Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.

Forestillinga er ein av dei største revysuksessane i Noreg, med meir enn 130 000 menneske på forestillingane. Reklamekampanjen ”Steikje fine gardiner” gjorde duoen landskjent, og Kid-interiør søkkrik. Fredrik Knutsen, seinare Fredrik Steen, er fødd og oppvaksen i Ulstein. Han budde fleire år i Oslo, men flytta heim til Ulstein i 2000. Fredrik budde ein periode på Flø. I dag bur han i Oslo.

Fredrik blei rikskjendis som programleiar i NRK radio frå 1992 til 1995, først i NRK P3, seinare også i NRK P2. I 1994 tok han til som stand up komikar og har meir enn 2000 soloshow bak seg. Fredrik har gitt stemme til animasjonsfilmar som Kurt blir grusom, Den lille redningsskøyta Elias og Pelle Politibil. Stemma til Fredrik vert også ofte nytta i reklamesamanheng.

Fredrik har også hatt seriøse roller som Olav den heilage (kong Olav Haraldson) i Herøyspelet ”Kongens ring”.