Hannelore Måseide er første kvinnelege ordførar i Ulstein. Ho blei vald som ordførar ved kommunevalet i 2003. Ved kommunevalet 2007 blei ho vald på nytt.

Hannelore er fødd og oppvaksen i Flensburg i Tyskland. 11 år gamal flytte ho til Norge, først til Kongsvinger før dei flytta til Våler i Solør. Ho flytta til Bærum i 1957. I 1964 gifta ho seg med Torbjørn Måseide, og i 1966 flytta dei til Larsnes i Sande kommune. I 1974 kom dei til Ulsteinvik. Med sin fleirkulturelle bakgrunn representerer Hannelore det mangfaldet som kjenneteiknar Ulstein kommune. Utan ein betydeleg tal på innflyttarar hadde ikkje folkeveksten i kommunen vore mogleg.

Hannelore er utdanna sjukepleiar og har mellom anna undervist i helsefag. Ho har også arbeid som styrar ved Ulstein sjukeheim.

Hannelore sat som ordførar i to periodar. Ho representerte Arbeidarpartiet. 28. januar 2008 meldte ho seg ut av partiet og sat som partiuavhengig ut perioden. Hannelore var varaordfører i kommunen frå 1999 til 2003. I denne perioden utvikla kommunen seg mykje og stadfesta seg som bygdesenter med regionale funksjonar, og kommunen opplevde ein rekordprega folkevekst.

Hannelore Måseide representerer med sin fleirkulturelle bakgrunn mangfaldet i kommunen.