Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.

Ellen Roppen var tilsett i 1937 og blei verande til Gamleheimen vart nedlagd 19. mars i 1959. På slutten var ho mykje sjuk, og ho døydde straks etter at dei gamle var flytta over i den nye kommunale kvileheimen.

23. april 1889 vedtok Ulsteinvik Indremisjon å bygge den første gamleheimen på Sunnmørsbygdene. Då hadde lærar Johannes Lynge tala over emnet: ”Hvad kan der gjøres for de gamle og syge i menigheden?” I innleiinga si reiste han spørsmålet om ein ikkje skulle tenkje på å byggje ein heim der eldre og sjuke kunne få skikkeleg stell og kjærleg stell. I protokollen står det kort og godt: ”Man besluttet i Jesu navn at sætte et sådant foretak i gang”.

24. april 1891 vart gamleheimen vigsla, og den var ein av dei aller første i landet. Det var 10 – 12 plassar på heimen, og dei 70 åra han var i drift var det fullt belegg heile tida.

Ein kan knapt forestille seg for eit slit det har vore for Ellen Roppen å ha omsorga for 10 – 12 gamle og sjuke døgnet rundt – med berre ei tenestejente å hjelpe seg.