Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.
Ho var også svært aktiv innan frivillig organisasjonsarbeid både lokalt og på fylkesplan. Lise voks opp i Gjerdsbakkane og her hjelpte ho flittig til både på garden og i snikkarverkstaden til faren. I 1945 fekk Lise tilbod frå Ulstein sanitetsforeining om sjukepleiarutdanning i Orkdal – mot at ho arbeidde i tre år for foreininga. Ferdig utdanna vart ho tilsett fram til 1952 til ho reiste til Oslo for å ta vidareutdanning. Samarbeidet med saniteten heldt fram i om lag 40 år.
I januar 1953 vart ho tilsett som helsesyster i Ulstein distrikt med fylkeskommunen som arbeidsgivar. Frå 1984 var ho leiande helsesyster med Ulstein som arbeidsgivar – fram til ho gjekk av med pensjon i august 1989. Tallause er dei skuleelevane som har fått pirquet av Søster Lise, og som har blitt vegne, målte og fått vaksine. Ho hadde ei eiga ro som smitta over på nervøse born, ei årsak til at ho vart ein legende i levande live.
Det var ikkje flust med bilar på 1950-talet. Ho måtte ty til sykkel når ho skulle på jobb. Det hende seg ho sykla til Hareid og, sjølv om der gjekk nokre bussar. Det var barnekontrollar på kalde bedehus og det var heimebesøk.
Lise var heile livet engasjert i misjonsarbeid og var med i mange kvinneforeiningar. I 1972 stifta ho ein misjonsring som samla inn pengar til Solbjørg Pilskogs arbeid i Kamerun. Ho var samfunnsengasjert, og 1989 fekk ho Kongens fortenestemedalje for arbeidet sitt.