Like sør og aust for kyrkjegarden ligg det restar etter eldre og førhistoriske åkrar under bakken, jf. figur 2. Dei førhistoriske jordlaga skil seg ofte frå matjorda ved at dei er mørkare og meir kolhaldige. Under det førhistoriske jordlaget kan ein sjå mørke striper i undergrunnen.
Stripene er spor etter førhistorisk pløying, det vil seie spor etter arden. Arden, ein primitiv form for treplog, var i bruk frå jordbruket vart innført i yngre steinalder til rundt 1200-talet.
Frå mellomalderen tok plogen over som det mest nytta pløyereiskapet. Då arden manglar veltefjøl, må ein ofte føre arden på kryss og tvers dersom ein skal smuldre jorda. Forskjellen mellom plog og ard ser ein ved at plogen lagar furer som er rette og parallelle.
Det finst ulike typar ardspor på Osnes. Nokre liknar meir parallelle striper, medan andre er krysspløgde. Vi veit enno ikkje om dei ulike metodane å pløye på kan indikere noko meir.
Kanskje gjenspeglar endringar i ardsporrestane samfunnsendringar mot eit meir lagdelt samfunn. Eit meir lagdelt samfunn der det meir arealkrevjande systemet med vekselbruk frå tidleg jarnalder kan erstattast med meir intensivt drivne åkrar (Diinhoff 2008:1). Eller kanskje dei forskjellege typene ardspor var ein del av åkerdrifta, der det etter somme år var naudsynt å krysspløge?
Sør for kyrkjegarden ligg restar etter eit spanande fenomen. Under matjorda låg eit reint sandlag. Det er flygesand som har kome frå Osnessanden. Flygesanden dekker og vernar den førhistoriske åkeren, figur 3. I den førhistoriske åkeren kan ein skimte fleire lag med fossile åkrar. Åkerlaga har vore avsette over ein tidsbolk på fleire hundre år. Lik sider i ei bok, kan kvart jordlag fortelje noko frå si tid. I tillegg til restar av trekol, pollen og korn, inneheld åkeren også førhistorisk «søppel». Søppelet består av pilspissar, keramikkskår, glasskår, flintavslag, leire, brente bein og slagg. Søppelet er karakteristisk for si tidsepoke.
I samband med Bergen museum si utgraving i dette området kunne ein skilje ut 15 forskjellige jordlag. Dei fleste var åkerlag (Diinhoff 2008:3-5).
Nedre del av åkeren vart nytta omlag 130 e.Kr., det vil seie eldre romartid. Jordlaga ovafor var daterte til byrjinga av yngre romartid, rundt 230 e.Kr., og frå slutten av yngre romartid, omlag 410 e.Kr..
Møre og Romsdal fylkeskommune si registrering ga ei overraskande datering; det øvste åkerlaget ga eldre datering enn det underliggande (Pilskog 1999). Ved Bergen museum si utgraving fekk ein tilsvarande resultat. Eit åkerlag med flintavslag og dateringar til sein bronsealder låg oppå eit åkerlag med funn av spannforma keramikk frå folkevandringstid!
Dette kan forklarast med at ein på denne delen av Osnes har gjødsla jorda (Diinhoff 2008:4). Klimaendringar førte til problem med flygesand på delar av Osnes.
Problemet løyste bøndene med å tilføre meir jordmassar i åkeren. Dei «nye» jordmassane henta ein frå ein eldre åker. Til slutt måtte ein gje opp og flygesanden tok over. Den yngste åkeren i dette området er datert til rundt 1300-talet, så gjødslinga kan ha pågått i høgmellomalderen.