I år fyller Ulstein Sanitetsforening 110 år. Det var Fredrikke Marie Qvam som tok initiativet til å starte opp Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896. Ho engasjerte seg sterkt i arbeidet for å betre helsestellet og levevilkåra for fattige og sjuke. Opptaket til saniteten i Ulstein hende 30. mars 1912.
Denne dagen møtte dr. Dørge som var distriktslækjar i Ulstein opp hos misjonsforeninga til Nikioline Roppen og bar fram ærendet sitt. Han oppmoda dei som var tilstades om å ta kontakt med saniteten sentralt med tanke på å skipe ei santitetsforening i kommunen. Han fekk spontan og positiv reaksjon, og dei første medlemmane teikna seg alt den dagen. Ulstein Sanitetsforening skulle verte ein livskraftig og sterk organisasjon som har gjort mykje for helse og trivsel i kommunen.
Vi har valt ut ein artikkel om perioden 1939 til 1945 skrive av Inger G. Ulstein, Jorun Emilie Waage og Marie Breivik 25. mars 1995. På denne måten markerer Levd liv jubilanten og det viktige arbeidet saniteten har stått for.
