Kjartan Klungsøyr var med på å skape det moderne Ulsteinvik, ikkje minst gjennom oppbygginga av Mobilstasjonen i sentrum. Kjartan var i Tysklandsbrigaden frå 1940 til 50.

Han gifte seg med Oddbjørg Grimstad i 1957, og dei fekk tre born. Huset dei bygde i Gamlevegen står der også i dag. Han var med å starte Ulstein Pukkverk saman med nokre lastebileigarar og vart disponent for verksemda. Han etablerte også ein lastebilsentral ved Mobilstasjonen. Han var med då Ulsteinsamfunnet skaffa seg ny permanent sjukebil via Røde Kors. Sjukebilen var stasjonert ved Mobilstasjonen, og Kjartan var ein av sjåførane og administrerte dei andre sjåførane når han sjølv ikkje hadde høve til å køyre.

Han var med i styret for den kommunale «Ulstein D/S Ekspedisjon» og han var ein sjølvskriven pådrivar då kommunestyret vedtok å bygge ny kai og godsterminal på Geileneset. Kjartan sat i Ulstein kommunestyre ein periode for Venstre. Han var også aktiv i Musikklaget Ulf.