Omgrepet «foreining» er ikkje så gammalt som ein kanskje skulle tru. I Norge dukka det opp for første gong i 1840- og 50-åra. Utetter hundreåret skjedde det ei vakning – ei utvikling frå elite-engasjement til masse-engasjement. I samtida snakka ein om «assosiasjonsånden». Foreiningane gjorde kulturell aktivitet til eit tilbod for dei mange.
Industrialiseringa i siste halvdelen av 1800-talet førte med seg djuptgripande endringar i samfunnet og klarare sosiale skilje. Det vaks fram ei ny mellomklasse av lærarar, funksjonærar, handelsbetjentar og skipsoffiserar – mellom yttergruppene av industriherrar og embetsmenn på den eine sida og arbeidarane på den andre. Ein kan sjå på foreiningsskipingane som den nye mellomklassa sitt opprør mot den gamle kultureliten; embetsmennene. Dette skal vi kome tilbake til – for det er særleg tydeleg når det gjeld den kristne lekmannsrørsla.
Sjølvsagt låg bygdene langt etter byane i denne utviklinga, men også på bygdene førte industrialiseringa med seg store endringar. Overgangen til pengehushald, tilgangen på nye og fleire varer, og nye handelslover førte til ei voldsom oppblomstring i handelen. Skulelovene stilte strengare krav til lærarutdanninga og lærarane fekk ein sterkare sosial posisjon i bygda. Vi ser konturane av ei mellomklasse og i det framveksande lagslivet stod lærarar og handelsmenn oftast i brodden for arbeidet. Den gamle eliten – embetsmennene – var i ferd med å misse førarstillinga si. Etterkvart som det kom fart i foreiningsskipingane på bygdene, var det foreiningane som vart dei fremste kulturberarane.
Ein viktig føresetnad til skal nemnast. Det er det diktaren Inge Krokann har kalla «det store hamskiftet». Vi har alt vore inne på overgangen frå natural- til pengehushald. Utskiftingslovene i 1860-åra og utflyttinga frå stortuna er også ein viktig del av «hamskiftet». Utflyttinga førte til at dei sterke slektsbanda over tid vart oppbrotne. I staden fann folk saman i interesse- og livssynsfellesskap. Auka opplysning og betre skulegang førte også til at folk fekk vidare interessefelt. Ein kan snakke on eit kulturelt «hamskifte».
Denne raskt skisserte, allmene bakgrunnen høver også godt når det gjeld Ulstein. I Ulstein vil eg hevde at tyngda av det kulturelle «hamskiftet» skjedde i perioden frå 1880 og fram til århundreskiftet – trass i at utviklinga byrja ein del år før. Stortunet på Osnes vart til dømes utflytt i 1864. Ein heil del foreiningar vart også skipa før 1880: Ulfstens Missionsforening i 1846, «lærerforening» og «sømandsforening» i 1859 og 1864. Det skal også ha vore eit kyrkjekor i Ulstein frå 1873, men aktiviteten i dei første foreiningane var heller liten. Ikkje minst viktig er Ulfsten Sogns Spareforening skipa i 1872 – eller Ulstein Forbruksforening, som verksemda heiter i dag. Spareforeininga bidrog sterkt til overgangen til pengehushald i bygdene våre.