For meg var Bård Larsen fram til 1957 «han skomakaren som dirigerte Ulf». Han lærte seg tidleg å traktere både skarptromme, klarinett og fele, i tillegg til å dirigere.
Bård var ein person eg tidleg fekk eit forhold til. Alt som gutunge vart eg teken med på konsertar med Ulf av foreldra mine. Eg likte alt då denne musikkforma, og som dirigent vart Bård det naturlege midtpunktet. Han verka så stødig og sikker, og med ein stor dose autoritet.
Eg kan hugse at ein ofte kunne høyre Bård syngje når korpset spelte. Dette viser på ein spesiell måte korleis han levde seg inn i musikken. Kanskje ville han overføre si innleving i det musikalske til musikarane eller hjelpe dei i vanskeleg parti, kva veit eg.
I februar/mars 1957 tok eg til i Ulsteinvik skulekorps. Denne tida var det Toralf Gjerde som dirigerte. Frå hausten 1957 vart det Bård. Det er ikkje tvil om at han har vore ein av dei viktigaste personane for mi musikalske utvikling. Han var ikkje berre dirigent for skulekorpset i heile mi tid (til 1963) – han vart som ein mentor for meg. At Bård var respektert i korpsmiljøet, forstod vi godt når vi var på stemne rundt omkring i landet.
Bård kunne vere streng og stilte store krav, men det gjorde han også til seg sjølv. Han ville gi musikken all den rettferda han kunne. Han var ikkje den som ropa høgast i «flokken». Han kunne ofte verke sjenert og beskjeden. På ein lun, men bestemt måte sa han likevel ifrå når det var naudsynt. Han hadde klare meiningar om korleis musikk skulle tolkast, og resultata som kom fram på konsertane, tydde på at han gjorde mykje rett.
For dei som ville, stilte han alltid opp for å gi gode råd. Sjølv om det er nesten 40 år i aldersskilnad mellom oss, hindra det aldri mange lærerike samtalar på skomakarverkstaden hans. Han var sikkert travelt oppteken med reparasjon av sko. Likevel hadde han alltid tid til ein prat når eg stakk innom. Det var mange gode tips å få om korleis eg best kunne øve på instrumentet. Sjølv om vi hadde vidt forskjellige personlege instrument, han klarinett og eg trompet, var det mange nyttige ting å plukke opp.
Bård var alltid flink å gi passe store utfordringar til skulekorpset, ikkje for lette eller for vanskelege, men alltid noko å strekke seg etter. Han var kanskje ikkje den som skrytte av jobben vi gjorde i korpset i tide og utide, men når han først gjorde det, forstod du at det du hadde gjort, var bra.
I 1963 måtte eg slutte i skulekorpset på grunn av skulegang utanfor bygda. Etter skulegang og militærteneste kom eg tilbake i 1971. Berre få dagar seinare kom det spørsmål frå Bård om eg kunne ta meg av aspirantane det neste året. Dette med å få born og unge til å spele instrument hadde vore viktig for han i alle år. Det var mykje av drivkrafta for å starte «guttemusikken» i si tid.
Året etter sleit Bård litt med helsa. Han spurte derfor om eg kunne tenke meg å ta over skulekorpset etter han. Lysta var der, men kunne ein våge å ta over etter ein slik person? Han lova meg all hjelp og støtte, så eg sa ja. Denne lovnaden heldt Bård i alle dei år. Eg kunne når som helst ta kontakt, han hadde alltid nyttige ting å kome med.
Etter som åra gjekk, vart det oftare helseplager for Bård. Skomakarjobben hadde han slutta med, så den gode praten i den vesle verkstaden vart det mindre av.
Etter ei tid trefte eg Bård i Ålesund. Han hadde vore på sjukehuset ein tur. Det var gjensidig glede over å treffe kvarandre. Det var ei stund til ferja skulle gå og vêret var ikkje det beste. «Vi får finne oss ein kafé og slå av ein prat», foreslo Bård. Som alltid før, dreia samtalen seg om musikk og skulekorpset. Det vart både mimring og prat om dagens unge og korps.
Sjølv om Bård var dobbelt så gamal som meg, prega ikkje dette samtalen. Vi hadde så mange felles tema å snakke om. Sjølv om sjukdom prega Bård på denne tida, var gløden og interessa for korpsmusikken den same som i tidlegare tider.
Denne samtalen med Bård var den siste eg hadde med han. Kort tid seinare døde han, 73 år gamal. Ein stor personlegdom, kanskje den største i kulturlivet i Ulstein, hadde gått bort. Få eller ingen har sett slike spor etter seg i kor, orkester og musikkorps.
Han la ned ein enorm innsats i ei tid då slikt arbeid var dugnadsarbeid. Eg gjer vel ingen stor urett når eg seier at Bård Larsen har vore ein av dei som har ofra seg mest for song- og musikklivet i bygda, utan anna vederlag enn å få sjå og oppleve fruktene av arbeidet sitt. Om Bård Larsen kan ein berre slå fast ein ting: Han var ein heidersmann – ein bauta!
I tillegg til dette, står det skrive i gamle protokollar frå Ulf si historie at Bård ofte vart nytta som konferansier/toastmaster på div. konsertar/festar som Ulf arrangerte, han heldt ofte talane til jubilantar og i gravferder. Han var medlem i musikkutvalet i Sunnmøre Hornmusikklag. Det kan også nemnast at han på midten av 50-tallet skipa til ein trio som bestod av sonen Svein på kornett, Sverre Ottesen på piano og seg sjølv på fiolin. Dei underheldt på festar og basarar i Ulsteinvik med klassisk musikk.
Merittliste i Musikklaget Ulf
1921 Tok til i Ulf
1922 Medlem i festnemnda 1925 Varamedlem i styret 1947/48 Dirigent
1926 Medlem i festnemnda 1948/49 Dirigent
1933 Nestformann 1949/50 Dirigent
1934 Nestformann 1950/51 Dirigent
1935 Kassastyrar (kasserar) 1951/52 Dirigent – Musikkutval
1936 Kassastyrar 1952/53 Dirigent – Prøvenemnd
1937 Medlem i basarnemnda, Kassastyrar
1938 Kassastyrar 1939 Medlem i programnemnda 1953/54 Dirigent – Styremedlem,
Kassastyrar 1954/55 Dirigent – Musikkutval
1940 Programnemnda – kasserar
1955/56 Dirigent – Mus.utval – Styremedl.
1942 Kassastyrar. 1956/57 Dirigent, Mus.utval, Styremedl. 1943 Kassastyrar 1957/58 Dirigent (vår) – Styremedlem
1945 Varadirigent