Tomta til huset vårt blei utgraven i 1934. Dette var på Osnesgarden, og bruksnummeret vårt vart 107. Far, Karl Johan Hauge, stod som eigar av eigedomen, som fekk det velklingande namnet «Heimro».

Under utgravinga dukka det opp ei vassåre i atterkant av tomta. Det vart då bestemt å grave ut ein brønn. Det vart sett opp ein kant i ca. 1,25 meter høgde over golvnivået. Brønnen var ca 2 meter lang og 1,5 meter brei. Eit kraftig tredekke vart lagt på toppen. I framkant av tredekket vart det laga ei luke. Sjølve brunnen var om lag 1,5 meter djup.

Med ein familie på åtte var det stort behov for vatn. Det var noko tungvint å hente vatn i kjellaren. Det var dei vaksne som sto for vasshentinga. Det var aldri problem med at ungane leika seg ved eller oppå brønnen. Alle hadde stor respekt for dette. Etter som vi vaks til, meistra vi å få opp vatn og dermed avlasta vi foreldra våre.

Dei første åra måtte vi hente vatn i ei bøtte som vart plassert på ein krakk i kjøkenet. Alt vatn til matlaging, vasking, reingjering og klesvask i kjellaren vart henta på denne måten. Det var enkelt og kanskje primitivt, men krava var ikkje så store. Det var kaldt, klart og godt vatn som det er i ei oppkome.