Ottar Kaldhol er fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune. Han har eittårig framhaldskule. Med dette utgangspunkt har han gjort betydeleg karriere innan fagrørsla og politisk arbeid både lokalt og nasjonalt.
Ottar Kaldhol var i sine første arbeidsår læregut på Hatlø Verksted A/S, der melde han seg for første gong inn i fagrørsla, Norsk Jern og Metallarbeidarforbund. Han var ein periode fiskar og tillitsvald for Norsk Sjømannsforbund. Seinare blei han industriarbeidar og sveisar ved Kleven mekaniske verksted. I perioden 1980 til 1988 var han arbeidsleiar ved same bedrift.
Kaldhol engasjerte seg tidleg i politikken og blei første gong vald inn i Ulstein kommunestyre i 1975. Kaldhol var ordfører i Ulstein i to periodar frå 1987 til 1991 og 1991 til 1992. Hausten 1992 vart han oppnemnd til statssekretær i Fiskeridepartementet og der sat han til han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1993, og etter 1997 møtte han som vararepresentant i fleire periodar. Kaldhol var medlem i Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen og i Finanskomiteen. I 1998 tok han til som kontorleiar i Norsk Sjømannsforbund i Ålesund.
Han har sidan 2003 og fram til oppnådd pensjonsalder arbeidd som rådgjevar i Forbundet for Ledelse og Teknikk – FLT, der han hadde hovudansvaret for forbundet sine mange medlemar i Statens vegvesen rundt om i heile landet.
Ottar Kaldhol vart i 2013 utnemnd som æresmedlem i Forbundet for Ledelse og teknikk. Han er også forfattar av ei bok som vart gitt ut i 2014: Teknisk Fagkole – ”Bastard eller askeladd” og den handlar om forbundet FLT si rolle for utviklinga av Teknisk Fagskole gjennom dei siste 60 år. Ottar har i fleire år vore medlem av Ulstein Mannskor.