FRA DET VESTLANDSKE INDREMISJONSFORBUND

Når Ulsteinvik Indremisjon nå rundar dei hundre år, er det ei stor glede å få helsa frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er inspirerande å tenkje på at det i mange av våre bygder har vore organisert indremi­sjonsarbeid i så lang ei tid som hundre år.

Kva er meir naturleg enn å stanse opp i takk og tilbeding til Gud ved ein slik milepæl? Alle som i dag får vere med å sjå attende på eit langt se­kel med indremisjonsverksemd i Ulsteinvik, må nok sanna med songaren: «Eg kan ikkje telja dei alle, dei prov på Guds kjærleik eg får.»

Men om vi ikkje kan telja alle Guds nåde-prov gjennom hundre år, – så lat oss takka dess meir.

Nå har det nok vore skiftande tider og kår jamvel i Ulsteinvik Indremisjon desse åra. Det var tider då vekkingselden brann sterkt og tider då «vek­kinga stilna og folket det fór», – og få var att som ville høyra Guds ord. Men Jesus Kristus er den same i dag som for hundre år sidan! Vår bibel seier at hans namn skal leve til evig tid og skyta friske skot så lenge sola skin. Difor er det med stort frimod vi ser framover! Det er i tru og tillit til han som i går og i dag er den same, ja til evig tid.

Så står vi saman i det oppdrag vi fekk: «Med Guds ord til folket» For Jesu skuld og i Jesu namn, vil vi framleis med frimod drive indre-MISJON!

OLE ABEL SVEEN
Generalsekretær