Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.

Einar Magne har henta mykje inspirasjon frå opphald i Venezia. Debututstillinga i Kunstnerforbundet i Oslo i 1971 var med bilde frå Venezia. Det var også i Venezia han i 1974 gjorde dei første nedteikningane av sjølvopplevde nattdraumar. Dei kom frå slutten av 70-talet og minst eit par tiår framover til å prege kunsten hans. Draumebildeseriane vart det også bokutgivingar av – og kortfilm, vist på TV i fleire land.

Dei mest kjende verka hans er seriane «Draumen om Lech Walesa og Solidaritet i 13. des. 1981» – og oppfølgjaren «Draumen om Paven og Fjellet». Walesa-serien vart utstilt i Oslo i samband med at Walesa fekk Fredsprisen i 1983. Om lag samstundes vart tv-programmet om serien vist på NRK. Serien vart og utstilt fleire stader i Polen ti år seinare. I 2008 fekk Flø den høgthengande heidersprisen «Pro Meritis Medalje» med diplom.

Flø har sidan tidleg på 1970-talet vore inspirert av det heimlege landskapet. Bilde med motiv frå Ulsteinstranda og Flø har vorte stilte ut i Kunstnerforbundet i Oslo og Bergen Kunstforening. Verk er innkjøpte av Norsk kulturråd, Bergen Billedgalleri og Den norske ambassaden i Warszawa. Einar Magne er også kunstnaren bak nasjonalmonumentet for 1000-årsfeiringa av Slaget ved Hjørungavåg, avduka av HM Kong Olav i 1986.

Ein Magne Flø har atelier i gamle Ulstein skule. Gjennom fleire år har han hatt juleutstillingar i atelieret sitt. Dei har til tider samla mykje publikum og selt godt.