I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i den såkalla «Trekantsaka» i Ulstein, eller «Tre-i-eitt»-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik?

Alt dette og mykje meir skal vi sjå på i denne artikkelen. Trekantprosjektet har vore ei av dei aller viktigaste sakene i kommunen dei siste 50 åra. I dette årsskriftet vil ho representere den nyare lokalhistoria. Innleiingsvis kan vi slå fast at denne saka har kome til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune satsfart og nye krafthopp i utviklinga. Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 15 år attende, ville vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. Men prosjektet møtte også motstand. Truleg var motstanden og diskusjonane med på å gjere sluttresultatet betre for innbyggjarane.

Biletet til høgre: Sigersglede: Kjell Rud (A) var sentral i det politiske arbeidet med å få Trekantsaka igjennom. Her blir han takka av dåverande hotelldirektør Sølvi Lillebø Remøy. I bakgrunnen ein smilande Trond Berg. Han var rektor på Sunnmøre Folkehøgskule og ein krumtapp i arbeidet Trekantsaka. (Foto: Vikebladet).