Det var eit opprør i den vakninga ein opplevde på Sunnmøre i 1880-åra og opprøret må sjåast i nær samanheng med Venstre og Johan Sverdrup sin kamp mot embetsmanns­styret. Lekmenn trakka lenger og lenger inn på område der prestane hadde hatt hevdvunnen einerett. Lekmenn påbe­ropte seg retten til å forkynne. Etter kvart meinte dei at presten sin einerett til å tale i kyrkja måtte brytast. Ja, dei kravde til og med rett til å forvalte sakramenta. Mykje skjedde på kort tid, det var nærmast ein revolusjon, og mange prestar vart naturlegvis skremde og reagerte sterkt.

Første gong denne konflikten spissa seg på Sunnmøre var under «Sand­stormen» hausten 1887 og våren 1888. Det var berre i Ulstein og i Ålesund at det var bygd bedehus då og spørsmålet om bruksretten til kyrkjehusa melde seg med full styrke. Folk ville ikkje godta at presten og bispen nekta dei å bruke eit hus dei hadde streva for og reist med eigne hender. Det gjekk ei bylgje av «kyrkjeopningar» over Sunnmøre. Lek­folket braut seg regelrett inn og gjorde bruk av kyrkja utan løyve. I Ørsta, på Giske i Havnsund og i Borgund vart kyrkjene opna for Sand på denne måten og også i Sande tok Folk seg til rettes. I Volda ga sokneprest Barstad løyve til at Sand skulle få tale i kyrkja. Seinare var den nye soknepresten i Volda, Wenaas, ein av dei prestane som gjekk sterkast ut mot vekkjinga.

Bråket på Sunnmøre var sterkt med­verkande til at kravet om løyve frå bi­skopen for at lekmenn skulle kunne tale i kyrkja vart oppheva ved kgl. resolu­sjon 22/8 1888.

I Ulstein var dette neppe noko pro­blem på denne tida. Allereie i 1878 skal Faste Svendsen visstnok ha talt i den nyreiste Ulsteinkyrkja og det var i Wis­løff si prestetid! Prost Anker hadde no styringa med indremisjonsforeininga, og han var elles meir viljug enn prestar flest til å sleppe lekfolk fram.

Fleire stader der vekkjinga og «kyrkjeopningane» Førde til sterke reaksjonar frå geistleg hald, vart indremisjonen skuva i frikyrkjeleg ret­ning og mange av dei «vakte» melde seg ut av statskyrkja. I tiårsperioden frå 1890 til århundreskiftet auka talet på dissenterar frå 91 til 724 på Sunnmøre. Særleg mange var det i .Klesund, Ørsta og Volda.

I visitasmeldingar frå Ulstein desse åra heiter det at «Sekterisk forkyndels har man fremdeles ikke havt; ei heller findes dissentere i prestgjældet.» Like­vel har striden gitt gjenklang også her. I protokollane for indremisjonen kan ein lese at ein emissær Andreas Pedersen talte i kyrkja i 1894 og slepte til to andre «om hvis kirkelige standpunkt der var reist tvil». Reaksjonen frå styret i indre­misjonen i Ulstein var skarp og ikkje utan ein undertone av mistillit til Sønd­møre Fællesforening. Det vart vedteke «at foresørge Fællesforeningens bes­tyrelse i Ålesund, hvile emissærer den fortiden har i sin tjeneste. Samme besty­relse gjøres oppmærksom på at den sender af sine emissærer til Ulstein kun på anmodning av indremisjonens bes­tyrelse.»

Først dei siste 5-6 åra har ein hatt ei fasttømra gruppe av dissenterar i Ul­stein. Då pinsekyrkjelyden vart etablert, var det til ein viss grad snakk om ei av­skaling frå Ulsteinvik indremisjon, men ein må vel likevel seie at indremisjonen i Ulstein ikkje har gitt særleg grobotn for slike straumdrag.

Innanfor indremisjonsrørsla har ein alltid stilt seg skeptisk til folkekyr­kja. Rosenianismen var på mange måtar ein reaksjon mot grundtvigia­nismen som forkynte at alle døypte måt­te reknast som kristne. Mange har meint at folkekyrkja er ubibelsk, og meir eller mindre medvite har ein drøymt om å finne vegen tilbake til modellen frå ur­kyrkja. Tanken om at det er dei omvende – dei verkeleg truande – som er den eigentlege og bibelske kyrkja, ligg til grunn for både vaksendåp og det som blir kalla «fri nattverd». Ein del stader førde desse tankane til oppretting av frie forsamlingar, slik det er tydeleg til dø­mes i Volda; andre stader valde ein å sjå på miljøet på bedehuset – «vennesam­funnet» – som ei kjerne i kyrkjelyden innanfor folkekyrkja, slik det har vore i Ulstein.

Tanken om vaksendåp stammar frå misjonsdåpen i urkyrkja, men vaksen­dåp har aldri vunne tilslutnad på offisi­elt hald i indremisjonen. Det er ei kjent sak at det alltid har vore dei innanfor rørsla som har meint at barnedåpen er ubibelsk.

Tradisjonelt har berre ordinerte prestar hatt rett til å forvalte dei kyrkje­lege sakramenta. Utfrå urkyrkjetanken har enkelte meint at kristne måtte kunne dele brød og vin utan at ein prest er til­stades. Det er dette som blir, kalla «fri nattverd».

Naturleg nok har det stått strid om den frie nattverden. Tanken kom til Sunnmøre dels frå Sverige og dels frå ei lita «nadverdforening» i Kristiania. I 1890-år vart fri nattverd teken i bruk innanfor indremisjonen i Ørsta og Vol­da. Det vart reist rettssak mot to av dei leiande i denne rørsla fordi fri nattverd var i strid med norsk lov, men saka vart bortlagd. Som skulestyreformann sørgde soknepresten for at to sentrale indremisjonsfolk vart oppsagde frå læ­rarpostane sine. Lærarane fekk seinare oppreising av Stortinget og striden la seg nokre år ut i det nye hundreåret. Den frie nattverden hadde nok fått fotfeste i distriktet; det var skipa «nadverdfor­eninger» i Bjørkedalen og på Velle i Ør­sta, men, skriv Oscar Handeland i Vår­løysing, det var få lekmenn og prestar som forsvarte fri nattverd på denne tida.

Fri nattverd var ikkje aktuelt i Ulstein i 1890-åra. Her vart det sann­synlegvis skipa «nadverdforening» først i 1928. Då søkte foreininga om å få bruke småsalen på bedehuset og fekk ein­stemmig løyve til det. Det var Iver G. Skeide – ein av dei leiande i Kinamisjo­nen som tok initiativet. Foreininga har eksistert og hatt eigne nattverdmøte heilt opp til vår tid. I dag har Ulsteinvik Indremisjon teke over ansvaret for des­se møta.

Det ser ut til at nattverdforeininga har samla dei leiande i Indremisjonen og Misjonssambandet. Dei var med – både dei som meinte at ein berre skulle nyte nattverden i lag med dei som høyr­de til «vennesamfunnet» og dei som meinte at ein også kunne gå til nattverd i kyrkja.

Når fri nattverd vart teken i bruk i Ulstein akkurat i 20-åra, var det etter til­skunding frå Sunnmøre Indremisjon som praktiserte fri nattverd på bibel­kursa sine. Slik vart fri nattverd vanleg på Sunnmøre. Dette skapte ny strid og førte til ein open debatt om tilhøvet mel­lom Indremisjonen og kyrkja.