Anna Leinebø gjorde eit omfattande arbeid for Saniteten – også på fylkesnivå over mange år, og ho reiste rundt og starta nye lokalforeiningar i Møre og Romsdal.

Anna Leinebø (f. Hjorthaug) var fødd i Volda, men foreldra flytte til Herøy, der Anna vaks opp. Ho gifte seg med Ole Leinebø. Dei fekk 3 born.

Anna Leinebø tok over som leiar i Ulstein Sanitet i 1939. Ho sat til 1943. Møre og Romsdal krins var tilslutta Trøndelag NKS dei første åra, men i 1943 vart alle sanitetskrinsar skilde etter fylkesgrenser. Med Anna Leinebø i spissen tok Saniteten fatt på oppgåva med å bygge opp igjen helsestellet etter krigen. Det vart starta spe- og småbarnskontrollar, skulehelseteneste og skuletannpleie. Folkebad, badstuer og helsehus dukka opp i mange bygder ved hjelp av sanitetsinnsats. ”Feriefondet for slitne husmødrer” arrangerte husmorleirar både på Solem gård i Surnadal og på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik.

Anna Leinebø var også representant for saniteten i Heimevernet sitt distriktsråd etter krigen.

I 1965 gjekk Anna Leinebø av som leiar for krinsen. Ho hadde gjort eit stort arbeid for sanitetssaka, og også kvinnesaka i fylket. På krinsmøtet på Hareid i 1967 vart Anna Leinebø utnemnt til æresmedlem i Møre og Romsdal krins av NKS. Ho har også fått organisasjonen sitt høgste æresmerke i gull, og Kongens fortenestemedalje for si viktige og omfattande sanitetsgjerning.

Anna Leinebø gjekk inn i styret i den nye Møre og Romsdal krins av NKS. På krinsmøtet på Hareid i 1949 vart ho valt til ny hovudleiar. Dette vervet hadde ho i 16 år. Ho førte krinsen og arbeidet vidare med stø og sikker hand. Ho reiste rundt og besøkte alle lokalforeiningane i fylket, og starta opp nye.