Veslejulaftan i 1959 banka det forsiktig på døra heime hos oss, og inn kom vesle Sindre (Dimmen) med ei julegåve under armen. Sindre var sju år og gjekk i første klasse på Hasund skule saman med meg. Han hadde no gått vegen åleine frå heimen sin, den gamle prestegarden i Dimnasund, og ut til Kleven der vi budde.

Foreldra, søskena mine og eg var spent på dette overraskande besøket midt i julestria. Og så fortel Sindre at han hadde fått pengar med faren sin for å kunne kjøpe meg ei gåve til jul. Ja, for han synst eg var så snill og kjekk. Eg hadde ikkje forstand på å rødme, men kjende at dette var spennande!

Og så samla vi oss ved kjøkkenbordet og opna pakken han hadde med seg; eit fargerikt hefte med mange fine illustrasjonar og eventyret om Hans og Grete som vart fanga i skogen av den stygge heksa. Sindre bladde i heftet og fortalde meg samstundes den fæle historia om heksa som budde i eit hus laga av godteri og som likte å ete born. Både Sindre, julegåva og eventyret gjorde eit varig inntrykk på meg, og eit godt minne å ta med seg.