Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.
«Ulstein 2» var bygd i 1961 ved Kleivset Båtbyggeri Halsa Nordmøre Opprinneleg: – 63,0 fot lang 18,8 fot brei, og 8,8 fot djup. Levert til Svein H Svendsen partsrederi Ulstein. Motor: 150 hk Volda. Lengd til 73,7 fot i 1966, og påsett bakk.
Gud signe vårt folk der dei sigler og ror og blåmyri pløgjer i sud og i nord. Di hand må dei vara som ute skal fara! Dei strevar og balar på skip og i båt, Gud vere i storm og i stilla attåt.
Dei var nesten heime
Klokka er 08.02 den 10. desember 1969. Losbåtmann Paul Pareliussen om bord i losskøyta «Rundøy» som ligg ved kai på Runde oppfangar på radioen at «Ulstein 2» kallar opp Ålesund Radio på naudkanalen 2182 hz, dei ber om ein bergingsbåt med ei god pumpe, dei opplyser at dei har grunnstøytt på skjeret Bollen. Det vert sagt at situasjonen ikkje er kritisk, men at båten lek og tek inn vatn. Like etter tek Ålesund Radio kontakt med «Rundøy» Ti minutt seinare sender «Ulstein 2» ei ny melding. Båten har drive av skjeret, han er mykje lekk. To redningsflåtar var sette på sjøen. « Ulstein 2» ba om å få hjelp straks.