Ulstein historielag inviterte til Kulturhistorisk stemne på Øvre Rise søndag 11. juni i år. Arrangementet var i samarbeid med Hareid historielag. Eigaren av garden, Hans Otto Rise, hadde på førehand slått og rydda markane slik at dei oppmøtte kunne sitje på plenen framføre huset.
Hans Otto har i mange år gjort ein formidabel innsats for å ta vare på huset og tilhøyrande grindløe. Ein stor takk til Hans Otto Rise for at han opna garden.
Det blei ein varm og god sommardag, og dei frammøtte fekk høyre interessante foredrag frå Johan Ottesen, Geir Livaåg Strand og Harald H. Rise. Dei frammøtte fekk høyre om sjølve huset, kva huset blei nytta til og om Rise-slekta. Om lag 120 personar hadde møtt fram.