Dei siste tiåra før tusenårsskiftet dukka det stadig opp stridsspørsmål som skapte uro i kyrkjelydane, også i Ulstein prestegjeld. Helge Hognestad var truleg den mest omdiskuterte norske presten på 1980-talet, på grunn av meiningane sine om den kristne trua som mange meinte var i strid med læra til den norske kyrkja. Han verka som kapellan Høvik i Bærum, men etter mykje bråk trekte han seg frå stillinga i 1984. I 2000 vart han ordinert på nytt av Hamar-biskop Rosemarie Köhn, som også skulle skape splid på Hareidlandet.
I 1983 tek ein av frontfigurane mellom kristenfolket i Ulstein opp Helge Hognestad i eit innlegg i Vikebladet. Kjartan Grimstad skriv: – På direkte spørsmål om han trur det finst eit helvete, svarte Hognestad kort og klart: – Nei! På same måten nekta han trua på Jesu soningsdød for syndene våre. Ein slik prest bryt med kyrkja sin grunn, det er klart, konkluderte Grimstad. Det vart ein lengre debatt i lokalavisa om denne saka.
Det er elles på denne tida at kvinnene i Noreg for alvor har byrja å vende blikket mot arbeid utanfor heimen. Talet på heimeverande husmødrer blir halvert frå 1980 til 1990. Ulstein var framleis eit nokså kjønnsdelt samfunn ved inngangen til dette tiåret. Det gjeld både yrkeslivet, politikken, familielivet og foreiningslivet. Men kvinnesaka, kampen for å endre den tradisjonelle kvinnerolla, hadde likevel fått eit visst fotfeste i prestegjeldet. Sidan kvinneåret 1975 har det blitt danna kvinnegrupper, og vi ser at det skjer ting innan til dømes idretten, som peiker mot endringar i det tradisjonelle kvinnesynet. Jentene byrjar så smått å spele fotball og drive med langdistanseløping. Men endringane skjer i det små og ikkje utan debatt. Vi anar at det går føre seg ein diskusjon om feminisme og kvinnefrigjering i det kristelege foreiningslivet. Av og til blir dette spegla av i lokalavisene.
I Ulstein er til dømes både soknepresten og soknerådsleiar Eldar Husøy motstandarar av kvinnelege prestar. I januar 1988 kjem Foreningen for Bibel og Bekjennelse (FBB) med eit utspel i saka: FBB kan ikkje sjå at kvinnelege prestar er godkjende av kyrkja. Sokneprest Atle Hopland kommenterer til Vikebladet: – Eg kunne ikkje ha tolerert at ein kvinneprest gjekk på preikestolen i Ulstein kyrkje, slår han fast. Kva om det kom ein kvinneprest inn som til dømes som vikar i Hareid? vil avisa vite:
– Dersom det var tale om ein vikar, måtte eg ha levd med situasjonen. Men eg ville ikkje kunne ha noko gudstenestefellesskap med ein kvinneleg prest. Dersom det skulle bli ei permanent tilsetjing, ville situasjonen bli vanskeleg for meg. Då måtte eg nok søkje meg bort.
Biskop Ole Nordhaug er usamd med Ulstein-presten og FBB: – Eg deler ikkje den oppfatninga at kyrkja ikkje har godkjent kvinnelege prestar. Rett nok står det ingen stad i læra til kyrkja at det skal vere kvinnelege prestar. Men det står heller ingen stad at det ikkje skal vere kvinnelege. At kvinner og menn skal likestillast i dette spørsmålet, er vedteke ved lov. I og med at vi har ei statskyrkje, må vi rette oss inn etter dei lovene som gjeld. Anten får du halde deg til reglane i spelet, eller så får du gå ut og danne ei frikyrkje. Ei kyrkje kan ikkje i det lange løp leve med å bryte gjeldande vedtak, insisterer biskopen.
– Eg spør meg, svarer Hopland, – har vi brått i løpet av 10-20 år fått så mykje meir teologisk kunnskap og innsikt i Guds ord at vi kan setje strek over ein 1900 års tradisjon. I heile den katolske kyrkja, den anglikanske, aust-kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er det menn som har prestetenesta. Så eg blir litt lei av denne stadige påpeikinga av at den norske kyrkja er bakstreverk, og at ho verkeleg kan ha prestar som ikkje følgjer med i tida, og ser kva som rører seg i moderne teologi. Hopland la til: – Eg har sjølv fleire gonger hatt gudsteneste der kvinner har talt; også kvinner som har stått fram med profetisk bodskap. Kvinna høyrer med til det allmenne prestedømmet, som ein kvar døypt og truande gjer. Prestetenesta står heller ikkje over andre tenester i kyrkja. Men slik eg ser det, er dette med presteembetet knytt til mannen.
Hopland vart igjen avisstoff då han nekta KFUK-KFUM-leiar Irene Wenaas Holte å ta del som prest i ei gudsteneste i Ulsteinvik
Uroa omkring dette spørsmålet fekk ny næring då generalsekretæren i Vestlandske Indremisjonsforbund, Ole Abel Sveen, i januar 1990 utalte at kvinnelege prestar og liberale teologar elles burde nektast å tale i bedehusa i Noreg. Som kjent var det indremisjonen som åtte Ulsteinvik bedehus. Avtroppande formann i Ulsteinvik Indremisjon, Magne Hofset, uttalte til lokalavisa at bedehuset i bygda aldri hadde møtt problemet med talarar dei ikkje kunne godkjenne: – For dei misjonsforeiningane som bruker huset, har det hittil aldri vore aktuelt å bruke ein kvinneleg prest. Eg veit ikkje kva meining det nye styret har om den situasjonen som no har oppstått, men eg ser ikkje bort ifrå at det kan vere delte meiningar om saka i Ulsteinvik Indremisjon, trudde Hofset. Ein av dei nyvalde i styret for indremisjonen, Per Sæter, meinte også at styret kunne dele seg i denne saka.
Avisoppslag vart det også då Møre-bisp Odd Bondevik skulle ordinere den første kvinnelege presten frå Ulstein prestegjeld. Bondevik hadde skifta syn og meinte no at dei skriftorda som vart nytta mot kvinnelege prestar, ikkje handla om det i det heile. Derfor kunne han frimodig kome til Hareid og ordinere Irmelin Grimstad Bonden til prest søndag 8. september 1996. Sokneprest Atle Hopland ville ikkje vere til stades i kyrkja. Men kyrkja var full då den historiske dagen kom: – Ein stor og spesiell dag, konkluderte biskopen, ifølgje lokalavisa.
Etter kvart la dei som ikkje kunne akseptere kvinnelege prestar, seg lågare i det offentlege terrenget. Men det vart store medieoppslag då Evy Risa Kvamsdal vart den første kvinnelege prosten i Møre bispedøme. Kvamsdal hadde mellom anna leiarutdanning for kvinner i Den norske kyrkja og vart ordinert til prest i 1989. I mars 2000 vart Kvamsdal utnemnd til prost i Søre Sunnmøre prosti. Men då ho skulle ordinerast, valde fire av prestane å sitje i kyrkjebenkene framfor å gå i prosesjonen saman med prost, biskop og andre prestar. Dei var imot kvinnelege prestar. Ein av dei var sokneprest Atle Hopland. Kvamsdal slutta som prost i 2011.