For dei som voks opp i Haddal, var både butikken «Borja» og Ludvik Moldskred ein modell for korleis ein butikk og ein kjøpmann skulle vere. Alt kom til i dei vanskeleg åra mellom verdskrigane.

Ludvik var ein føregangsmann; han var gründer, forretningsmann, skodespelar, framtidsoptimist og lokalpatriot. Medan faren arbeidde på jorda og bygde steingardar, var Ludvik ulik dei andre i slekta. Saman med faren kjøpte han «D/S Grei» i 1923. Båten vart sertifisert for 80 passasjerar og sett i rutetrafikk mellom Ålesund og Volda. Sjølv om båten var populær, vart han etter kvart dårleg butikk. Han selde båten og avvikla reiarlaget. Ved salet til fylkesreiarlaget forplikta kjøparen seg til å halde oppe Haddal som anløpsstad. Ludvik vart dermed den første og einaste dampskipsekspeditøren i Haddal.

I 1931 opna han landhandel ved sida av røykeriet dei dreiv. Dermed dreiv han dampskipskai, selde daglegvarer, bensin og parafin og opna etter kvart postkontor. Han vart sjølv postopnar. Haddal var verkeleg på kartet. Då krigen starta, sytte han for å kjøpe opp lager både av margarin og mjøl, og klarte å halde det unna tyskarane. I 1966 tok sonen Harald over butikken og flytte han til like over brua over Haddalelva. Ludvik var 71 og ein epoke var slutt. Han levde til han var 94.

For Ludvik var arbeid på jorda ein pest og ei plage. Til det var han for upraktisk. Men faren såg talentet og dei samarbeidde godt.

Ludvik sumde som ein kobb og var atletisk og sterk. Han gjekk mellom anna på hendene på hustak og han var ein dyktig stand up-komikar lenge før det kom på moten.