Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.
Foreldra hans heitte Oline Ananiasdotter Kleppegjerde og Ingebrigt Johnson Seljeseth. Dei dreiv garden Seljeset. Rasmus, bror til Ingebrigt, dreiv handel i kjellaren på Seljeset. Han hadde også ansvaret for posttenesta. Seinare fekk garden også ansvaret for telefontenesta.
Rasmus flytta etter kvart butikken til Larsnes.
Oline, mor til Olav, var yngste dotter til Kleppesmeden, den gong ein kjend mann i distriktet som det gjekk mange historier om. Han var fødd i Kaldvatn i Volda kommune i 1803 og kom roande til Kleppe på Leikong med si unge kone, Dorte Sjursdotter. Det er rart å tenke på at artikkelforfatteren sin oldefar blei fødd for 210 år sidan.
Olav var yngste barn. Han hadde ein bror og to søstre.
Alvorleg sjuk
Då han var ferdig med skulen, han gjekk på omgangsskule, blei han alvorleg sjuk. Han fekk brysthinnebetennelse og låg til sengs i fire år. Foreldra hans hadde gitt opp alt håp. Han låg på eit rom dei kalla for blåromet med utsikt til eit fjell, Vasshornet, som stengde for all utsikt. Mor Anna fortalde at han seinare i livet sjeldan eller aldri gjekk innom blåromet då dei var på vitjing på Seljeset.
Til alt hell kom det ein nyutdanna lege til Larsnes. Han hadde noko så nymotens som ein sykkel. Denne legen kom med nye medisinar som gjorde Olav frisk.
Frisk start på arbeidslivet
Den første vinteren etter at han blei frisk, fekk han hyre på ein fiskebåt. Han var også med til Island på fiske der. Han fortalte seinare i livet at nokre av dei norske fiskarane «for stygt åt» på Island. Vi spurte han ikkje kva han meinte med det. Sjølv som born forsto vi nok kva som hadde skjedd.
Etter denne perioden på sjøen reiste han til Sør-Varanger på anleggsarbeid. Der var han i to år. Han fortalte at han ein søndag hadde gått over grensa og inn i Russland. Dette var fleire år før revolusjonen. Likevel var det spennande for oss borna å høyre at han hadde vore i Russland.
Så reiste han til Sunndalsøra og arbeidde der til krigen braut ut i 1914. I ei periode var han også i Sulitjelma på gruvedrift.