronisk øyrebetennelse?
– Ja. Men eg har kompensert med å snu det høyrande øyret til, så det er kanskje ikkje så mange som har latt seg merke av dette. Men no har eg fått eit apparat – men i det store og heile ein bagatell for så vidt.
Då Oddlaug byrja på skule, fekk ho veldig gode lærarar. Han var institusjonen i bygda. Harald Valde frå Stette på Skodje. Ungkaren vart etter kvart gift med ei taus frå Volda.
– Han budde heime hjå oss i mange år. Ein fantastisk lærar som dreiv songkor med oss, og søndagsskule. Eg gledde meg til kvar skuledag. Eg var så glad i å lære, særleg å rekne. Og så var han Valde slik at vi fekk rekne så langt vi ville, og han fylde på – det spela inga rolle om det var lenger enn dei hine. Han var fantastisk.
Oddlaug er ærekjær. Ho hugsar enno eksamensdagen i matematikk. Potetkjellaren som det skulle reknast ut storleiken på, var på heile tolv meter. Det synest ho var ein grueleg stor potetkjellar, og då ho leverte, sa eksamensvakta at ho hadde rekna feil. Oddlaug kjende seg på fallittens rand. Men venninna hadde fått det same svaret, og det viste seg etter kvart at det var eksamensvakta som hadde feil.
Slik er det i eit barnesinn. Vaksne menneske meislar seg inn i gjennom slike små forteljingar som for ein vaksen er utan betydning. Ikkje så farleg. Men kanskje kan det vere grunn til å tenkje oftare på kva vi sår av minne om oss sjølve i små barnesinn? Desse små og tilsynelatande ubetydelege vegkryssa ved starten på lengre reiser, kan bli varige vindauge mot vår eiga sjel. Som lærar tenkjer ein kanskje ofte på det.
– Då eg skulle konfirmerast i 1943, under krigen, rodde vi til Flusund og hadde undervisning på Berge skule, eller så rodde vi til Fosnavåg og gjekk heilt fram til kyrkja. Det var langt. Men det også var kjekt – dele tid på reisa. Vi var åtte konfirmantar frå Remøy. Det var store kull. To av dei var gutar, og dei var ikkje så lærevillige – den eine hadde evner og den andre hadde ikkje så mykje evner. Under roturen sette vi ein i skotet og så spurde vi dei i leksa sånn at dei skulle kunne det og ikkje gjere skam på oss. Eg veit at han som ikkje var så lærenæm, han vart spurt, og han kunne det, og veit du, vi vart så glade vi kunne ha ropt hurra!
Det kollektive var sterkt den gongen. Dei hadde gått i lære saman i mange år, og Oddlaug fortel at han hadde slåst for sitt og kanskje hadde han ikkje så god hjelp heime. Desse ungane budde på ei øy, og var opplærte til å ta ansvar for kvarandre, også på dette viset. Samkjensla var veldig viktig. –
– Vi var opplærte til å ta vare på kvarandre. I heimen til denne guten var det veldig mange born, og alt var kanskje ikkje like mykje på stell, så her hjelpte vi andre til så godt det let seg gjere. Men det gjaldt for alle og i ulike situasjonar. Eg hugsar ein gong nokon måtte sitje att. Det skjedde sjeldan, men det hende. Då gjekk faktisk ikkje vi andre heim igjen, fordi då ville attsitjinga bli synleg for dei vaksne.
Så vart det stilt krav til desse ungane om at dei skulle inkludere alle, uansett. Samhøyret vart også hjelpt fram av slektsbanda mellom dei som budde der. Oddlaug fortel at ho hadde 50 syskenborn i heile aldersspekteret.
Det var eit samfunn som var fysisk og slektsmessig tett. Før bestefar hennar døydde, fortel ho at familiane kvar søndag gjekk heim til han, nokon hadde med gitar, og så var det songstund, der ungane sat på golvet der det var plass. Song og musikk var veldig viktig i heile miljøet.
– Det er klart det kan bli glansbilete dette når ein er blitt så gamal, og alle opplevde det nok ikkje slik som eg, men eg vil seie at eg hadde ein veldig god barndom
Ja, eg trur på det. Eg har sjølv sett kva som skaper samhald blant elevar i eit klasserom. Det kan jo sjå ut til at mykje av dei same kvalitetane er mobilisert der som på Remøy for snart hundre år sidan. Tydelege vaksne som stiller krav og forventar at borna deira er i stand til å setje seg sjølv og eigne interesser til sides for at fellesskapen skal haldast oppe og fungere. Og så samhaldet som felles gleder etablerer i ei gruppe. I dag ville nok referanseramma til salmar og norske songtekstar vere erstatta av anna, men funksjonen er den same. Så tenkjer eg at når du veks opp saman med åtte andre sysken, lærer du også fort at likskap ikkje kan vere eit kriterium for vellukka samvere. Kanskje tvert imot. Når ulikskap vert akseptert, erfarer kanskje også born at det spelar ut sider ved ein sjølv som ein elles ikkje ville visst at ein hadde. Og at gruppa vert styrkt av å dyrke mangfaldet fordi det gir fleire mulegheiter og større fridom.
– Eg hadde så lyst å lære. Og eg ville til Ulsteinvik å gå realskule – men heime var dei ikkje så begeistra – det var jo krig.
Oddlaug har så visst vakse opp i ein sterk kollektiv kultur. Med ein far som var svært tydeleg på sitt samfunnsengasjement. Ho fortel at han dreiv med mykje forskjellig i sitt virke, mellom anna dreiv han med forsikring.
Under krigen var det vanskeleg for dei som var ute, å fornye sine forsikringar, men far hennar fornya for dei, på eiga rekning. Han hadde pengar og kunne gjere det, men det var eit val. Han måtte ikkje. Det trengst ikkje særleg fantasi til å forstå gleda det utløyste hjå dei som vart denne omtanken til del. Under krigen bidrog folk på den måten dei kunne. Nokon slost med liva sine som innsats, andre hjelpte til på anna vis som best dei kunne.
Oppveksten til Oddlaug forklarar mykje av det ho har tatt seg til med sidan i livet.
Om utdanning og arbeid
– Korleis kom du på å ta utdanning?
– Eg hadde så lyst å lære. Og eg ville til Ulsteinvik å gå realskule – men heime var dei ikkje så begeistra – det var jo krig. Men det vart no slik. Faren min fekk tak i ei vogn og køyrde meg fram til han Bernt Vik. Kaldt og enkelt – til jul vart det straumrasjonering, folkehøgskulen kom ikkje i gang på grunn av krigen – og då fekk vi som budde på hybel, flytte på Lidarheim. Der fanst det ein sal der han Bjørndal sat vakt, og vi fekk sitje og lese. Ikkje hadde eg hatt framhaldskule, så jammen sant måtte vi lese! Eg las og las – men kjekt var det. Eg hadde han Thorvald, Judith og yngste bror til Thorvald; Bjarne. Og så hadde vi han Rolf Botnen. Han var ingeniør. Krigen gjorde at det kom heim folk som elles ikkje ville ha vore her. Han Thorvald var ærekjær. Det var flinke lærarar. Og i og med at folkehøgskulen ikkje kom i gang, tok realskulen opp ei ekstraklasse, så vi var to fyrsteklasser i det kullet. Eg hugsar dei som kom frå Søre-Vartdal – dei var veldig flinke. Dei var forut for si tid.
– Det var vel far din som kosta utdanninga di, så han måtte ha velsigna den vel?
– Ja. Det gjorde han. Eg skreiv opp alt eg brukte av pengar. Eg liknar veldig på far min. Han var berre tal. Slik var eg også i mangt.
Ho kjenner seg att i farens samfunnsengasjement og interessa for tal, men mora hadde også verdiar som ho overleverte dottera si. Det erfarte Oddlaug då ho seinare vart klar over at ho ikkje kunne få born.
– Mor sa til meg; du skal ikkje ha full jobb, du Oddlaug, du skal gå rundt å gjere vel.
For eit godt råd. Ei slikt utsegn fortel så sterkt korleis mora opplevde sitt eige kvinneliv som omsorgsperson for ni born. Visst hadde ho erfart gleda over å kunne gi omsorg – og i det visste ho kva slag dimensjonar dottera kunne miste i seg sjølv om ho ikkje fekk leve desse sidene slik ho sjølv hadde gjort. Det var mors djupaste erfaring med det å ha born. Gleda og kjærleiken. Gleda i det å få gi, for i den får du så mykje umisteleg godt tilbake. Det var dette ved det menneskelege tilveret ho var redd for at Oddlaug ikkje skulle få del i. Den kjærleiken som ikkje stiller vilkår, men som blir gitt og motteken i kraft av at eit menneske eksisterer som det er. Ikkje kvasikjærleiken som blir gitt på tuftene av prestasjonar. Det er noko anna. Så visste Oddlaugs mamma dette, og ho visste at den vilkårslause kjærleiken også kunne opnast på tvers av slektsband – menneske imellom. Kanskje skjøna ho også at det å vere barnlaus i eit samfunn og ei tid der kvinner var predikerte for ekteskap og barnefødslar, kunne romme ei sorg i det å verte utestengd frå fellesskapen. Gjennom å lære dottera å oppsøkje den ville Oddlaug stå seg sterkare i fellesskapen og i seg sjølv. Dei visste mykje om det å vere menneske.
For Oddlaug lærte denne sin mors visdom å kjenne heilt og fullt i sitt lange liv. Ho gjorde som mor sa. Og for innsatsen vart ho etter lang tid i omsorgas teneste tildelt Frivilligprisen etter at både eldrerådet, ordføraren, omsorgssjefen og kyrkjeverja i brevs form gjorde kulturavdelinga i Møre og Romsdal merksame på hennar innsats. Oddlaug hadde då vore leiar for Ulstein og Skeide Sanitetsforening over ein tolvårsperiode, medan ho var med i Ulstein Kristelege Ungdomslag i førti år. Ho og mannen, John Ulstein, leia konfirmantgrupper i ti år, der samlingane vart lagt til heimen deira.
Oddlaug la ned uendeleg mange timars arbeid for kyrkjelyden – der ho var kasserar og rekneskapsansvarleg for soknerådet si kasse. Og ho tok også på seg ansvaret for kollektmidla frå gudstenestene og dei «bilag» som høyrde til. Dessutan møtte ho på alle gudstenestene i Ulstein som kyrkjevert.
Og sidan 1976 har ho gått kvar veke, på fast dag, til sjukeheimen for å lese og syngje for dei som bur der. På toppen kom det politiske arbeidet. Og; – hennar eigen jobb.
Eg kjenner eg blir mør. Dersom eg tek innover meg kva dette inneber i timar og ansvar, så er det ikkje ei reint lita gåve til dette ulsteinsamfunnet. For dette gjorde ho. Slik forvalta ho den altså – arven sin frå den vesle øya endå litt lenger ut i havet. I teneste for andre. Akkurat slik mora sa. Og visst fekk ho eit rikt liv. Eit liv utan eigne born betydde ikkje eit liv utan meining. Ho nytte tida si godt, og «tok til seg» menneske i alle aldrar. Å leve eit kvalitativt godt liv handlar om korleis ein får skape meining og samanhengar i tilveret. Ho fekk ikkje born, men fordi ho hadde levd i ein fellesskap med sterke og uttalte verdiar, visste ho kvar ho skulle søkje for å finne kontinuitet, få prøvd verdiane ho var grunnfest i, og skape meining.
Oddlaug gjekk handelsskule i Ålesund etter krigen. Ho hadde ein hybel som ho arbeidde inn leiga for – ho vaska. Studien vart halvårig fordi ho ikkje fann seg bu for andre semester. Då var ho heime eit halvår før det bar det til Oslo der ho fekk seg kontorplass.
– Eg måtte faktisk heim for å hjelpe til. Eg måtte passe sysken som var yngre. Vi måtte dele på å hjelpe.
Dette har også andre av kvinnene fortalt om. Og igjen var det altså ikkje snakk om å hevde sin individuelle rett til å realisere seg sjølv som eit legitimt mål for eige liv, anna enn at det kom i andre rekke. Fellesskapen og den vesle flokken hadde krav på bidrag frå alle, for at gode skulle tilflyte medlemmene uavhengig av kva nummer ein var i syskenflokken. Foreldra hadde ytt sin skjerv til borna, og det var forventa at borna bidrog tilbake.
Har vi i dette gitt tapt for noko udiskutabelt verdfullt i vår tid? Vår kultur synest vere tufta på krav i motsetning til pliktkulturen. Det er posisjonar som står i mangt i motsetning til kvarandre som grunnlag og utgangspunkt for handlingar overfor ein fellesskap.
Sidan gjekk Oddlaug på husmorskule, og dernest i sylære i Ørsta.
– Husmorskule? Du hadde no vel lært det meste heime?
– Ja, men det har ei anna side det der. For mor mi som var frå Syvde, ho hadde hatt så lyst å gå skule (og det var jo husmorskule som var aktuelt i hennar tid) Ho ivra for at eg skulle få det ho sjølv ikkje kunne. Hennar driv bidrog også til at eg tok denne utdanninga. Far hennar sa til henne at ho var så husleg og flink at ho trong det ikkje. Det var nok djupt skuffande for henne – ho insisterte på at alle vi fire systrene skulle få husmorskule.
Og slik vart det husmorskule på Kjeldsund, før den for til Ørsta. Mange som skulle verte sjukepleiar, tok husmorskule før dei byrja på sjukepleiestudien.
– Du har budd mykje i internat. Det betydde at du måtte tilpasse deg. Ikkje slik som i dag at vi ikkje gjer noko utan at vi vel sjølv.
– Ja, det var heilt nødvendig. Du budde saman med den du vart plassert saman med. Det var ein god skule, for du kan ikkje gå gjennom livet slik mange trur, utan at du må tilpasse deg, sjølv i dag. Vi som voks opp i ei anna tid, var kanskje meir vane med å tilpasse oss og gjere det som var sagt var rett.
Dei stolte på autoritetane. Det å nokre gonger berre kunne tilpasse seg, og sleppe å produsere ei grunngjeving for kvifor, konsentrerer eit menneskes energi, og hjelper det til å gjennomføre og nå eit overordna mål i dette eine livet.
Oddlaug er oppteken av gledene. Ho fortel om ein gong ho for til Ålesund for å trekkje ei tann. Ho hadde fått med litt ekstra pengar for å kunne kjøpe med ei gåve til systrene, og ho kjøpte dei kvar sin vaskeklut. Dei vart ikkje brukte – jentene brukte dei berre til å halde i, og kjenne på stoffet og nyte synet av dei, fordi dei var så vakre.
Heime vart dei oppdregne til å hjelpe til. Det var eit eldre ektepar som ikkje hadde born. Mor sa alltid at vi måtte gå å hjelpe henne Marie og han Ole med potetopptaking og anna. Ho var så glad i å gi, og han var litt meir gnien. Ein gong kom ho til ho mamma med ei sølvskei. Ho gav den til mor og sa: – men ikkje takk han Ole …
Oddlaug og John forlova seg i 1951 og gifte seg i 1953 – og då laga dei til ei leilegheit i huset til foreldra hans på Ulstein – og så flytte paret ut dit. Oddlaug fekk arbeid hjå Hans Skeide og Selma Runde – og byrja sin yrkeskarriere der. Hans hadde trelastlageret – han var disponent der.
– Deretter var eg litt med Høyvik; forretninga Oskar Høyvik – før eg byrja på Forbruksforeninga, der eg vart eit langt yrkesliv.
Oddlaug var tungt inne i foreiningslivet ved sida av sin daglege dont med rekneskap.
– Var grunnutdanninga di god nok til dei oppgåvene du skulle kunne fylle i arbeidslivet?
– Ja – du veit, eitt er å lære, eitt anna er å setje det ut i livet. Men eg var godt hjelpt med den utdanninga eg hadde. Eg var også i arbeid hjå Flø & Flø. Så eg la opp rekneskapen for mange ulike foreiningar.
Ulstein var prega av eit aktivt foreiningsliv som hadde eigne kasser for innsamla midlar.
– Arbeidet mitt gjekk ut på opplæring – opptelling av kasse, samt få alt inn i kontrollerte system i banken. Etterpå var det viktig å etablere revisjonsrutinar. Økonomien i foreiningane måtte vere forankra i ryddige og gjennomsiktige rutinar og system.
– Så mykje usynleg arbeid, tenkjer eg.
– Før dataen kom var det ulike papirsystem, og eg gjekk kurs for å vere ajour med nye metodar. Eg hadde også rekneskapen for soknerådet, så det var rekning både på jobb og heime, men det er jo tal eg har likt då. På
Forbruksforeninga hadde eg forresten fleksibel arbeidstid. Det hadde ikkje gått om eg hadde vanleg ni til fire jobb, med både politikk og anna samfunnsengasjement.
Om edruskap og politikk
– Skulle du ha vore helsearbeidar?
– Ja, men det er eg, men eg tolte ikkje blod, så den gongen kunne eg ikkje kome forbi tala. Å vere frivillig besøkjar var fint. Sidan organiserte eg kyrkja si frivillige besøksteneste. Kyrkja ville få tak i besøkjarar. Eit sinnrikt system der ein mobiliserer lokale ressursar til å ta ansvar for å besøkje gamle og eldre. Dette var ei teneste som var organisert frå 1989 av. Då byrja Oddlaug som besøksleiar.
Ho kom med i eldrepolitikken i 1995.
Men det formelle politiske arbeidet byrja Oddlaug fyrst med då John slutta. Han gledde seg til å få drive fiske, og Oddlaug gjekk inn i politikken som varamedlem på 70-talet. Forut for dette var ho medlem i edruskapsnemnda. Ho fortel om ein episode med han dokter Røyneland som var sjølvsagd i nemnda.
– Vi skulle ha eit nytt medlem, og vi skulle foreslå ein ny kandidat. Eg foreslo ein mann.– Kva? sa Røyneland, foreslår du ein mann?– Eg foreslår den som eg synest er beste kandidaten. Han såg på meg og sa; – eg er samd. Og dermed var saka avgjort.
Oddlaug var også leiar i forliksrådet i mange år. Og har hatt eit politisk engasjement i mange år før ho synte att i dei kommunale styringsorgana. Oddlaug var del av edruskapsnemnda, som etter kvart gjekk inn i helse- og sosialstrukturen når den vart etablert.
– Då edruskapsnemnda eksisterte, var det jo ikkje skjenkeløyve. Formålet var greitt, vi skulle sjå etter kva som skjedde. Og fekk vi vite om nokon som hadde problem, så skulle vi hjelpe. Men det var så vanskeleg å få gjort noko fordi det skulle vere så tyst om alt. Då hotellet fekk skjenkeløyve, fremja nokre av oss i KrF forslag om at vi skulle ha ein dialog med hotellet eit par gonger i året, men enkelte krefter i mitt eige parti avviste ein slik dialog. Eg meiner likevel at det gagna utviklinga at vi opna for slike møte.
Eg skjønar kva ho meiner. Det handla om å bygge ned motsetningar slik at ein fekk ein konstruktiv samtale i lokalmiljøet om alkoholbruk og forvaltning av skjenkeløyve. Ekstreme synspunkt som dei i hennar eige parti, der ein sette seg imot å gå i dialog anten fordi ein fann det uverdig eller i frykt for å gi feil signal til omverda, blir like vanskeleg og unyttig som å avvise ei problematisering av skjenkeløyve. Spørsmålet om solidaritet ligg i botnen. Mange meistrar meir eller mindre bruk av alkohol, andre ikkje. Kvar går grensene, og korleis skal fellesskapet bidra til å redusere problem som fylgje av bruk? Dei same spørsmåla den gong som no.
Oddlaug har alltid vore bestemt på at utan dialog blir verda vrang.
– Det lettaste er å seie nei. Men eg har det ikkje godt utan dialog. Det er ikkje sikkert at ein når fram, men ein må prøve. Det skal vere leveleg her for alle. Vi skal skape ein fellesskap som er god for bygda.
– Kva type problemstillingar jobba de med i nemnda?
– Eg vil seie at det vart betre arbeid då denne strukturen vart tatt opp i helse- og sosialtenesta. Nemnda var så lita og smal. Det var dokter Røyneland, Asbjørg Hasund Grønmyr og eg, samt nokon til. I helse og sosialetaten vart vi fleire, vi jobba breiare. Då edruskapsnemnda eksisterte, var det jo ikkje skjenkeløyve. Det var så avgrensa kva som kunne gjerast.
Oddlaug er KrF-politikar, og i partiet drøfta ein ofte edruskapspolitikk. Spørsmålet om skjenkeløyve kom seint opp i Ulstein ettersom ein hadde funne ein praksis som ikkje opna konflikten mellom dei to fraksjonane som frå gammalt av var forankra i fråhaldsrørsla og dei frilynde som arbeidarkulturen i mangt adopterte. Frontane mellom desse partane var til dels steile, og opna seg ikkje før spørsmålet kom opp ved nyopninga av Ulstein Hotell i Varleitet i 1981. Frykta for korleis dette skulle påverke kanskje særleg ungdomskulturen og den generelle drikkekulturen, var stor. Nokre var så bastante at dei ikkje ein gong ønskte dialog med hotellet. Men Oddlaug var usamd i ein slik strategi.
– Eg meiner at det må kunne snakkast om det meste. Utan dialog blir det heller ikkje tilnærmingar og semje.
Kommunepolitikk slik eg erfarte det, hadde lite med partipolitikk å gjere. Vi samarbeidde på tvers av sakene for å finne dei gode løysingane til bygda sitt beste. Det var gjennomgåande. Eg storkosa meg både i formannskap og i kommunestyret. Eg synest det var veldig interessant, særleg i formannskapet fordi eg fekk godt innsyn i sakene, og det var tilfredsstillande som utgangspunkt for å ta avgjerder. Han John sa eg var sjukleg – eg las kvart eit punktum i saksdokumenta. Eg kunne ikkje gå om eg ikkje var godt førebudd. Eg jobba godt saman med Grete (Hauge) og Kamilla (Gjerde) i spørsmål som gjaldt kvinner.
– Kva bidrog de med som kvinner?
– I helse- og sosialsaker såg vi ofte ting på ein annan måte. Det handla kanskje ofte om å forstå at det fanst reelle behov både for barnehagar og tilrettelegging for psykisk utviklingshemma. Bygginga av Dagheimen skjedde parallelt med sjukeheimen. Her var ho Marit Ulstein ein ressurs. Ho hadde vore medlem i styret inne på Hellandheimen, og hadde mykje innsikter i systemet slik det var. Ho bidrog mykje for å opne for forståing for behov i denne prosessen. Samfunnet var lite og oversiktleg. Folk kjende kvarandre, og det gav også innsikter i folk sine vanskar. Då vart det også lettare å skape forståing for kva som kunne vere godt for den enkelte og for fellesskapen.
– Eg hugsar godt ein brukar som budde på Hellandheimen, og som sidan fekk kome tilbake til Ulstein etter at Dagheimen kom. Syskena hans snakka mykje om korleis han forandra seg etter han kom heim, gjennom dagleg kontakt med familien sin.
Margreth Olin fortalde denne historia i filmen sin om onkel Reidar. Og eg tenkjer på kor inderleg lett vi har for å tole den urett som ikkje rammar oss sjølve. Det er vanskeleg å førestelle seg at vi godtok å sende frå oss dei som også høyrer til i vår fellesskap. Og i dag har vi tatt eit steg endå lenger ut ved å vere i ferd med å velje menneske med Downs syndrom bort frå det menneskelege mangfaldet.
– Det skjedde ei haldningsendring til menneske med utviklingshemmingar. Men eg hugsar frå oppveksten på Remøy, ein av grannane våre, han var utviklingshemma og gjorde mykje gale. Vi måtte låse fjøsen, og det var mykje styr, men ho mor sa alltid at vi måtte vere gode mot guten. For dei foreldra som hadde ressursar, var det fint å kunne ha barnet sitt heime, men for dei som hadde det stridt på ulikt vis, trur eg Dagheimen vart ein god stad å vere for dei som kom lenger ifrå.
Om misjon, losjen og kyrkja
Misjonen stod sterkt på Remøya, og den hadde mange fasettar, i sær for kvinner på kysten.
Utvandringa særleg frå rundt 1880 skapte nyfikne. Alle kjende nokon som hadde kasta seg ut i det nye, anten gjennom misjonen eller arbeidsutvandring. Koloniseringa og oppdagarferdene brakte andre kulturar nærare, og folk fekk etterkvart gjennom biblioteka tilgang på reiseskildringar og misjonsfortlejingar. Menneske i vår region utvandra ikkje berre til Amerika, men også til Sør-Afrika, og dette kunne vere med på å stimulere interessa for Afrika generelt. Nansens vandringar over Grønland og over Polhavet opna verda og stimulerte menneskas fantasi og nyfikne. Ut av dette vaks misjonen seg sterk og handla om så uendeleg mykje meir enn evangelisering. Misjonen vart i mangt den gongs vindauge mot verda, både for den som reiste, og for den som vart att. At misjonen stod sterkt på kysten, er kanskje ikkje til å undrast over ettersom kystbefolkninga alltid har vore utovervend. Havet var ein krevjande samarbeidspart for menneska, som måtte gjere sine offer, men det var også eit element som brakte impulsar og etterkvart også mulegheiter til små samfunn langs kysten.
Misjonsarbeid og –migrasjon brakte verda inn til små stadar – kanskje som tv gjorde det i vår tid?
Deltaking i misjonen vart ei naturleg forlenging av livet slik det var på Remøya. Misjonen stod sterkt der også, som i Ulstein. Foreldra lærte Oddlaug at ansvar for andre fylgjer med det å vere vaksen, og at dette ansvaret kan utøvast åleine så vel som i organiserte fellesskapar. Og dessutan:
– Ho ville eg skulle ha andre gleder enn det som kunne skaffast for penger. Vi var vande med å ta ansvar for andre.
Det var noko av oppveksten, det å skulle yte for andre det var ein del av kvardagen.
– Så du har fått med deg deg frå henne, du?
– Ja, frå begge to. både ho mor og han far. Han hjelpte mange økonomisk. Det var ein arv eg er veldig glad for. Eg trur mange av syskjena mine tok med seg den arven.
Oddlaug framhevar samarbeidet mellom kyrkja og Ulstein kommune. Ho meiner det har vore heilt unikt. Det har vore ein heilt spesielt god dialog mellom kommunen og kyrkja i samarbeid om alt frå gravplassar til økonomi. Kommunen har godkjent kyrkja sin funksjon i lokalsamfunnet. I dette huset skulle menneske få sjelebot når sorga henta ein, og samfunn som ikkje makta eller hadde vilje til å vøle det rom som dei sørgjande kunne møtast i, ville gjere seg sårbart. Så var det kanskje derfor eit klokt val kommunen gjorde, når ein sørga for å bokstavleg talt ha kort veg mellom desse store, og sentrale samfunnsinstitusjonane som begge har som oppgåve å ivareta menneske i ulike livsfaser. Politikarane skjøna dette samspelet. Og ein kunne trekkje eigne grunnhaldningar ut av hatten, og samarbeide om det som var viktig for fellesskapen på tvers av politisk ståstad.
Så var det altså meir enn industrien som bygde dette samfunnet likevel?
Sjølv vart ho oppdregen med losjeverdiar. I hennar familie hadde bestefaren tatt eit klart standpunkt, og grunngjevinga var kopla til det elendet som bruk av alkohol kunne bidra til. Han oppfordra og premierte sønene sine for eit liv i fråhald – då var det menn som drakk. På Remøya stod losjen sterkt; – Oddlaug hadde aldri sett ein full mann i sin barndom…
Losjearbeid bestod mellom anna i møte og utgjeving av losjebladet. På same måten som misjonsmøta var oppdragande og normgjevande på små stader som Ulstein, var losjen ein stad ein kunne utfalde og utvikle sine personlege eigenskapar. Det var ein stad der ein henta opplevingar og ny kunnskap gjennom nettverket som losjen eller misjonen var kopla på. Ein stad der yngre lærte av dei eldre, og omvendt, både kva som tradisjonelt hadde, men også kva som burde ha hatt verdi i lokalsamfunnet. Gjennom slike lag og organisasjonar vart historisk arv både vidareført, men kanskje også til ei viss grad utfordra. Lagsarbeid vart ein arena for potensiell utvikling av eit heilt miljø.
Misjons- og foreiningsmøte framstod for kvinner særleg som ein arena for kunnskapsformidling. Dei fleste kvinner var avskorne frå utdanningsmulegheiter, men i slike forum fekk dei input. At misjonærar og emissærar kom reisande med forteljingar om sine arbeid langt borte frå eins eige miljø, utvida kvinnenes kunnskapsradius både geografisk og kulturelt. I møte med andre kulturar fekk kvinnene sett sin eigen kultur i perspektiv, det vart ein arena der ein kunne undre seg, og kanskje også fortvile – og ei mulegheit for å utvide sitt omsorgsarbeid gjennom å skaffe midlar til drift av misjonen. Kvinnene knytte sterke fellesskap gjennom sitt omsorgsarbeide, akkurat slik kvinner i dag gjer det på mange typiske kvinnearbeidsplassar. For mange norske kvinner vart misjonen den einaste mulegheita dei hadde til å skaffe seg utdanning og eit liv utanom ekteskapet. Misjon og misjonsarbeid hadde slik mange funksjonar på bygdene utover det at kvinnene skulle gjere Kristi gjerningar. Møta skapte rom for kunnskapsformidling, diskusjonar og samhald mellom kvinnene, formidla normer, og gav kvinnene pusterom frå pliktene.
– Eg hugsar då eg kom til Vik. Mor hans Birger Ulstein, og ho fru Botnen, mor til Marit – dei var så kunnskapsrike desse kvinnene! Eg lærte utruleg mykje i denne foreininga. Det er fantastisk kva misjon har gjort.
Svigermora mi sa ein gong at hadde ho ikkje hatt misjonen, så visste ho ikkje heilt korleis det hadde vore med henne. Når ho skulle stelle i stand, stod ho tidleg opp om morgonen for ho ville by på heilt ferske wienerbrød.
Ein blir mør i hjartet av å tenkje på kva det kosta i denne tida å vere kunnskapshungrig og ikkje få tilgang til kunnskap. Uoppnåeleg for fattige sjeler, må det hjå mange ha skapt indre trykk og stor lengt. Nyfikne er ei sterk drivkraft i dei fleste menneske – og i mangt det som har bore oss inn i meir føreseibare og mindre smertefulle liv.
For Oddlaug vart kyrkjearbeid ei naturleg vidareføring av det omsorgsarbeidet som mora hadde rådd henne til. Ho organiserte besøksteneste for eldre gjennom kyrkjelyden i ei årrekkje, og enno går ho til andakt kvar torsdag, og på besøk kvar laurdag eller søndag. Og så var ho like lenge den som kvar søndag stod i kyrkja og tok imot folket i døra når det var gudsteneste.
Eg må i sanning innrømme at eg undrar meg på korleis ho har orka dette i førti år? Berre eit menneske som har sterk verdimessig forankring og dermed eit sterkt samvit kan makte å motstå behov for å eige tida si sjølv heilt og fullt, om ikkje anna i periodar eller av og til? Berre eit menneske med ei klar overtyding kan framskaffe det av dispilin som er nødvendig for å stå eit slikt løp. Finst det miljø i dag som maktar bygge slik styrke inn i framtidas vaksne menneske?
– Kva snakkar du med folk om? Du kjenner jo ikkje nødvendigvis familiene deira?
– Kanskje har eg sjølv vore på ein konsert eller eit møte – og då fortel eg om dei opplevingane eg har hatt der. Det synest mange er kjekt. Då får dei litt del i det som skjer der ute, sjølv om dei ikkje kjem seg ut sjølve. Det å fortelje er veldig viktig.
Kan det gjerast så enkelt, tenkjer eg. Eg hugsar då eg hadde sommarjobb på sjukeheimen på -80-talet ein gong. Dei fleste eldre hadde ein ganske liten impulsradius mellom rommet sitt og stolen på stova…
– Eg tenkjer ofte på kva eg sjølv hadde lengta etter om eg var i deira situasjon. Kor eg hadde lengta etter ein samtale, eit menneske som hadde tid til å sitje. Og eg opplever at dei eg besøkjer blir veldig glade. Dei vil så gjerne frette nytt. Og derfor fortel eg om alt muleg som kan vere av interesse.
Så ber Oddlaug dagleglivet inn i sjukeheimen, og gjer levande både kjent og ukjent for dei gamle. Det skal ikkje så mykje til. Det aktiverer tankar og kjensler, og dei gamle spør og engasjerer seg i det som blir fortalt. Og eg som trudde at det var kristent snakk desse besøka handla om! Så korttenkt kan ein vere. Så var det ikkje kristent snakk, men kristne gjerningar. Og det å ikkje bli fortalt er i mangt å bli stengt ute av fellesskapen, for når ein ikkje veit, kan ein heller ikkje ta del.
Om livsinnhald
Oddlaug minnest mannen John med stor kjærleik. Mot slutten av livet fekk han slag og vart lam. For henne var det naturleg å ha han heime. Ho stelte han i 6 år, og enno i dag skjønar ho ikkje heilt korleis det kunne gå vel. Ein stor og tung mannskropp å hjelpe inn og ut av hus , bil og seng, for ei lita dame som henne. Også til han las ho.
– Han skjøna alt. Og eg kunne ikkje setje meg ned å lese til meg sjølv når han berre sat der. Då las eg like godt i høgt til han med. Eg las og las. Han var så takksam for at han fekk vere heime. Eg fekk sjokk då legen ringde frå sjukhuset og sa at han John hadde fått hjerneblødning under operasjonen, og at han no var lam. Men slik var det.
Det å bli åleine var ikkje enkelt når ein ikkje har born. Kanskje bidrog også det til at Oddlaug makta å halde arbeidet sitt gåande så langt inn i alderdommen. Det gav meining – og no som ho trong hjelp, fekk andre høve til å gi henne noko av det ho sjølv hadde delt så rikeleg med lokalsamfunnet. Menneska besøkte John slik at Oddlaug skulle få lufte seg anten det var i kor eller i pensjonistlaget.
– Avisene har redda meg mang ein gong. Eg les mange aviser kvar dag.
– Du er veldig nysgjerrig, du? Det er ei sterk drivkraft?
– Ja – det er eg.
Nyfikna har hjelpt Oddlaug til å skape meining i livet sitt. Den som får eigne born, får mykje gratis, og slepp kanskje i mangt å måtte skape meining i tilveret til ei kvar tid. Nyfikna si får ein tilfredstillt gjennom alt ein kan observere rundt eigne og andres smårollingar, og ved at energien ein har går med i den daglege dunten rundt eigen familie. Kanskje hender det at nokre foreldre og besteforeldre blir nærsynte og gir i det frå seg mulegheita for å utvikle samfunnsengasjement og ein sterk kollektiv fellesskap. For den som ikkje får born, er det ikkje sjølvsagt kvar meininga skal kome frå. Slik som i Oddlaug sitt liv. Ho måtte på aktivt og oppsøkjande levevis skape innhald til eit liv som elles ville ha vore henne gitt i langt større grad dersom ho hadde fått eigne born. Så fekk ho altså eit eineståande godt råd av mor si – og større var kanskje den arven kulturen på Remøya hadde gitt henne å forvalte.
Oddlaug hugsar ein episode i yngre år, då menn i selskap ofte enda i ”herreavdelinga” og kvinnene heldt samling for seg. Ein kommenterte at ho som oftast måta seg inn blant karane.
– Der handla det om sak. Medan det hjå kvinnene ofte handla om familie. Eg kjende meg mest tilpass blant mennene, utan at eg ynskjer å kritisere kvinnene. Men det var lettare å få til ein samtale som alle kunne vere med i…
Så har ho kjent på det ho sjølv har brukt eit heilt liv på å motarbeide; nedbygging og avstumping av fellesskap. Det siste treng ikkje vere ein konsekvens av vond vilje, men ein treng kanskje ei bevisst haldning til sine eigne fellesskapshaldningar for å sjå at det er dette som skjer når det skjer.
Forteljinga om livet til Oddlaug formidlar i alle fall to klare poeng. I små fellesskap der ein var avhengig av at fellesskapen fungerte for å skape levedyktige samfunn, var kulturen viktig. Fellesopplevingar gjennom song og musikk, og evna til å forsøke å finne plass til og integrere medlemmene var element som skapte felles referanseramme og bygde ein kollektiv identitet. Det viser behovet menneske har for kulturutøving, både for å skape mentalt overskot og glede, og fordi fellesopplevingane skaper samhald. Samhald som vernar når det kollektive vert sett under ytre press. Å svekke dei arenaene som formidlar kulturelle referanserammer, kan bidra til å forringe mulegheitene for å skape fellesskap. På Remøya var det rom for mangfald. Det må det også vere i stor-samfunnet. I motsatt fall vil kulturell segregering kunne opne einsemd, dysfunksjonalitet og kaos.
Forteljinga til Oddlaug blir også ei påminning om individets rett til å definere mulegheita til å skape meining i eige liv. Kvar enkelt av oss står ofte godt planta i eiga røynd. Nokre av menneska rundt Oddlaug har, godt forankra i si eiga verd, tatt for gitt at eit liv utan barn var eit fattigare liv. Hennar forteljing står i sterk kontrast til denne oppfatninga. Kanskje er førestillinga om at atypiske røyndomar betyr tap ein uvane. Å stå på utsida og synest synd på andre som ikkje har barn, eller som har annleis barn kan vere eit vitnesbyrd om manglande innsikter. For det menneskelege mangfaldet er stort. Ressursane er mange. Og det er også menneskas evne til å elske.