Nils Skotheim var elverksjef i Ulstein frå 1968 til 1991 og var pådrivar for å skaffe kommunen eit moderne og sikkert kraftforsyningsnett. Nils kom opphavleg frå Steinshamn på Harøya.

Faren var butikkeigar, ordførar og misjonsmann. Nils reiste til Bergen for å bli elektroingeniør. Første gongen han sette sine føter på Søre Sunnmøre var kring 1950. Då leia han utbygginga av kraftnettet på delar av Gurskøy og Herøy. Han blei kjend med ulsteinkvinna Ragnhild Leinebø, som skulle bli kona hans. Dei gifte seg og fekk to søner. Han fekk si første stilling som elverksjef i 1955 – i Svarstad i Lardal kommune i Vestfold. Her budde familien til dei flytta til Ulsteinvik i 1968, då Nils tok over som sjef for Ulstein kommunale elverk.

Nils Skotheim la sjela si i å skaffe kommunen eit moderne og godt nett. Han var framsynt og såg for seg at kommunen ville vekse. Mykje av nettet vart lagt i jordkablar. Ulstein fekk såleis ei moderne og svært stabil elektrisitetsforsyning. Dette var ein heilt nødvendig føresetnad for at Ulstein skulle kunne bli ein industrikommune. Han såg tidleg at det kom til å bli bruk for mykje straum.

Då Skotheim gav seg som elverksjef i 1991, forlèt han eit veldrive elverk. Han hadde ivra for eit sikkert nettverk og teke vare på og halde oppe kraftproduksjonen i Ulsteindalen, ein produksjon som er i gang den dag i dag.

Nils var ein markant elverksjef og kunne vere skarp i replikken. Samtidig var han ein godmodig humorist. Han har likt å gå i fjella og dyrka fotballen nesten lidenskapleg, ikkje minst den perioden barnebarnet spalte fast på A-laget til Hødd. Han har også lagt ned ein god del frivillig arbeid på Høddvoll.