Første verdskrig førte til endringar i det politiske og økonomiske landskapet på Hareidlandet. Sommaren 1914 small skotet i Sarajevo, og den 28. juli 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia og invaderte landet. Dermed var krigen i gang. Første verdskrig kom brått på Noreg. Folk trudde han ville bli kortvarig, kanskje eit halvt år. I Ulstein vart det ei hamstring utan like mellom folk. Dei tømde butikkane på kort tid. Verdskrigen førte til at Ulstein og Hareid vart kvar sin kommune.

Den opphavlege Ulstein kommune skilde seg først frå Vartdalsstranda på slutten av 1800-talet. No stod altså Hareid for tur. Sjølv i det nøytrale Noreg førte krigen til mange nye tiltak. Med eit slag voks saksmengda i Ulstein herad, og truleg har ordføraren kjent seg overvelda av alt arbeidet. Sakene hadde auka frå 59 i 1913 til 159 i 1914, ein god del av dette på grunn av krigen ute i Europa. Ordførar Hans B. Osnes bad den politiske veteranen Martinus Bjørndal kome med eit framlegg om å dele kommunen. Ei nemnd tok saka vidare. Den 13. mai 1915 kom nemnda med framlegg:

Heradsstyret gir ordføraren mynde til å søke om å få Ulstein herad delt i to, Ulstein herad og Hareid herad. Frå 1. januar 1917 var Hareid eigen kommune. Men Ulstein heldt fram som prestegjeld med dei to sokna Ulstein og Hareid.