Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.

Gunvor er dotter av den markante industrimannen Idar Ulstein (d. 2012). Ho er utdanna siviløkonom og vart tilsett som adm.dir. i Ulstein Verft i 1999, 30 år gammal, då ho tok over etter Brynjulv Mugaas. I 2003 vart ho konsernsjef. Ho er styreleiar i ei rekke bedrifter i Ulstein Group. Gunvor er medeigar i Ulsmo AS som er den største eigaren i Ulstein Group.

Under Gunvor Ulstein si leiing har verftet og dei andre verksemdene i konsernet gjennomgått ei modernisering og effektivisering. Ikkje minst har Ulstein hatt suksess med skipsdesignet X-BOW, som har blitt ei verdskjend merkevare.

Gunvor Ulstein har eit breitt samfunnsengasjement. Ho er styreleiar i Hafast AS, selskapet som arbeider for fastlandssamband mellom Hareid og Ålesund. Ho er nestleiar i NRK sitt styre og medlem i NHH sitt Advisory Board, SOS Barnebyers Råd, samt representantskapsmedlem i DNB. Ho har tidlegare sete i ei rekke råd og utval.

I 2006 vart ho kåra til «Årets forretningskvinne», og i 2008 vart ho årets shippingnamn. I 2011 vart ho tildelt «Seatrade Young Person i Shipping»-prisen, og i 2013 fekk ho Tekna Gullmedalje, samt HR-Norge sin pris «Kunsten å lede».